Georg Ossian Sars
| Georg Ossian Sars | |
| | |
| Fødd | 20. april 1837 Florø, Kinn |
|---|---|
| Død | 9. april 1927 Oslo |
| Nasjonalitet | Noreg |
| Område | marinbiologi, zoologi |
| Yrke | marinbiolog, freshwater biologist, universitetslærar, zoolog, karcinolog |
| Institusjonar | Universitetet i Oslo |
| Alma mater | Universitetet i Oslo |
| Medlem | Vitskapsakademiet i St. Petersburg Det sovjetiske vitskapsakademiet Kungliga Vetenskapsakademien Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Royal Society of Edinburgh Kungliga Fysiografiska Sällskapet i Lund Det russiske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet |
Georg Ossian Sars, ofte omtala som G.O. Sars (20. april 1837–7. april 1927), var ein norsk marinbiolog. Han vart fødd i Florø, og foreldra hans var ikkje heilt ukjende Michael Sars (1805 - 1869) og Maren Cathrine Welhaven Sars (1802-1889). Bror hans var historikaren Ernst Sars.
Som far sin var G. O. Sars ein systematisk biolog som beskreiv ei røys med nye artar, særleg innanfor krepsdyr som muslingkreps (Ostracoda), mysidar og kril.
Då Michael Sars døydde i 1869 overtok sonen arbeidet hans med å studera variasjonar i norsk torskefangst. På denne tida var torsk den viktigaste norske eksportartikkelen, og kunnskap om bestandane var avgjerande for å kunne ha oversikt over økonomien. Georg Sars fekk såleis æra av å reknast som den første som gjorde eit seriøst studium i fiskerivitskap.
G.O. Sars var tilhengjar av evolusjonsteorien til Charles Darwin, og var den fyrste nordmannen som føreleste om han. Det skjedde ved Universitetet i Oslo.
Forskingsskipet «FF G.O.Sars» til Universitetet i Bergen er oppkalla etter han. Eit nytt skip med same namn erstatta i 2003 det tretti år gamle «G.O.Sars».
|