Al Green

Multi tool use

Al Green opptrer i California i 2006.
Albert Greene (fødd 13. juli 1946) er ein USA-amerikansk soul- og gospelsongar kjend som Al Green. Han har gjeve ut til saman 29 studioalbum og selt over tjue millionar plater.
Karriere |
Al Green vart fødd i Forrest City i Arkansas i ein familie på ti born. Familien flytte snart til Grand Rapids i Michigan, der Green hadde resten av oppveksten sin. Han dreiv mykje med musikk allereie som liten, og var med i banda The Greene Brothers, Al Greene & The Creations og til slutt Al Greene & The Soulmates. Sistnemnte band gav ut debutplata "Back Up Train" i 1967. Songen med same namn vart ein R&B-hit.
Utover syttitalet tok musikkarrieren til Green verkeleg av innan R&B og soul-musikk. Dei mest kjende songane hans i dag er "You Oughta Be With Me", "I'm Still In Love With You", "Love and Happiness" og "Let's Stay Together" samt Take Me to the River. Han har også laga coverlåtar med suksess, t.d. av Bill Withers-låta Ain't No Sunshine, Beatles-låta Get Back og Willie Nelson si Funny How Time Slips Away.
På slutten av syttitalet vendte han tilbake til gospelrøtene sine, noko han også hadde stor framgang med. I løpet av åttiåra inntente han heile åtte Grammy-prisar for gospelplatene sine med religiøse tekstar.
I 1988 tok han til med å produsera populærmusikk att, og samarbeidde med fleire artistar, m.a. Annie Lennox. I 1994 fekk han endå ein Grammy-pris for ein duett med countrysongaren Lyle Lovett. I 1997 vart ein av songane hans, How Can You Mend a Broken Heart teken med i lydsporet til Hollywood-filmen Good Will Hunting. Det siste studioalbumet hans kom ut i 2008 og fekk namnet Lay It Down.
Heider |
I tillegg til ni Grammy-prisar, har Al Green fått fylgjande heidersutmerkingar:
- I 2002 fekk Al Green ein Grammy Lifetime Achievement Award.
- I 2004 rangerte musikkmagasinet Rolling Stone Al Green som nummer 65 på lista 100 Greatest Artists of All Time.
- I 2004 fekk Green eit BMI-ikon på dei årlege BMI Urban Awards.
- I 2009 fekk han endå ein Lifetime Achievement Award under utdelinga av BET Awards.
- I 2009 blei Al Green ført inn på lista over Rockens æresgalleri i Michigan. Songen "Let's Stay Together", blei røysta til ein legendarisk Michigan-song same året.
Kjelder |
- Denne artikkelen byggjer på «Al Green» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2011.
LXZ9q1VFq3cQwtH NKxqSOk2w9ur,jcHp1u4HgX
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...