Tofu, og kalla bønne-ost, er eit tradisjonelt soyaprodukt frå Asia. Det vert laga av soyamjølk, tilsett eit koagulerande middel (til dømes syre, som sitronsaft eller eddik). Massen som då samlar seg vert sila før han pressas og kjølast ned.
Tofu har sitt opphav i Kina under Han-dynastiet. I sitt verk Bencao Gangmu.[1] skildrar Li Shizhen (farmakolog på Ming-dynastiets tid) korleis ein lagar tofu.
Tofu er proteinrikt, og inneheld lite feitt. Det er difor populært blant vegetarianarar og helseentusiastar. Produktet kan og brukast av laktose-intolerante, som eit alternativ til ost.
Innhaldsliste
1Etymologi
1.1Fersk tofu
2Kjelder
3Bakgrunnsstoff
Etymologi |
Det norske ordet tofu kjem frå det japanske tōfu (豆腐), som igjen kjem frå det kinesiske dòufu (豆腐 eller 荳腐), som tyder «bønne» (豆) pluss «ferment» (腐).
Fersk tofu |
Fersk tofu vert produsert direkte frå soyamjølka.
Fast tofu
Denne type tofu har ein fast struktur. Den egnar seg til å skjerast i terningar eller skiver og bli steikt, bakt eller frityrsteikt.
Silketofu
Silketofu har ein blautare konsistens enn fast tofu. Den egnar seg til bruk i saus, krem eller suppe.
Kjelder |
↑Joseph Needham: Science and Civilisation in China, Vol 6 Part 5 Chapter 40, section d.2
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...