Bakteriane er ei stor gruppe levande organismar. Dei er mikroskopisk små og eincella, med ein relativt enkel cellestruktur. Bakteriane manglar kjernemembran og organellar og blir dermed kategoriserte som prokaryotar.
Bakteriar finst i alle miljø under alle slags tilhøve.
Innhaldsliste
1Bakteriar innan medisinen
2Genom
3Kjelder
4Bakgrunnsstoff
Bakteriar innan medisinen |
Menneske har ein normalflora av bakteriar som held til spesielt i tarmen (truleg meir enn 400 i tjukktarmen), men også i andre delar av kroppen. Munnsekret har til dømes normalt 108 bakteriar per milliliter. Ein tar antibiotika for å drepa skadelege bakteriar, men normalt vil den også drepa mange fleire bakteriar som ikkje er skadelege.
Bakteriar kan føra til infeksjon som er skadeleg for helsa, men dei kan også leva i symbiose eller kommensialisme med ein vert og vil då ikkje vera til skade. Tuberkelbakterien (Mycobacterium tuberculosis) er eit døme på ein skadelege bakterie. Han fører til tuberkulose som er ein av dei mest alvorlege bakteriesjukdomane.
Genom |
Det fyrste bakteriegenomet vart publisert i 1995 og var av arten Haemophilus influenzae.[1]
Kjelder |
↑Loman, Nicholas J.; Pallen, Mark J. (9. november 2015). «Twenty years of bacterial genome sequencing». Nature Reviews Microbiology. doi:10.1038/nrmicro3565.
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bakteriar
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...