Presten Edvard Munch




















Edvard Munch

Fødd
7. februar 1780
Død

14. juli 1847


Yrke
prest, politikar

Edvard Munch (7. februar 1780–14. juli 1847) var ein norsk prest og stortingsmann.


Munch var fødd i Vågå i Oppland, der faren hans var sokneprest. Han vart student i 1796, og var deretter huslærar hos soknrepresten i Vang i Hedmark. I 1804 vart han cand. theol., og var så huslærar hos dåverande amtmann Severin Løvenskiold til 1809. Dei neste fire åra var han lærar for det norske landkadettkorpset.


År 1813 vart Munch sokneprest i Gjerpen i Telemark. Etter 20 år i Telemark vart han stiftsprost i Kristiania og samstundes sokneprest i Vår Frelsers kyrkjelyd. Han tok avskjed i 1845, med tittelen hoffpredikant.


Munch var 2. representant frå Bratsberg amt på Stortinget i 1827 og på det overordentlege stortinget året etter. På begge tingsamlingane var han medlem av Lagtinget. Såleis var han i 1827 medlem av riksretten, etter ein søknad om fritak hadde vorten avvist. I 1827 var han medlem av kyrkjekomiteen, i 1828 sekretær i redaksjonskomiteen.


I 1834 var Munch medlem av ein kongeleg kommisjon vedkomande fattigstellet, og i 1839 medlem av ein kommisjon om undervisningsvesenet i Noreg. Styreformann for Nasjonalgalleriet 1837-42.


Han døydde i Kristiania. Johan Storm Munch var bror hans.



Kjelder |


  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva