Ještěd-Kozákov

Multi tool use

Ještěd-Kozákov i Tsjekkia
Ještěd-Kozákov er ei fjellkjede i Tsjekkia som er ein del av Sudetane. Ryggen er nesten 60 km lang, og ikkje breiare enn 15 km. Ryggen startar ved eit sadelpunkt i nordvest mellom åsane Pískový vrch (547 m) i Lausitzerfjella og Ostrý vrch
(514 m), som høyrer til Ještěd-Kozákov. Desse åsane stig gradvis til over 800 meter, og Ještěd er det høgaste punktet med 1 012 m. Ještěd er òg den einaste toppen over 1 000 meter. Ryggen går søraustover, men er delt i to av dei djupe dalane til elvane Mohelka og Jizera. Den siste åsen over 700 m er Kozákov (744 m).
Fjellkjeda består hovudsakleg av kvartsitt og litt sandstein. Nesten heile Ještědryggen fram til Mohelkadalen er dekt av skog. Dei andre delane består av skog, enger og sletter. Mellom anna finn ein bøkeskogar her, ofte verna i form av naturreservat.
Terrenget passar fint for fjellturar og sykling. Skisport er meir avgrensa på grunn av ustadige snøforhold. Det mest populære område for både utfor og langrenn er sentrert rundt Ještěd.
Kjelder |
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Ještěd-Kozákov Ridge frå Engelsk Wikipedia .
C4M30O1wroXaSXWlLa0LXeX1,V
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...