Pax Forlag

Multi tool use
Pax Forlag AS er eit norsk forlag som vart skipa i 1964 i Oslo. Forlaget sprang ut av krinsen rundt det pasifistiske tidsskriftet Pax, som sidan 1962 hadde vore utgjeve av Folkereising Mot Krig. Leiinga av forlaget har mykje av tida det har eksistert vore gjort kollektivt av dei tilsette og forlaget si målsetjing var frå starten pasifistisk. Pax Forlag har aldri vore bunde til noko særskild politisk parti eller organisasjon, men frå slutten av 60-talet var det eit sosialistisk forlag, og på 70-talet gav det ut mykje marxistisk og feministisk litteratur.
Ein viktig del av utgjevingspolitikken hjå Pax har alltid vore kritisk, radikal samfunnsvitskap. Forlaget har også formidla mange internasjonale venstreradikale forfattarskap på norsk, til dømes Simone de Beauvoir, David Horowitz, Che Guevara, Erich Fromm, Hannah Arendt, Jean-Paul Sartre og Doris Lessing. Av norske forfattarar må ein nemna Jens Bjørneboe.
Det største enkeltprosjektet til forlaget er PaxLeksikon, som kom i 6 band i åra 1976–82 og no er tilgjengeleg på internett. Det danske alternative digitale Leksikon for det 21. århundrede byggjer på PaxLeksikon.
Pax Forlag er i dag eigd av Forlagsfinans, som er kontrollert av Bjørn Smith-Simonsen. Pax eig 3% av aksjane i De norske Bokklubbene og er ein av dei største aksjonærane i Humanist Forlag. Pax har dessutan fleire tilknytte imprintar, som barnebokforlaget Omnipax, fagbokforlaget Unipax, forlaget Bonytt med fleire
Bakgrunnsstoff |
- Nettsidene til Pax Forlag
PaxLeksikon hjå NorgesLexi.
t,2ewn 5hop8Y2Fb8 w9J,Smo6Rq0uY,XpR 2g
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...