Fenghette






Dei metalliske sylindrane på biletet er fenghetter. Sprengstoffet brukt er blokker med C4


Ei fenghette (òg kalla sprenghette, sprengkapsel, knallhette og knallperle) er ei lita eksplosiv ladning som vert brukt for å detonera større mengder sprengstoff. Fenghetter vert vanlegvis detonert med elektrisitet eller lunte.


Føremålet med å bruka fenghetter er for å unngå å transportera større mengder kjenslevart sprengstoff. Fenghettene er svært kjenslevare, men inneheld små mengder sprengstoff. Detonasjonen av ein fenghette vert då brukt til å detonera til dømes dynamitt, som er mindre kjenslevart. Ein tilsvarande anordning som kan påverkast med fysisk deformering kallast tennhette og brukast i skytevåpen.



Historie |


Den fyrste fenghetta vart demonstrert i 1745, då ein Dr. Watson frå Royal Society of England demonstrerte at ein elektrisk gnist frå ein leydenflaske (primitiv kondensator) kunne antenna svartkrutt.


I 1750 produserte Benjamin Franklin i Philadelphia ein kommersielt tilgjengeleg fenghette. Den bestod av eit røyr av papir fylt med svartkrutt, med ledninger ut begge endane. Dei to ledningene var nær kvarandre inni fenghetta, men rørde ikkje kvarandre. Ei høg elektrisk spenning skapte ein gnist mellom ledningene, noko som kunne antenna fenghetta.


I 1822 vart den første fenghetta med glødetråd laga av Robert Hare. Han brukte ein enkelt tynn ledning gjennom fenghetta som tende ei blanding (truleg av kaliumklorid/arsen/svovel) då den vart varm. Denne blandinga tende igjen ei større ladning pakka svartkrutt.


I 1867 innførde Alfred Nobel den første pyrotekniske fenghetta. Den brukte Hg(ONC)2 for å detonera dynamitt. I 1868 lanserte H. Julius Smith ein fenghette med gnistantenning av Hg(ONC)2, den første elektriske fenghetta som kunne detonera dynamitt.


I 1875 utvikla og lanserte Perry Gardiner og Smith samtidig og uavhengig av kvarandre fenghetter som kombinerte glødetråd og kvikksølvfulminat, Hg(ONC)2. Disse var forgjengaren til moderne fenghetter, som rett nok brukar andre kjemiske sammensettninger, men elles er ganske like Gardiner og Smith sina fenghetter.



Sjå òg |


  • Tennhette


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Fenghette» frå Wikipedia på bokmål, den 26. februar 2017.







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva