Flyktning

Multi tool use

Flyktningar under Bosniakrigen i 1993.
Foto: Mikhail Evstafiev
Ein flyktning er ein person som er på flukt.
I Flyktningkonvensjonen av 1951 frå dei sameinte nasjonane er flyktningar definerte som nokon som har velgrunna frykt for forfølging med årsak i rase, religion, nasjonalitet, politisk oppfatting eller høyre til til ei bestemt sosial gruppe. Ein person som ikkje har kryssa ei internasjonal grense blir kalla ein internflyktning, og blir ikkje alltid teken med i flykktningeomgrepet.
Andre dokument gjev andre og tydelegare definisjonar, som OAU-konvensjonen av 1969 og Cartagena-erklæringa av 1984. Særleg er det tatt med at frykt for valdsbruk i krigssituasjonar gjev flyktningestatus. Det er òg venta at den nye norske utlendingsloven vil gje ein noko anna definisjon.
Bakgrunnsstoff |
- Lov om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven frå 1991)
- UNHCR - Dei sameinte nasjonanes høgkommisjonær for flyktningar
- African Commission on Human & Peoples' Rights - Om flyktningar


|
9W8kae4hggIMtbqsy,zTcCeFdTvfrEU7TjlqsT4CbEJWBjvIBAu1eGwxtl,Gqla7g5jUEgUZ oNvQl2F6qMzoTR3cpE0ucTLTSa