Rabat
























Rabat

Rabat
Rabat
Styresmakter
Land

Marokko
Geografi
Flatevidd
117 km²
Koordinatar

34°02′″N 6°50′″WKoordinatar: 34°02′″N 6°50′″W
Plassering




Rabat is located in Marokko










Rabat er hovudstaden og den tredje mest folkerike byen i Marokko. Byen ligg på sørsida av utlaupet til elva Bou-Regreg i Atlanterhavet. På nordbreidda av elva ligg Salè, soveby til Rabat. Saman med Temara har byområda kring hovudstaden om lag 1,7 millionar ibuarar.


Rabat er ein administrasjonsby og har få handledistrikt. Bykjernen består av gamlebyen, Oudayaene og Hassan. Rolla som hamneby er svekka, grunna tilslamming.


Byen er sentrum for fransk kultur i Marokko. Rabat har eit universitet frå 1954,eit stort teater i midtbyen, nokre få offentlege kunstgalleri og eit arkeologisk museum.




Innhaldsliste






  • 1 Klima


  • 2 Historie


    • 2.1 Piratrepublikk


    • 2.2 Fransk styre


    • 2.3 Etter 2. verdskrigen




  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelder





Klima |


Rabat har eit middelhavsklima. Sidan byen ligg ved Atlanterhavet har han eit mildt, temperert klima, med kjølige vinterdagar og varme dagar i sommarmånadene. Nettene er alltid kjølige, medan dagtemperaturen vanlegvis stig til 9-10 C°. Gjennomsnittstemperaturen på dagtid i desember-januar er 17, i juli-august 27. Nedbørsmengda er størst i desember med 94 mm, medan det i dei fire månadene juni-september er så å seie nedbørsfri.



Historie |


Eldste kjende busetnaden i området er Chellah, nemnt i det tredje hundreåret før Kristi fødsel. Romarar erobra Chellah i år 40 og danna Sala Colonia. Roma rådde over kolonien til 250, då dei overlet staden til lokale herskarar. Rabat vart grunnlagt som ribaten Ribat al-Fath av almohadane på 1100-talet og var utbygt til eit stort fort. Fortet vart nytta som utgangspunkt for angrep mot dei kristne i Spania.


Almohad-kalifen Yaqub al-Mansur flytta hovudstaden i riket sitt til Rabat. Han fekk bygt bymurar, i muren til festningsverket Kasbah Oudaya er det og ein stor port som vart bygt på sistedelen av 1100-talet. Yaqub sette elles i gang arbeidet på det som hadde vorte verdas største moské, om bygginga hadde vorte fullført. Men bygningsarbeidet stoppa opp då han døydde. Ruinane av moskéen ser ein i gamlebyen, som er framleis er dominert av Kasbah Oudaya og det 44 meter høge Hassantårnet.


På 1200-talet mista Rabat mykje av si økonomisk makt, til fordel for Fez. I 1515 melde ein maurisk oppdagar at einast 100 husvære var bebudd. Rabat voks tidleg på 1600-talet, mykje takk vere morisk-innflyttarar som var utviste frå Spania.



Piratrepublikk |


Rabat og Salé danna i felleskap Bou Regreg-republikken i 1627. Republikken vart styrt av barbar-piratar som nytta dei to byane som base for sjørøveri til havs. Piratane låg ikkje i strid med noko sentralmakt før Alawit-dynastiet samla Marokko i 1666. Alawittane mislukkast med å få kontroll over sjørøvarane. Både europeiske og muslimske makter prøvde i årevis å ta kontroll over piratbyane, men Bou Regreg-republikken bestod heilt til 1818. Også etter republikken kollapsa, nytta piratar hamnebyen Rabat i verksemda si. Etter eit austerriksk skip hadde gått tapt i eit piratåtak i 1829, bomba Austerrike byen.





Fransk styre |


Frankrike invaderte Marokko i 1912 og etablerte eit protektorat. Franskmennene flytta hovudstaden i landet frå Fez til Rabat. Sultan Moulay Youssef fylgde opp det franske vedtaket, og flytta residensen sin til Rabat. Under det franske protektorat voks byen sterkt. Då Marokko oppnådde sjølvstende i 1956, valde den dåverande kongen, Mohammed V, at hovudstaden skulle verte verande i Rabat.



Etter 2. verdskrigen |


I tida etter verdskrigen etablerte USA seg militært i Rabat, det tok i bruk den tidlegare fransk flybasen. Tidleg i 1950-åra hyste flybasen to store avdelingar av USA Air Force (flyvåpen). Etter Marokko vart sjølvstendig i 1956, ynskte regjeringa at USA skulle trekke styrken ut av landet. Kravet om uttrekking vart forsterka etter invasjonen i Libanon 1958, og i desember 1959 lova USA å etterkome kravet. I 1963 var det US-amerikanske nærværet i Marokko over. Marokkos eige flyvåpen har sidan den gong hatt sin hovudflybase i Rabat.



Bakgrunnsstoff |



Kjelder |






  • «Rabat» av redaksjonen i Store norske leksikon, snl.no.


  • Denne artikkelen bygger på «Rabat» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juni 2012.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva