Wenche Frogn Sellæg
Wenche Frogn Sellæg | |
Fødd | 12. august 1937 Oslo |
---|---|
Parti | Høgre |
Wenche Frogn Sellæg (fødd 12. august 1937) i Oslo er ein norsk lege og tidlegare politikar for Høgre. Ho var innvald på Stortinget frå Nord-Trøndelag frå 1985 til 1993. Ho var statsråd og sjef for tre departement:
Miljøverndepartementet (miljøvernminister) i Kåre Willoch si regjering i perioden 14. oktober 1981 til 8. juni 1983, då regjeringa blei utvida med statsrådar frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti.
Justis- og politidepartementet (justisminister) også i Kåre Willoch si regjering, i perioden 4. oktober 1985 til regjeringa gjekk av 9. mai 1986.
Sosialdepartementet (sosialminister) i Jan P. Syse si regjering frå 16. oktober 1989 til 3. november 1990.
Wenche Frogn Sellæg var første nestleiar i Høgre i perioden 1988–1990. Ho har hatt ei rekkje andre offentlege og organisatoriske verv.
Innhaldsliste
1 Bakgrunn
2 Politisk karriere
3 Stortingskomitear
4 Fotnotar
5 Bakgrunnsstoff
Bakgrunn |
Sellæg blei fødd i Oslo, men har budd det meste av livet i Overhalla og Namsos i Nord-Trøndelag. Ho tok examen artium i 1957, og blei cand.med. frå Universitetet i Oslo i 1963. Ho har Diploma of Tropical Medicine & Hygiene frå University of London frå 1971. Ho har vore spesialist i indremedisin sidan 1971, har teke etterutdanning i gastroenterologi 1977–1980, og er spesialist i geriatri frå 1991. Ho blei bachelor i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen i 2005, og er Mastergradsstudent i kunsthistorie same stad frå 2007.
Sellæg var turnuskandidat i Molde i 1964, distriktslege i Værøy og Røst i 1965, assistentlege ved Ullevål sykehus 1966–1968, reservelege ved Drammen sykehus 1968–1971, og misjonslege i Bhutan i 1972. Ho var tilsett ved Sykehuset Namsos (tidlegare Namdal sykehus) det meste av tida etter, bortsett fåa eit opphald som assistenlege ved Rikshospitalet 1983–1984: Reservelege 1973–1975, assisterande overlege 1975–1983, overlege ved medisinsk avdeling 1993–1999, avdelingsoverlege ved medisinsk avdeling 1999–2000, og seksjonsoverlege 2000–2002. Ho var i 60 % stilling som konsulent i geriatri 2002–2007. Ho har vore ønskt som styreleiar i Helse Nord-Trøndelag, men har ikkje ønskt dette vervet.[1]
Politisk karriere |
Sellæg var formann i Namsos Høgre 1974–1975, og organisatorisk nestformann i Nord-Trøndelag Høgre 1978–1980. Ho var kommunestyremedlem i Overhalla 1979–1983 og 1991–199]. Ho var medlem i Høgre sitt utval for kyrkje og stat 1980–1981, medlem i Høgre sin programkomité 1987–1989, og formann i Høgre sin valkomité 1992–1994. Ho var medlem i Høgre sitt arbeidsutval 1982–1990, der ho var 1. (politisk) nestleiar 1988–1990.
Sellæg var 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag i Stortingsperioden 1981-1985. Ho var fast representant på i periodane 1985-1989 og 1989-1993.
Stortingskomitear |
- 1986–1987 medlem i Kyrkje- og undervisingskomiteen
- 1987–1989 medlem i Finanskomiteen
- 1990–1993 nestleiar i Justiskomiteen
Fotnotar |
↑ «Frogn Sellæg uaktuell». Trønder-Avisa/webavisen.no.
Bakgrunnsstoff |
Wenche Frogn Sellæg hos Stortinget.no
Norske justisministrar etter 1945 | |
---|---|
Johan Cappelen (1945) · Oscar Chr. Gundersen (1945–52) · Kai Birger Knudsen (1952–54) · Gustav Adolf Sjaastad (1954-55) · Jens Chr. Hauge (1955) · Jens Haugland (1955-63) · Petter Mørch Koren (1963) · Oscar Chr. Gundersen (1963-65) · Elisabeth Schweigaard Selmer (1965-70) · Egil Endresen (1970-71) · Oddvar Berrefjord (1971-72) · Petter Mørch Koren (1972-73) · Inger Louise Valle (1973–79) · Andreas Cappelen (1979–80) · Oddvar Berrefjord (1980–81) · Bjørn Skau (1981) · Mona Røkke (1981–85) · Wenche Frogn Sellæg (1985–86) · Helen Bøsterud (1986–89) · Else Bugge Fougner (1989–90) · Kari Gjesteby (1990–92) · Grete Faremo (1992–96) · Anne Holt (1996–97) · Gerd-Liv Valla (1997) · Aud Inger Aure (1997–99) · Odd Einar Dørum (1999–2000) · Hanne Harlem (2000–01) · Odd Einar Dørum (2001–05) · Knut Storberget (2005–2011) · Grete Faremo (2011-13) · Anders Anundsen (2013-2016) · Per-Willy Amundsen (2016-2018) · Sylvi Listhaug (2018-) |
Norske sosialministrar etter 1945 | |
---|---|
Sven Oftedal (1945–48) · Aaslaug Aasland (1948–53) · Rakel Seweriin (1953–55) · Gudmund Harlem (1955–61) · Olav Bruvik (1961–62) · Aase Bjerkholt (1963) · Olav Gjærevoll (1963) · Kjell Bondevik (1963) · Olav Gjærevoll (1963–65) · Egil Aarvik (1965–71) · Odd Højdahl (1971–72) · Bergfrid Fjose (1972–73) · Sonja Ludvigsen (1973–74) · Tor Halvorsen (1974–76) · Ruth Ryste (1976–79) · Arne Nilsen (1979–81) · Leif Arne Heløe (1981–86) · Tove Strand Gerhardsen (1986–89) · Wenche Frogn Sellæg (1989–90) · Tove Veierød (1990–92) · Grete Knudsen (1992–94) · Hill-Marta Solberg (1994–97) · Magnhild Meltveit Kleppa (1997–2000) · Guri Ingebrigtsen (2000–01) · Ingjerd Schou (2001–04) · Dagfinn Høybråten (2004–05) |
Norske miljøvernministrar | |
---|---|
Olav Gjærevoll (1972) · Trygve Haugeland (1972-73) · Helga Gitmark (1973) · Tor Halvorsen (1973-74) · Gro Harlem Brundtland (1974-79) · Rolf Hansen (1979-81) · Wenche Frogn Sellæg (1981-83) · Rakel Surlien (1983-86) · Sissel Rønbeck (1986-89) · Kristin Hille Valla (1989-90) · Thorbjørn Berntsen (1990-97) · Guro Fjellanger (1997-2000) · Siri Bjerke (2000-01) · Børge Brende (2001-04) · Knut Arild Hareide (2004-05) · Helen Bjørnøy (2005-07) · Erik Solheim (2007-2012) · Bård Vegar Solhjell (2012-2013) · Tine Sundtoft (2013-2015) · Vidar Helgesen (2015-2018) Ola Elvestuen (2018-) |
|