Hidra kommune




For kommunen i Sør-Trøndelag med liknande namn, sjå Hitra kommune




Kirkehamn på Hidra




Hidra sett frå Lista


Hidra kommune (Hitterø herred) var ein kommune i Vest-Agder fylke, oppretta i 1893 og avvikla i 1964.[1][2] Området er no sørvestre delen av Flekkefjord kommune.


I tillegg til sjølve Hidra femnde kommunen 55 mindre øyer og fastlandet innom nord- og vestover til Sira-dalen og austover til Stolsfjorden.[3] Samla flatevidd var 89,64 km², med 66,81 km² på fastlandet.[3] Kommunen grensa til Sokndal, Lund, Nes og Vanse kommunar.[4] Av tettbygde stader i kommunen var Kirkehamn og Rasvåg på Hidra og Åna-Sira (austre luten, den vestre ligg i Sokndal kommune i Rogaland) og Abelnes på fastlandet.


Kommunen hadde same utstrekkinga som Hidra sokn i Den norske kyrkja hadde då.[4] Det meste av området på fastlandet er sidan overført til Flekkefjord sokn.[5]



Kommunesoge |


Kommunen vart oppretta 8. oktober 1893 ved at Nes og Hidra kommune vart delt i to, og Nes og Hidra vart eigne kommunar.[1] Ved skipinga budde det 2075 personar i Hidra kommune.[1] 1. januar 1965 vart Hidra, Nes, Flekkefjord by, Gyland og Bakke (minus Øksendal) slått saman til ein kommune som fekk namnet Flekkefjord kommune.[1][2] Ved samanslåinga budde det 1277 personar i Hidra.[1]



Referansar |




  1. 1,01,11,21,31,4 Dag Juvkam. ««Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» s. 38» (PDF). Statistisk sentralbyrå, 1999. 


  2. 2,02,1 ««FOR 1964-04-17 nr 08: Forskrift om sammenslåing av Flekkefjord, Nes, Gyland, Bakke og Hidra kommuner, Vest-Agder.»». lovdata.no. Henta 16. oktober 2013. 


  3. 3,03,1 Kristian Gleditch (1954). «Hidra». I Arnulv Sudman. Norsk allkunnebok. VI. Oslo: Fonna forlag. s. 151-152. 


  4. 4,04,1 «Hitterø herred». Norges land og folk : topografisk-statistisk beskrevet : topografisk-statistisk beskrivelse over. 10 2 : Lister og Mandals amt Byerne og herrederne. Kristiania: Aschehoug. 1903. s. 579-592.  Ekstern lenkje i |artikkel= (hjelp)


  5. «Geistleg inndelingskart (1979)». Statens kartverk (Nettsida til Digitalarkivet/Universitetet i Bergen). 



Bakgrunnsstoff |




  • Hidra kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1888-1906) - Skanna møteprotokoll


  • Hidra kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1906-1921) - Skanna møteprotokoll

  • SSB: Folketellingen 1. november 1960 : tellingsresultater : tilbakegående tall : prognoser : : 1042 Hidra


  • Oluf Rygh (1912). «Hitterø herred». Norske Gaardnavne : Oplysninger samlede til Brug ved Matrikelens Revision. 9 : Lister og Mandal Amt. Kristiania: Fabritius. s. 303.  Ekstern lenkje i |artikkel= (hjelp)


  • «Hitterø herred». Norges land og folk : topografisk-statistisk beskrevet : topografisk-statistisk beskrivelse over. 10 2 : Lister og Mandals amt Byerne og herrederne. Kristiania: Aschehoug. 1903. s. 579-592.  Ekstern lenkje i |artikkel= (hjelp)























Compass rose pale.svg

Lund

Nes

Nes

Compass rose pale.svg

Sokndal

N

Nes

V Hidra kommune A

S

Nordsjøen

Nordsjøen

Vanse

Koordinatar: 58°13′57″N 6°32′7″E







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva