Kjosfossen haldeplass




For haldeplassen som fram til 1977 heitte Kjosfoss haldeplass, sjå Reinunga haldeplass.


































Kjosfossen haldeplass

Kjosfossen haldeplass.jpg
Kjosfossen haldeplass ligg over nedre delen av Kjosfossen, midt mellom to tunnelar.
Foto: ashfay

Stasjonsområde
Stad Kjosfossen
Koordinatar

60°44′50″N 7°8′8″EKoordinatar: 60°44′50″N 7°8′8″E
Distanse 339,75 km. frå Oslo
Høgd 670,0 moh.
Opna 1951
Linjer og rutedrift
Linje(r) Flåmsbana
Overgang
Plassering




Kjosfossen haldeplass is located in Sogn og Fjordane










Kjosfossen haldeplass ligg over Kjosfossen øvst i Flåmsdalen i Aurland kommune, og er ein haldeplass på Flåmsbana.
Haldeplassen vart opna i 1951 for å gje turistar som reiste med bana høve til å gå ut av toget når dei skulle sjå på fossefallet.
Flåmsbana er einaste tilkomst til staden og haldeplassen ligg midt mellom to tunnelar.
Knapt tre vogner av toget får plass på strekka ute mellom tunnelane, og det er laga til plattformer innover langs sporet i tunnelane slik at dei reisande kan kome seg ut på utsiktsplattforma frå dei andre vognene.
I høgsesongen køyrer togsetta på banen med seks vogner og eit El 17 lokomotiv i kvar ende.
Det er ikkje noko stasjonsbygning på haldeplassen, berre ei inngjerd utsiktsplattform.
Toga stoppar ikkje på haldeplassen om vinteren.[1]


Plattforma vart fornya og utvida i 2000.[2]
På nedsida av haldeplassen ligg Kjosfossen kraftstasjon som er ein del av Kjosfoss kraftverk, og fram til 1977 hadde haldeplassen namnet Kjosfossen kraftstasjon.[3] Samstundes bytte også grannehaldeplassen namn frå Kjosfoss haldeplass til Reinunga haldeplass.[4]




Skilt ved plattforma.
Foto: Percita Dittmar






Kjosfossen og plattforma.
Foto: Jun Kwang Han





Fossen tilfrosen i mars.
Foto: ashfay



Kjosfossen haldeplass ligg 670 moh, 4,40 kilometer frå Myrdal stasjon og 15,80 kilometer frå Flåm stasjon.[5]
For reisande frå Myrdal er Reinunga førre haldeplass, og Blomheller neste.
Køyrelengda mellom Kjosfossen og Reinunga er 2,20 kilometer, medan det mellom Kjosfossen og Blomheller er 4,00 kilometer.
Høgdeforskjelen mellom Reinunga og Kjosfossen haldeplassar er 97 meter, og sjølv om avstaden i luftline ikkje er meir enn vel 400 meter er banen lagt i ei 2,2 kilometer langt strekke for å klare den store høgdeforskjelen i fossegjelet.


Utkikkspunktet, som er ein av dei største turistatraksjonane i Noreg,[6] ligg på ein stad som var det ikkje for Flåmsbana ville ha vore vanskeleg å nå for folk flest.
Fossegjelet er vanskeleg tilgjengeleg på anna vis enn med bana.




Innhaldsliste






  • 1 Kraftverka i Kjosfossen


  • 2 Huldra i fossen


  • 3 Fotnotar


  • 4 Bakgrunnsstoff





Kraftverka i Kjosfossen |




Kjosfossen kraftstasjon ligg på nedsida av haldeplassen og er eit langt mindre populært fotoobjekt enn Kjosfossen sjølv.
Foto: ashfay



Eit stykke på oppsida av plattforma står ein taklaus steinbygning. Bygningen vart oppført i samband med det fyrste kraftutbygginga i fossen heilt på slutten av 1800-talet. NSB kjøpte fallretten i Kjosfossen i 1895 og bygde kraftverket i 1898 for å gje straum til anlegga som var ved Gravhalstunnelen i samband med bygginga av Bergensbanen. Kraftstasjonen gav også straum til Vatnahalsen Høyfjellshotell.[7]


På nedsida av haldeplassen ligg Kjosfoss kraftstasjon som vart bygd i samband med Flåmsbana og opna i 1944. Kraftverket gjev straum til Flåmsbana og det var då det opna at banen vart elektrifisert. Dei fyrste åra med drift hadde ein nytta damplokomotiv, fordi kraftverket ikkje var ferdig.



Huldra i fossen |


I perioden med travlast turisttrafikk vert det vist fram eit stutt huldrespel med musikk og dans når toga stoppar på haldeplassen.
Fyrste året dei hadde denne framsyinga var i 1998. Flåm Utvikling, som driv Flåmsbana, hadde då leigd inn firmaet Hybris AS som også hadde kome med ideen til forestillinga. Hybris AS var innleigde til å setje opp framsyninga i åra 1998–2001, men frå 2002 til 2005 stod Flåm Utvikling sjølv bak framsyinga. Hybris AS saksøkte i 2003 Flåm Utvikling for brot mot opphavsrettsvernet dei meinte å ha på framsyinga og vann fram i tingretten og lagmanssretten, men dei tapte saka då ho kom opp for Høgsterett i 2007,[8] og Flåm Utvliking har fortsett huldrespelet ved Kjosfossen dei siste åra.



Fotnotar |





  1. ««Kjosfossen» på nettstaden til Jernbaneverket».  Vitja 21. november 2009


  2. ««Historisk oversikt for Flåmsbana» på nettstaden til Flåmsbanamuseet».  Parameteren |Kommentar= er ikkje støtta av malen. Meinte du |kommentar=?) (hjelp)


  3. ««Kjosfossen» i Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb».  Vitja 21. november 2009


  4. ««Reinunga» i Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb».  Parameteren |kommnentar= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  5. ««Stasjoner/Holdeplasser» på nettstaden til Flåmsbanemuseet».  Vitja 21. november 2009


  6. «dagsavisen.no: «Norges mest besøkte turistattraksjoner»». 


  7. ««Den første kraftstasjonen» på nettstaden til NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon».  Vitja 21. november


  8. ««"Huldra i Kjosfossen" - om åndsverkslovens krav til verkshøyde» på nettstaden til Noregs Høgsterett».  Vitja 21. november 2009




Bakgrunnsstoff |



  • Om Kjosfossen haldeplass på nettstaden til Jernbaneverket

  • Om Kjosfossen haldeplass i Stasjonsdatabasens til Norsk Jernbaneklubb

  • Bilete av fossen og haldeplassen teke frå helikopter

  • Bilete av haldeplassen frå helikopter




























































Teiknforklaring

BSicon KBHFa.svg
0,00 km

Flåm 2 moh

BSicon HST.svg
1,60 km

Lunden 16 moh

BSicon HST.svg
2,99 km

Håreina 48 moh

BSicon HST.svg
6,30 km

Dalsbotn 200 moh

BSicon BHF.svg
9,69 km

Berekvam 343 moh

BSicon HST.svg
11,80 km

Blomheller 458 moh

BSicon HST.svg
15,80 km

Kjosfossen 670 moh

BSicon HST.svg
18,00 km

Reinunga 767 moh

BSicon HST.svg
19,07 km

Vatnahalsen 811 moh

BSicon BHF.svg
20,20 km

Myrdal 866 moh

BSicon LSTR.svg


Bergensbanen



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva