Aspargesordenen





































Aspargesordenen

Asperge in bloei Asparagus officinalis.jpg

Systematikk

Rike:

Plante Plantae

Underrike:

Viridiplantae

Infrarike:

Streptophyta

Overrekkje:

Landplantar Embryophyta

Rekkje:

Karplantar Tracheophyta

Underrekkje:

Frøplantar Spermatophytina

Orden:

Aspargesordenen Asparagales
Link, 1829

Asparagales er en orden av einfrøblada plantar. Dei fleste artane i ordenen høyrer til i orkidéfamilien, som kanskje er den største familien av blomsterplantar, men nokre av dei andre familiane er også artsrike. Asparagales omfattar omtrent halvparten av alle einfrøblada planter og 10–15 % av alle blomsterplantar. Ordenen omfattar fleire kulturelt og økonomisk viktige artar, som smaksgjevarane lauk, kvitlauk, purre, asparges og vanilje, og prydblomar som Freesia, Gladiolus, Iris, orkidear, dagliljer, liljekonvall og påskeliljefamilien.


I eldre systematikk, slik som Cronquist-systemet, blei desse plantene rekna til Liliales, og nokre var med i den store liljefamilien (Liliaceae). Molekylærgenetikk viser at Asparagales er ei naturleg gruppe, men gruppa er vanskeleg å definera ut frå morfologi. Dei fleste artane i ordenen er fleirårige urteplantar (staudar), men nokre er klatreplantar og andre veks meir som tre. Mange plantar har også organ til å lagar næring i, som lauk, jordstengel eller rotknoll. Blada dannar som regel ein bladrosett, gjerne heilt nede ved bakken eller heilt i toppen, men ein del har også blad langs stengelen. Blomane er «liljeaktige» med seks blomeblad og opptil seks pollenberarar.


Plantane i ordenen skilde seg truleg ut frå andre einfrøbladingar for rundt 120–130 millionar å sidan, tidleg i krittida. Problem med å klassifisera familiane det er snakk om gjer at slike estimat er usikre.


Det har vore mange oppfatningar om systematikken i gruppa. Denne artikkelen følgjer APG IV-systemet med 14 familiar. Aloefamilien (Asphodelaceae), laukfamilien (Amaryllidaceae) og aspargesfamilien (Asparagaceae) er utvida ved at fleire tidlegare familiar no har status som underfamiliar. Orkidéfamilien (Orchidaceae) er systergruppe til resten av Asparagales.



Delgrupper |


Kladogrammet under viser slektskapa ein meiner finst innanfor Asparagales. Norske namn følgjer Artsdatabanken.








   Asparagales   













orkidéfamilien (Orchidaceae)































Boryaceae



   Hypoxidaceae s.l.   













Blandfordiaceae


















Lanariaceae


















Asteliaceae





Hypoxidaceae







































Ixioliriaceae





Tecophilaeaceae




















Doryanthaceae


















sverdliljefamilien (Iridaceae)


















Xeronemataceae
















   aloefamilien (Asphodelaceae s.l.)   













Hemerocallidoideae (= Hemerocallidaceae, «dagliljefamilien»)


















Xanthorrhoeoideae (= Xanthorrhoeaceae s.s.)





Asphodeloideae (= Asphodelaceae,
«aloefamilien» i snever tyding)







   'core' Asparagales   











   laukfamilien (Amaryllidaceae s.l.)   













Agapanthoideae (= Agapanthaceae)


















Allioideae (= Alliaceae s.s.,
«laukfamilien» i snever tyding)





Amaryllidoideae (= Amaryllidaceae s.s.,
«narsissfamilien»)







   aspargesfamilien (Asparagaceae s.l.)   







































Aphyllanthoideae (= Aphyllanthaceae)


















Brodiaeoideae (= Themidaceae)





Scilloideae (= Hyacinthaceae,
«hyasintfamilien»)









Agavoideae (= Agavaceae, «agavefamilien»)




















Lomandroideae (= Laxmanniaceae)


















Asparagoideae (= Asparagaceae s.s.,
«aspargesfamilien» i snever tyding)





Nolinoideae (= Ruscaceae)



























Kjelder |




  • Asparagales, APWEbsite, henta 2016-10-29 


  • The Angiosperm Phylogeny Group III (2009). «An update of the Angiosperm Phylogeny Group classification for the orders and families of flowering plants: APG III». Botanical Journal of the Linnean Society. 161 (2): 105-121. doi:10.1111/j.1095-8339.2009.00996.x. 


  • The Angiosperm Phylogeny Group IV (2016). «An update of the Angiosperm Phylogeny Group classification for the orders and families of flowering plants: APG IV». Botanical Journal of the Linnean Society. 181: 1-20. doi:10.1111/boj.12385. 


  • M.W. Chase, J.L. Reveal og M.F. Fay (2009). «A subfamilial classification for the expanded asparagalean families Amaryllidaceae, Asparagaceae and Xanthorrhoeaceae». Botanical Journal of the Linnean Society. 161 (2): 132–136. doi:10.1111/j.1095-8339.2009.00999.x. 



  • Denne artikkelen bygger på «Asparagales» frå Wikipedia på engelsk, og «Asparagales» frå Wikipedia på bokmål den 27. januar 2017.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva