Terråk
Terråk | |
tettstad | |
Land | Noreg |
---|---|
Fylke | Nordland |
Kommune | Bindal |
Areal | 0,61 km² |
Folketal | 529 (2017) |
Folketettleik | 867 / km² |
Postnummer | 7980 TERRÅK |
Terråk er ein tettstad, og kommunesentret i Bindal kommune i Nordland fylke. Tettstaden har 529 innbyggjarar per 1. januar 2017. Kommunens hjørnesteinsbedrift, trevarefabrikken Bindalsbruket A/S, ligg i Terråk.
Terråk var opphavleg ein nokså stor gard med fleire husmannsplassar og eiga seter. Det var her Nord-Noregs fyrste postkontor vart oppretta i 1804 under namnet Nordlands Postkontor. Peder Knoph vart tilsett som postkontorets første postmester. Då Bindalsbruket vart flytta til Terråk sist på 1880-talet, byrja folk å busette seg på plassen. Terråk har i dag mellom anna bensinstasjon, matbutikk (Coop), Post i butikk, frisør, treningsstudio, byggevarebutikk og gjestegard. "Bruket" som Bindalsbruket vert kalla på folkemunne, er nest etter Bindal kommune den største arbedsgivaren. Tettstaden har òg ein barne- og ungdomsskule kalla Terråk skole.
Lag og foreiningar: |
- Terråk Idrettslag (T.I.L.)
- Terråk jeger og fiskeforening (TJFF)
Anna |
Sidan 1978 har det vore arrangert regatta for nordlandsbåtar (færing), både roing og segling kvart år. Det lokale idrettslaget (T.I.L.) er arrangørar for regattaen.
|