Dei er best kjende som kvinnenamn av norrønt opphav, kortformer av namn som byrjar på Ås- eller ei sideform av Åsa. Desse namna høyrer til den dansk-norske tradisjonen medan Åsa er meir brukt i svensk. Åse har namnedag 2. mai.
Etternamnet er ei dativform av ås.
Innhaldsliste
1Bruk
1.1Namnet i kulturen
1.2Kjende namneberarar
2Bakgrunnsstoff
2.1Kjelder
Bruk |
Namna var blant dei ti mest brukte namna frå 1920-talet, og blei fram til 1940 gjeve til 1 % av alle jentebarn.
Det er nær 11 900 nordmenn som heiter Åse og 5 500 som heiter Aase.
Som etternamn er Aase det mest brukte av dei to skrivemåtane, med rundt 2 400 namneberarar (SSB 2005).
Namnet i kulturen |
Mor Aase, mor til Peer Gynt, er truleg den mest kjende namneberaren i norsk kultur. Åse Gåsepike er namnet på ei heltinne i eit norsk folkeeventyr.
Kjende namneberarar |
Aase Hansen (1893-1981), dansk forfattar
Aase Bye (1904-1991), norsk skodespelar
Åse Gruda Skard (1905-1985), norsk barnepsykolog og kvinnesaksforkjempar
Aase Foss Abrahamsen (f. 1930), norsk forfattar
Åse-Marie Nesse (1934-2001), norsk forfattar
Aase Olesen (f. 1934), dansk politikar og minister
Åse Thoresen (1935-1987), norsk songar
Aase D. Madsen (f. 1936), dansk politikar
Åse Gunhild Woie Duesund (f. 1944), norsk politikar
Åse Wisløff Nilssen (f. 1945), norsk stortingspolitikar
Åse Klundelien (f. 1946), norsk stortingspolitikar
Åse Kleveland (f. 1949), norsk-svensk artist og politikar
Åse Lill Kimestad (f. 1955), norsk lokalpolitikar
Åse Schmidt (f. 1960), norsk stortingspolitikar
Bakgrunnsstoff |
Søk etter norsk namnestatistikk for Åse hjå Statistisk Sentralbyrå
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...