Europacupen i fotball
Europacupen i fotball for serievinnarar (fransk:Coupe des clubs champions européens) var ei årleg fotballturnering der serievinnarane i dei nasjonale toppseriane i Europa fekk delta. Europacupen, i Noreg ofte kalla Serievinnarcupen, vart arrangert i tida frå 1955 til 1992. Dei enkelte turneringane tok til om hausten det eine året og avslutta med finale i mai året etter.
Turneringa kom i gang på initiativ frå den franske sportsavisa L’Équipe, som i møte med det nyskipa Europas Fotballforbund (UEFA) 2.-3. april 1955 sette vilkåra for turneringa, som i alle år var ei utslagsturning med cupkampar. Lag frå 16 landsseriar deltok i den fyrste turneringa, som vart vunne av spanske Real Madrid. 32 lag deltok i den siste turneringa. Norske lag deltok ikkje i dei fyrste fem turneringane, men alltid sidan. Den fyrste europacupkampen fann stad 4. september 1955 i Lisboa, den siste 20. mai 1992 i London; finalen mellom FC Barcelona og Sampdoria. Europacupen vart, etter påtrykk frå dei mektigaste fotballklubbane i Europa, erstatta med Meisterligaen.
Vinnarar |
| År | Vinnar | Resultat | Finalemotstandar | Spelestad |
|---|---|---|---|---|
| 1956 | 4-3 | |||
| 1957 | 2-0 | |||
| 1958 | 3-2 eeo | |||
| 1959 | 2-0 | |||
| 1960 | 7-3 | |||
| 1961 | 3-2 | |||
| 1962 | 5-3 | |||
| 1963 | 2-1 | |||
| 1964 | 3-1 | |||
| 1965 | 1-0 | |||
1966 | 2-1 | Mal:JUG Partizan Beograd | ||
1967 | 2-1 | |||
1968 | 4-1 eeo | |||
1969 | 4-1 | |||
1970 | 2-1 eeo | |||
1971 | 2-0 | |||
1972 | 2-0 | |||
1973 | 1-0 | Mal:JUG Raude Stjerne stadion, Beograd | ||
1974 | 1-1 eeo 4-0 | |||
1975 | 2-0 | |||
1976 | 1-0 | |||
1977 | 3-1 | |||
1978 | 1-0 | |||
1979 | 1-0 | |||
1980 | 1-0 | |||
1981 | 1-0 | |||
1982 | 1-0 | |||
1983 | 1-0 | |||
1984 | 1-1 eeo (4-2) | |||
1985 | 1-0 | |||
1986 | Mal:ROU1989 FC Steaua București | 0-0 eeo (2-0) | ||
1987 | 2-1 | |||
1988 | 0-0 eeo (6-5) | |||
1989 | 4-0 | Mal:ROU1989 FC Steaua București | ||
1990 | 4-0 | |||
1991 | Mal:JUG Raude Stjerne Beograd | 0-0 eeo (5-3) | ||
1992 | 1-0 eeo |
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Liste der UEFA-Champions-League-Endspiele» frå Wikipedia på tysk, den 30. mai 2016.