Usedom




























































Usedom

Świnoujście, Świna
Świnoujście, Świna
Geografi

UsedomWolin.png
Stad Mellom Austersjøen og Stettiner Haff
Koordinatar
53°56′N 14°05′EKoordinatar: 53°56′N 14°05′E





Areal 445 km²







Administrasjon
Land Tyskland og Polen
Land
Tyskland
Delstat
Landkreis

Mecklenburg-Vorpommern
Ostvorpommern
Største by
Heringsdorf (3 542 innb.)
Land
Polen
Voivodskap
Pomorze Zachodnie vojvodskap
Største by
Świnoujście (44 585 innb.)
Demografi
Folketal 76 500
Folketettleik 172 /km²

Usedom (polsk Uznam) er ei øy i Austersjøen på grensa mellom Tyskland og Polen. Ho ligg nord for Stettiner Haff, elvemunningen til elva Oder i Pommern. Det meste av øya høyrer til Tyskland og landkreis Ostvorpommern i Mecklenburg-Vorpommern, bortsett frå den austlege delen og byen Świnoujście (tysk Swinemünde) som har vore ein del av Pomorze Zachodnie vojvodskap (Vestpommern) sidan 1945. Øya har eit areal på 445 km², der 373 km² er tysk og 72 km² er polsk. Innbyggjartalet på øya er 76 500, 31 500 i den tyske delen og 45 000 i den polske.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Geografi


  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelde





Historie |


Omkring 400-talet vart øya busett av slavarar. Frå 1000-talet vart området kalla Vorpommern og var ein del av Polen. I 1128 aksepterte hertugen av Pommern, Wartislaw I kristendom frå Otto av Bamberg. I 1155 vart det oppretta eit kloster i Grobe, som i 1309 vart flytta til landsbyen Pudagla. I mellomtida vart det oppretta eit anna kloster i Crummin og snart var nesten heile øya abbeden sin eigedom. Etter reformasjonen kom øya inn under Hertugen av Pommern att. Under trettiårskrigen, den 26. juni 1630, gjekk den svenske hæren med kong Gustav Adolf II i land ved Peenemünde. Usedom vart annektert av Sverige etter krigen og var svensk fram til 1720 då ho vart seld for 2 millionar dalar til den prøyssiske kongen Fredrik Vilhelm I. I 1740 utvikla Fredrik II av Preussen hamnebyen Swinemünde. Den litle landsbyen Peenemünde kom i søkelyset under den andre verdskrigen då Luftwaffe testa missilar og rakettar her, mellom anna V-1 og V-2. Tyskarane nytta seg av tusenvis av slavearbeidarar som var krigsfangar i konsentrasjonsleiren på Usedom under krigen.


I 1945 vart den austlege delen av øya i lag med byen og hamna Świnoujście overlatt til Polen etter Potsdamkonferensen. Området var så folkesett med polakkar som vart kasta ut av områda vest for elva Vestre Bug av Sovjetunionen.



Geografi |


Øya er skild frå naboøya Wolin av Świna-sundet (eller elva) (tysk Swine), som er hovudleia mellom Stettiner Haff og Pommernbukta, ein del av Austersjøen. Sundet mellom øya og fastlandet vert kalla Peenestrom og er ei forlenging av elva Peene, som munnar ut i den vestlege delen av Stettiner haff.


Den største byen på øya er Świnoujście (Swinemünde), som har fleire innbyggjarar enn resten av øya. Ein annan by, som har gjeve namn til øya, heiter Usedom. Den største byen i den tyske delen heiter Heringsdorf (tidlegare Dreikaiserbäder). Det er mange turiststader på nordkysten, inkludert Ahlbeck, Heringsdorf og Bansin, i tillegg til Świnoujście og Zinnowitz.



Bakgrunnsstoff |



Kjelde |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Usedom frå Engelsk Wikipedia .





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva