Hemsedal kommune




«Hemsedal» omdirigerer hit. For administrasjonssenteret i kommunen, sjå Trøym.































































Hemsedal kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Buskerud


Adm.senter

Trøym

Areal
753 km²
 - land
715 km²
 - vatn
38 km²

Folketal
2 457 (1. januar 2018)
Folketettleik

3 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar

Oddvar Grøthe (Sp)


Kommunenr.
0618




NO 0618 Hemsedal.svg




Wikimedia Commons: Hemsedal

Nettstad: www.hemsedal.kommune.no


Hemsedal kommune er ein kommune i Hallingdalen nord i Buskerud fylke. Kommunen grensar i søraust til Gol, i sørvest til Ål, i nordvest til Lærdal i Sogn og Fjordane og i nordaust til tre kommunar i Oppland; Nord-Aurdal, Vang og Vestre Slidre. Hemsedal fekk kommunestatus i 1897, då han vart skilt ut frå Gol.


Administrasjonssenter i Hemsedal er tettstaden Trøym. Lokalavisa er Hallingdølen, som òg kjem ut i dei fem andre kommunane i Hallingdal.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Næringsliv


  • 3 Samferdsle


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Geografi |




Skogshorn (1728 moh.) i solnedgang.


Hemsedal kommune omfattar det meste av dalen Hemsedal og Grøndalen, der sistnemde er ein sidedal til Hemsedal. Over fire femdelar av kommunen ligg høgre enn 900 moh, og dette er staden i Sør-Noreg der Austlandet møter Vestlandet. Av den grunn har du brytinga mellom to ulike typar fjellformasjonar i kommunen, noko som er særleg fascinerande for fjellinteresserte. Høgste punktet i kommunen er Høgeloft på 1920 moh. Hydnefossen, den høgste fossen i Buskerud ut frå totalt fall, ligg ved Hornset i kommunen.


Folkesetnaden ligg for det meste langsmed det største dalføret, og her ligg kommunesenteret Trøym og dei to andre bygdene Ulsåk og Tuv. På begge sidene av dalen er det fjellområde, med Høgeloft på 1920 moh. som det høgste punktet i kommunen. Andre høge fjell i kommunen er Raudebergnuten på 1818 moh. og Skogshorn på 1728 moh. Heilt i aust ligg grenda Lykkja 830-900 moh. i sollia over Tisleifjorden og Storevatnet. Desse sjøane har avløp ved Tisleia til Valdres.



Næringsliv |




Hemsedal sett frå fly vinterstid.


Viktige næringar i kommunen er jordbruk med hald av husdyr, særleg av storfe og sau. Det er litt industri med nokre føretak i trevare-, møbel- og næringsmiddelindustrien, me.a. meieri. Turisme er vorte ei viktig satsing frå 1970-åra av. Det er satsa sterkt på vinterturisme med fleire alpinanlegg, mellom anna Hemsedal Skisenter. Reiselivsnæringa og varehandelen sysselset nesten ein fjerdedel av dei yrkesaktive. Av anna næringsliv kan nemnast nokre hotell, pensjonat, campingplassar og hyttegrender.



Samferdsle |


Riksveg 52 (Gol-Lærdal) går gjennom Hemsedal og fylgjer Mørkedalen opp til fjellovergangen på 1137 moh. Private vegar går over fjellet til Vestre Slidre i aust og Ål/ Hol i vest.



Kjelder |



  • «Hemsedal – kommune i Buskerud» av Geir Thorsnæs Svein Askheim i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff |



  • Hemsedal kommune


  • Hallingdølen - lokalavis i Hemsedal


  • Historiske arkiv etter Hemsedal kommune på Arkivportalen









Koordinatar: 60°51′40.1″N 8°33′55.3″E





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva