Måndalen
Måndalen er ei bygd i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Bygda har om lag 900 innbyggjarar og er sentret på sørsida av Romsdalsfjorden i kommunen.
Bygda omfattar Voll, Samset, Bruaset, Skare, Venås, Bø, Moen, Roknem, Skeie, Sæbø, Oterholm, Søvika og Hovde. Sentrum i bygda ligg på Voll.
Elva Måna renn gjennom bygda og ut i Vollabukta ved Måna camping. Den viktigaste sideelva er Vemora. Det går laks både i Måna og til tider i nedste del av Vemora.
Nede ved fjorden ligg Voll kyrkje, ei trekyrkje frå 1896.
Innhaldsliste
1 Næringsliv
2 Idrett
3 Forsamlingslokale
4 Historie
5 Kjente måndalingar
6 Referansar
7 Bakgrunnsstoff
Næringsliv |
I tillegg til tradisjonelt jordbruk har bygda lang tradisjon med konfeksjons- og trevareindustri. Mest kjent er Wenaas og Måndalen trevare.
Bygda har fleire bygg- og anleggsfirma, i tillegg til transportfirma. Investeringsselskapet Wenaas-gruppen har sitt hovudkontor på Voll. Det er eit av Noregs største innanfor hotelleigedom.
Tidlegare hadde bygda ein sportsfiskereidskapsindustri. Dei mest kjente produkta var Møre-Silda, Søvik-svivel og Oterlinen Record.
Måndalen har eigen brannstasjon[1] underlagt Rauma Brannvesen.[2][3]
Tørla vassverk er det lokale vassverket. Drikkevatnet kjem frå Svartevatnet og inntaket er i elva Tørla. Det blir distribuert i nesten heile bygda inklusive Hovde og Søvika.
Bygda har Måndalen skule[4] med trinna 1 - 10 og barnehage, Voll omsorgssenter med 22 plassar[5], eit bakeri og ein frisørsalong, daglegvarebutikk med post, småbåthamn, kai med stupetårn, kafe, campingplass, badeplass og bensinstasjon.
Idrett |
Måndalen idrettslag har ei aktiv fotballgruppe. Laget spelte i 3. divisjon i sesongane 2007-2009.
Laget bygde i 2009 Måndalshallen som er ein idrettshall med kunstgras. I 2011 vart idrettsbanen oppgradert med fast dekke. Banen har 8 løpebanar og kan arrangere nasjonale friidrettsstemne.
For den som er tur/fjell-interesserte, sel turgruppa i Måndalen idrettslag turorienteringskart på den lokale butikken (mai-oktober). Den viser kartreferansar til aktuelle fjellvatn, fjelltoppar og setrer. Stigar er merkte på kartet.
Forsamlingslokale |
- Måndalen ungdomshus - Råkjè
- Måndalen bedehus
- Idrettshuset (tidlegare Go`bit`n kafe)
Historie |
Ved røystingane i 1905 stemte alle for oppløysing av unionen med Sverige og 171 for at prins Carl skulle bli Noregs konge og 60 imot.[6]
Kjente måndalingar |
Bygda har fostra nasjonalt kjente personar:
- Oddgeir Bruaset
- Professor Ingvald Raknem
- Misjonær Knut Samset
- Lars Wenaas
Referansar |
↑ http://www.brannstasjoner.com/gallery_310.html Måndalen brannstasjon
↑ https://www.rauma.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=484&AId=66 Rauma kommune
↑ http://www.risen.no/index.php?option=com_content&view=article&id=21&Itemid=28 Rauma brannvesen
↑ http://rauma.pedit.no/web/PageND.aspx?id=133634 Måndalen barne- og ungdomsskule
↑ Nettstaden til Rauma kommune
↑ http://www.ikamr.no/1905/eid/eid.html
Bakgrunnsstoff |
- Nettstaden til Måndalen vel
- Måndalen på romsdal.com
- Voll sansehage