Elvedelta
Eit elvedelta, eller berre delta, er eit landområde danna ved munningen av ei elv der elva legg igjen medført slam som dannar ein banke, slik at at elvevatnet renn i fleire mindre og skiftande løp ut mot havet. Delta har fått namn etter den greske bokstaven delta, Δ, fordi dei kan ha same trekantform, men dei finst òg i andre utformingar.
Jorda i eit elvedelta er våt og normalt næringsrik, ettersom næringsstoff i elvevatnet blir felt ut av den seinka vasstraumen. Årlege flaumar gjødsler jorda ved elvebreidda, slik at ein lett kan driva jordbruk her. Fleire sivilisasjonar og tette folkesetnader har oppstått ved elvedelta. Samstundes er deltabuar sårbare for storflaum og endringar i elveløpet. Dike hindrar flaum, men stenger òg av for næringstilføringa.
Profilen av elvedelta har ei karakteristisk oppbygging i tre lag:
- Topplag
- Skrålag
- Botnlag
Kjende elvedelta |
- Donaudeltaet
- Gangesdeltaet
- Mississippi-deltaet
- Nildeltaet
- Orinocodeltaet
- Volgadeltaet