14. januar
14. januar er den 14. dagen i den gregorianske kalenderen. Det er 351 dagar att av året (352 under skotår).
Innhaldsliste
1 Merkedag
1.1 Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
1.2 Religiøs helgedag
1.3 Namnedag
2 Hendingar
2.1 Utlandet
2.2 Noreg
3 Fødde
4 Døde
Merkedag |
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar |
Religiøs helgedag |
Bevegelege heilagdagar som fell på 14. januar i 2019:
- festa do Bomfim
Namnedag |
Noreg | Herbjørn og Herbjørg |
Sverige | Felix og Felicia |
Danmark | Felix |
Hendingar |
Utlandet |
1814: Kielfreden mellom Danmark-Noreg og Sverige vart inngått, avtalen innebar at Noreg vart gitt frå Danmark til Sverige.
1972: Margrethe II vart dronning av Danmark.
2004: Óscar Berger vart president i Guatemala.
2005: Romsonden Huygens landa på saturnmånen Titan.
Noreg |
1837: Formannskapslovene vart vedtekne og delte Noreg inn i 373 formannskapsdistrikt.
1896: Fredrikstad Skiklubb vart skipa.
1939: Noreg erklærte Dronning Maud Land som norsk land.
1981: Konflikten rundt Altasaka toppa seg då den største samlinga av norske politistyrkar etter krigen vart sett inn for å rydde anleggsområdet i Stilla for aksjonistar.
2007: Ekstremvêret Per råka Sør-Skandinavia.
Fødde |
- Sjå òg Fødde den 14. januar.
1683: Gottfried Silbermann, tysk orgelbyggjar.
1818: Ole Jacob Broch, norsk matematikar, fysikar, sosialøkonom og politikar.
1875: Albert Schweitzer, tysk teolog, musikar, filosof og lækjar.
1945: Liv Køltzow, norsk forfattar.
1951: Tove Karoline Knutsen, norsk kunstnar og politikar.
1952: Călin Popescu-Tăriceanu, Rumensk politikar og statsminister.
1959: Øyvind Berg, norsk lyrikar, dramatikar, skodespelar og omsetjar.
1969: Dave Grohl, amerikansk musikar.
1969: Helge Solum Larsen, norsk politikar.
1971: Lasse Kjus, norsk alpinist.
1973: Giancarlo Fisichella, italiensk motorsportsutøvar.
Døde |
- Sjå òg Døde den 14. januar.
1742: Edmond Halley, engelsk astronom, geofysikar, matematikar, meteorolog, klimatolog og fysikar.
1753: George Berkeley, angloirsk filosof.
1766: Fredrik V av Danmark-Noreg.
1821: Jens Zetlitz, norsk diktar.
1867: Jean Auguste Dominique Ingres, fransk målar.
1889: Ole Jacob Broch, norsk matematikar, fysikar, sosialøkonom og politikar.
1916: Rasmus Meyer, norsk forretningsmann og mesen.
1924: Arne Garborg, norsk forfattar.
1972: Fredrik IX av Danmark.
1994: Agnar Mykle, norsk forfattar.
< Januar > | |
---|---|
< 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 · 31 > |