Kjosfoss kraftverk

Multi tool use

Kjosfoss kraftstasjon ved Kjosfossen haldeplass.
Foto: ashfay
Kjosfoss kraftverk er eit vasskraftverk i Flåmsdalen i Aurland kommune i Sogn og Fjordane.
Kraftverket utnyttar vantnet i Flåmselvi. Det er også eit anna mindre kraftverk lenger nede i elva, men elva er elles varig verna mot kraftutbygging.
Reinungavatnet er regulert mellom 765 og 763 moh og Seltuftvatnet mellom 812 og 808 moh .
Installert effekt er 3,5 MW med ein midlare årsproduksjon på 24 GWh.
Anlegget er eigd og vert drive av Bane Energi AS og det meste av straumen vert brukt til drift av jarnbane.
Staten kjøpte fallrettane i Kjosfossen i 1894 for å skaffe straum til anlegga ved Gravhalstunnelen på Bergensbanen.[1]
Kraftstasjonen vart opna i 1898.
Murane etter kraftstasjonen er framleis synlege frå utkikksplattforma ved Kjosfossen haldeplass på Flåmsbana.
Då Flåmsbana vart bygd vart kraftverket opprusta og det vart bygd ny kraftstasjon litt nedom den gamle.
Den nye kraftstasjonen vart starta opp 27. oktober 1944 og knapt ein månad seinare gjekk den fyrste turen med elektrisk motorvogn på bana.[2]
Ved reguleringa i 1944 vart ein grusrygg ved Seltuftvatnet vaska ut, og det kom etter kvart for dagen brende steinar, trekol og slagg. Dette var spor etter jernvinne frå attende til eldre jarnalder.[3]
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Kjosfoss kraftverk» frå Wikipedia på bokmål, den 23. november 2009. Der vart denne kjelda gjeven:
- NVE
Fotnotar |
↑ ««Den første kraftstasjonen» på nettstaden til NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon». Vitja 23. november 2009
↑ ««Flåmsbana – et bevis på enestående ingeniørkunst» på nettstaden til Flåmsbanemuseet». Vitja 23. november 2009
↑ «Trude Knutzen: «Fossane i Flåm og Aurlandsfjorden»». Vitja 23. november 2009
jXzUC21PRSaSh,AMh1E9b1
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...