Eksplosjon
Ein eksplosjon er ein eksoterm kjemisk prosess som, når han føregår ved konstant volum, vil forårsaka ein særs snøgg og tydeleg trykkauke.
Kjemisk drivne forbrenningar som går med høg fart vert gjerne omtalte som eksplosjonar, medan kjemisk drivne nedbrytinger i høg fart vert omtalte som detonasjonar. Den første typen er gjerne knytt til ulike former for krut, medan den siste typen er gjerne knytt til ulike former for sprengstoff. Det finst òg overgangsformer der ei forbrenning i høg fart utløyser ein detonasjon.[1]
Ulike typar eksplosjonar |
Det finst fleire ulike typar eksplosjonar:
Kjemiske eksplosjonar
- Uniforme reaksjonar
- Termisk eksplosjon
- Propagerande reaksjonar
Deflagrasjon - Eksplosjon der forbrenningsbølgja spreier seg med underlydshastighet i tilhøve til ubrent gass forut for flammen.
Detonasjon - Eksplosjon der trykkbølgja spreier seg med overlydshastighet i den aktuelle materialen.
- Uniforme reaksjonar
Mekaniske eksplosjonar - vert forårsaka av mekaniske krefter
Nukleære eksplosjonar - inntrer når kjernereaksjonar produserer store energimengder over kort tid.
Elektriske eksplosjonar
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Eksplosjon» frå Wikipedia på bokmål, den 25. oktober 2018.
- Referansar
↑ Haraldsen, Haakon; Fjellvåg, Helmer (2018-02-20). «eksplosjon». Store norske leksikon (på norsk).
Bakgrunnsstoff |
Commons har multimedia som gjeld: Eksplosjon
Eksplosjon i Store Norske Leksikon