Kondroditt
Kondroditt | |
Chondrodite frå Franklin i New Jersey i USA | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Nesosilikat |
Kjemisk formel | Mg5(SiO4)2F2 |
Strunz-klassifisering | 09.AF.45 or 8/B.04-20 |
Dana-klassifisering | 52.3.2b.2 |
Identifikasjon | |
Molekylvekt | 351.6 g |
Farge | Gul, oransje, raud eller brun, sjeldant fargelaus |
Krystallform | Typisk allotriomorf massar eller korn, eller platar flattrykt på {010}, {001} eller {100}. |
Krystallsystem | Monoklin 2/m prismatisk |
Tvilling | Enkel eller multiple tvilling er vanleg på {001}, òg rapportert på {105} og {305}. |
Kløyv | Dårleg til god på (001) |
Brot | Muslig til ujamn |
Fastleik | Sprø |
Mohs hardleiksskala | 6 til 6,5 |
Glans | Glasaktig til feittete |
Strekfarge | Grå eller gul |
Transparens | Gjennomskinneleg |
Spesifikk vekt | 3,1 til 3,26 |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Toaksa(+) |
Brytingsindeks | nα = 1,592–1,643 nβ = 1,602–1,655 nγ = 1,619–1,675 |
Dobbeltbryting | 0,027–0,032 |
Pleokroisme | X gyldengul til oransje, Y og Z lysegul til nesten fargelaus[1] |
Oppløyselegheit | Oppløyseleg i HCl og H2SO4 |
Andre eigenskapar | Somme prøvar fluorescerer oransjegul under kortbølgja og oransje under langbølgja UV. Ikkje radioaktiv. |
Kjelder | [2][3][4] |
Kondroditt er eit gult til brunt mineral med kjemisk formel Mg5(SiO4)2F2. Det er monoklint og strukturelt nærskyldt med olivin.
I Noreg er det funne i marmor ved Kristiansand og i Nissedal, og dessutan i skarn ved Arendal.
Det vart oppdaga i 1817 på Monte Somma, ein del av Vesuvkomplekset i Italia, og kalla opp etter det greske ordet for «lite korn», som er ein vanleg habitus for dette mineralet.
Kjelder |
- Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Kondroditt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/kondroditt.
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kondroditt
↑ European Journal of Mineralogy (2002) 14: 1027-1032
↑ http://www.mindat.org/min-1027.html Mindat
↑ http://webmineral.com/data/Chondrodite.shtml
↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/chondrodite.pdf