Messinía















































Messinía
Περιφερειακή ενότητα Μεσσηνίας

Plasseringa til {{{name}}} i Hellas

Periferi
Peloponnes
Hovudstad
Kalamáta
Folketal 159 954 (2011[1]) Rangering 15.
Areal 2 991 km²
Folketettleik 53/km²
Kommunar 6
Postnummer 24x xx
Retningsnummer 272x0, 276x0
Bilnummer KM
Heimeside
www.na-messinias.gr

Periferieininga Messinía (gresk Περιφερειακή ενότητα Μεσσηνίας, Periferiakí enótita Messinías), tidlegare òg skrive Messenia, er ei periferieining i Hellas i periferien Peloponnes.[2] Hovudstaden i periferieininga er Kalamáta.


Messinía grenser i aust til fjellet Taýjetos, i nord til elva Néda og Arkadíafjella, i vest til Det joniske havet og i sør til Messiníabukta. Utanfor sørkysten ligg dei tre Inoússesøyane og den vesle øya Venétiko. Av prefektur grenser Messinía til Ilía i nord, Arkadía i nordaust og Lakonía i aust.




Innhaldsliste






  • 1 Administrativ inndeling


  • 2 Historie


  • 3 Byar og tettstader


  • 4 Klima


  • 5 Referansar


  • 6 Kjelde





Administrativ inndeling |


Tidlegare var Messinía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i seks kommunar.[2]



































































































































































Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Messinía Vest-Máni
Avía

Lévktro
Kalamáta
Kalamáta

Áris

Arfará

Thouría
Messíni
Messíni

Epía

Androúsa

Aristoménis

Voufrádes

Ithómi

Petalídi

Tríkorfo
Pýlos-Néstoras
Pýlos

Koróni

Methóni

Néstoras

Papafléssas

Khiliokhória
Trifylía
Kyparissía

Aetós

Avlónas

Gargaliáni

Filiatrá

Tripýla
Ikhalía
Ikhalía

Andanía

Dório

Íra

Meligalás


Historie |


I Homer sine episke dikt er dei austlege områda av Messinía under styret til Menelaos av Sparta, medan vestkysten er under neleidane av Pýlos, men etter Menelaos døydde vart grensa til Messinía pressa så lang aust som til Taýjetos.




Kart over Messinía i antikken.


Dorianarar kom etter kvart til området, men den rike jorda og det gode klimaet gjorde at Sparta ønska området, og det braut ut krig, der mellom anna den spartanske kongen Teleklos vart myrda av messinianarane. Det heile enda likevel med at Messinía vart ein del av Sparta(om lag 720 fvt.). To generasjonar seinare gjorde messinianarane opprør og med Aristomenes som leiar haldt dei spartanarane unna i 17 år (648—631 fvt., ifølgje Grote). Festninga Íra fall derimot etter ei omleiring som varte elleve år.


Det neste opprøret braut i 464 fvt., då eit kraftig jordskjelv øydela Sparta og tok mange liv. Opprørarane forsvarte seg sjølv i nokre år ved Ithómi, som dei hadde gjort under den første krigen, men dei måtte til slutt forlate Peloponnes. Etter slaget ved Levktra (371 fvt.) inviterte Epaminondas messininarar i eksil i Italia, Sicilia, Afrika og andre stader tilbake til landet sitt. Byen Messíni vart grunnlagd 369 fvt. og vart hovudstad i landet, og som Megalopolis i Arkadia, vart eit mektig hinder for Sparta. Andre byar vart òg grunnlagd på denne tida, men mykje av landområda rundt var tynt folkesett. Sjølv om dei var forholdsvis sjølvstendige vart ikkje Messinía ei verkrleg stormakt og klarte seg ikkje utan hjelp utanfrå.


Etter kvart vart Messinía allierte av Filip II av Makedonia og tok ikkje del i slaget ved Khaeronea (338 fvt.). Dei vart så med i Det akhaiske forbundet. Filip V sende Demetrios av Faros for å erobre Messíni, men tapte og mista livet. Like etter klarte den spartanske tyrannen Nabis å erobre byen, men måtte forlate byen då Filopoemen og megalopolitanarane erobra byen. Under den påfølgjande krigen med Det akhaiske forbundet vart Filopoemen fanga og avretta av messininarane (183 fvt.), men Lykortas tok byen igjen året etter, og han vart igjen ein del av Det akhaiske forbundet.


I 146 fvt. kom Messinía, i lag med dei andre greske statane, inn under Romarriket, og seinare vart det ein del av Austromarriket. Seinare igjen vart det invadert av slavarar.


I mellomalderen vart Messinía ein del av Frankarriket. Det meste av Messinía vart erobra av Det osmanske riket på 1400-talet, men eit lite området vart verande ein del av Republikken Venezia. I 1680-åra vart heile Messinía erobra av Venezia, før osmanarane igjen tok over i 1730-åra. Messinía vart igjen ein del av Hellas under den greske sjølvstendekrigen i 1821. Eit av dei mest kjende slaga under krigen var slaget ved Navarino, der den tyrkiske flåten tapte.


På 1800-talet betra dei økonomiske tilhøva seg i Messinía, men mange emigrerte til større greske byar og til utlandet.



Byar og tettstader |


Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:


































































































Tettstad Kommune Folketal 2011[1]
Kalamáta Kalamáta 54 100
Messíni Messíni 6 065
Filiatrá Trifylía 5 969
Kyparissía Trifylía 5 131
Gargaliáni Trifylía 5 007
Khóra Pýlos-Néstoras 3 454
Pýlos Pýlos-Néstoras 2 345
Paralía Vérgas Kalamáta 1 966
Koróni Pýlos-Néstoras 1 397
Meligalás Ikhalía 1 296
Arfará Kalamáta 1 177
Methóni Pýlos-Néstoras 1 103
Petalídi Messíni 1 065
Áris Kalamáta 966
Kopanáki Trifylía 931
Dório Ikhalía 915
Thouría Kalamáta 884
Valýra Messíni 843


Klima |


Klima er varmt med temperaturar noko høgare enn i Aten. Det er ikkje vanleg med snø om vinteren, bortsett frå dei høgaste fjella som Taýjetos.



Referansar |





  1. 1,01,1 Folketeljing 2011, revidert


  2. 2,02,1 Kallikratis-reforma




Kjelde |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Messenia frå Engelsk Wikipedia .



Koordinatar: 37°15′N 21°50′E






























Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva