Scotty Moore












































Scotty Moore

Verkeleg namn Winfield Scott Moore III
Fødd
27. desember 1931(1931-12-27)
Gadsden i Tennessee i USA
Død

28. juni 2016 (84 år)
Nashville i Tennessee i USA


Instrument

Gitar


Sjanger
Rock and roll
Aktive år 1950-åra til 2009
Yrke Musikar
Tilknytte artistar

  • Elvis Presley

  • The Blue Moon Boys

  • Ricky Nelson

  • Roy Orbison

  • Ten Years After

  • The Scotty Moore Trio


Plateselskap
Sun

Winfield Scott «Scotty» Moore III (27. desember 1931–28. juni 2016) var ein legendarisk amerikansk gitarist som var mest kjend for å spele dei første åra av karrieren til Elvis Presley.


Scotty Moore lærte å spele gitar i familien og av vener frå han var åtte år gammal. Moore sin bakgrunn var jazz og country og leia eit band kalla Starlite Wranglers før Sam Phillips ved Sun Records sette han i lag med ein ung Elvis Presley. Phillips meinte at sologitaren til Moore og bassen til Bill Black var alt som var nødvendig i lag med rytmegitaren og vokalen til Elvis. I 1954 spelte Moore og Black på det som vart den første innspelinga til Elvis Presley, That's Alright (Mama) i 1954. Elvis, Black og Scotty Moore kalla seg Blue Moon Boys og fekk seinare med seg trommeslagar D.J. Fontana. I starten av juli 1954 byrja Blue Moon Boys å turnere i dei amerikanske Sørstatane og spelte inn fleire singlar.


Moore spelte på fleire av Presley sine mest kjende innspelinga frå 50-åra, som «Good Rockin' Tonight», «Baby Let's Play House», «Heartbreak Hotel», «Mystery Train», «Hound Dog», «Too Much» og «Jailhouse Rock».


I 1960-åra gav Moore ut soloalbumet The Guitar That Changed the World. Han spelte på comebacket til Elvis i 1968 på NBC.


Moore spelte i starten på ein Gibson ES-295[1], før han byta til ein Gibson L5[2] og til slutt ein Gibson Super 400[3].


Scotty Moore vert rekna som ein av dei aller første rock and roll-gitaristane og mange seinare gitaristar har omtalt han som ei stor inspirasjonskjelde. For denne rolla er han innlemma i Rockabilly Hall of Fame og i 2000 òg i Rock and Roll Hall of Fame.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Scotty Moore» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2008.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Scotty Moore 53 ES295


  2. Scotty Moore 54 L5 CES


  3. Scotty Moore 56 Super 400 CESN







Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettside

  • Intervju med Scotty Moore

  • Elvis Directory





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?