Sterke substantiv




Sterke substantiv er i moderne norsk for ein stor del einstavingsord som endar på ein konsonant eller ein trykksterk vokal, som ein stein.


I germanske språk hadde dei sterke substantiva ein ordstamme som enda på ein vokal: staina- . Alt i norrønt språk var denne endingsvokalen fallen bort.
I moderne norsk språk har dei sterke substantiva ikkje slik endingsvokal i ubunde eintal, slik at dei oftast endar på ein konsonant, som ein stein, eller på ein trykksterk vokal, som ei tru.


Einstavingsord får i hankjønn og hokjønn oftast eit tonelaggsskifte frå bunden form eintal til fleirtal, frå tonelag 1 til tonelag 2:



  • ein stein – steinen – steinar – steinane

  • ei bru – brua – bruer – bruene


I klassisk nynorsk hadde sterke hokjønnsord forma brui i bunden form eintal. Denne var fram til 2012 ei sideform i rettskrivinga, med støtte i dialektformer som brui, brue eller bruæ.


Inkjekjønnsord får ikkje tonelagsskifte frå eintal til fleirtal:


  • eit hus – huset – hus – husa


Kjelder: |



  • Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk Det Norske Samlaget 1986 ISBN 82-521-2801-7


Sjå òg: |


  • Svake substantiv



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva