Ili (russisk Или; kinesisk 伊犁河, Yili He) er ei elv nordvest i Kina og søraust i Kasakhstan.
Ho er 1 439 km lang der 815 km av ho ligg i Kasakhstan. Elva har kjelda si aust i Tian Shan-fjella der elvane Tekes og Kunges renn saman. Ili drenerer nedslagsfeltet mellom Tian Shan og Borohorofjella i nord.
Ho munnar ut i Balkhasjsjøen og dannar her eit omfattande elvedelta med store våtmarksområde med innsjøar, myrer og jungelliknande vegetasjon.
Innhaldsliste
1Ili i Kina
2Ili i Kasakhstan
3Sideelvar
4Historie
5Kjelder
5.1Fotnotar
6Bakgrunnsstoff
Ili i Kina |
Byen Yining (Kulja) ligg på nordsida av elva, om lag 100 km før ho kryssar grensa. På sørsida, enno nærare grensa, ligg det autonome området Qapqal Xibe, der mange av xibe-folket i Kina held til.
Ili i Kasakhstan |
Området som i Kasakhstan som vert drenert av Ili og sideelvane hennar vert på kasakhisk kalla Zjetysu («Sju elvar») eller på russisk Semiretsjije (med same tydinga).
Vasskraftverket Kaptsjagaj vart bygd frå 1965 til 1980 midt i Ili og Kaptsjagajreservoaret vart danna. Tamgaly ligg 20 km nedanfor med helleristingar. Namnet «Tamgaly» tyder «måla» eller «merka stad» på kasakhisk.
Ili
Buddhistiske helleristingar ved Ili
Ili
Sideelvar |
Kasj
Tsjaryn, kjend for Tsjarynravinen.
Historie |
Ili gav namn til Ilitraktaten i 638, som formaliserte ei inndeling av Det tyrkiske kagnatet (552-638) i Det vestlege og Det austlege tyrkiske kagnatet, og grensa mellom dei to gjekk langs Ili.[1]
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Ili River» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2008.
Fotnotar |
↑Zuev Yu.L., The strongest tribe, s. 55-56, Almaty, 2004
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...