Ellsworth Mountains er den høgaste fjellkjeda i Antarktis, og dannar ei 360 km lang og 48 km brei rekkje av fjell frå nord til sør på vestsida av Ronne isbrem.[1] Dei vert kryssa av Minnesotabreen som skil Sentinel Range i nord frå Heritage Range i sør. Førstnemnde er langt høgare og meir spektakulær med Vinson Massif på 4892 moh som det høgaste punktet på kontinentet.
Innhaldsliste
1Historie
2Klima
3Kjelder
4Bakgrunnsstoff
Historie |
Fjella vart oppdaga den 23. november 1935 av Lincoln Ellsworth under ein flytur over Antarktis frå Dundee Island til Rossisen. Han gav fjellkjeda det skildrande namnet Sentinel Range.[1]Sentinel tyder «kjennemerke» eller «kjenneteikn» på engelsk.
Fjella vart kartlagde i detalj av USGS frå landmålingar og flyfotografi frå U.S. Navy, 1958-66. Då det vart klårt av fjella bestod av to fråskilde rekkjer, gav US-ACAN berre den høgare, nordlege delen av fjellkjeda namnet Sentinel Range og den sørlege delen namnet Heritage Range. I tillegg kalla komiteen heile fjellkjeda opp etter oppdagaren.[1]
Klima |
Temperaturane i Ellsworth Mountains er i snitt kring -30 °C. Dei beste månadane for ekspedisjonar her er frå november til januar, då det er midtsommar på den sørlege halvkula. Ekspedisjonar hit er likevel vanskeleg og krav anten offentleg vitskapleg støtte eller store økonomiske ressursar.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Ellsworth Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 11. januar 2013.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ 1,01,11,2«Ellsworth Mountains». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 11. januar 2013.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...