Lillian Board




















Lillian Board

Lillian Board.jpg

Fødd
13. desember 1948
Durban
Død

26. desember 1970
München


Yrke
mellomdistanseløper

Lillian Barbara Board (13. desember 1948–26. desember 1970) var ein britisk friidrettsutøvar som tevla på 400 m og 800 m, fødd i Durban i Sør-Afrika. Ho vann to gullmedaljar i EM i friidrett 1969, og ein sølvmedalje på 400 meter under OL 1968.



Aktiv |


Board tok sølvmedaljen på 400 meter under dei olympiske sommarleikane i Mexico-byen hausten 1968, bakom gullmedaljøren Colette Besson frå Frankrike. Ho sette då britisk rekord med tida 52,12 sekundar.


I europameisterskapen 1969 i Aten tok ho gull på 800 meter og på 4×400 m stafett med Storbritannia. På den lange stafetten sprang ho siste etappen mot nettopp Frankrikes Colette Besson og slo henne på mållinja. Begge landa fekk notert den nye verdsrekordtida 3.30,8.


Etter å ha delteke på ein 800 m under eit stemne i London i juni 1970 slutta ho å trene, grunna store magesmertar. Om hausten vart det konstatert at ho hadde magekreft, og ho døydde på universitetsklinikken i München jula 1970.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Lillian Board» frå Wikipedia på tysk, den 26. august 2014.







Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?