Mâcon
Mâcon | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Styresmakter | |||
| Land Region Departement | Frankrike Bourgogne Saône-et-Loire | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By | 27,04 km² | ||
| Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik | 34 469 1 275/km² | ||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 175 m | ||
| Tidssone | CET (UTC+1) | ||
| Diverse anna | |||
| Postnummer | 71000 | ||
Heimeside: www.macon-bourgogne.com | |||
Mâcon er ein by og kommune aust i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Saône-et-Loire i regionen Bourgogne og har om lag 35 000 innbyggjarar.
Mâcon ligg ved elva Saône nord for Lyon.
History |
Byen vart grunnlagd som Matisco på 100-talet fvt. og vart rask eit travelt vegkryss. Byen låg på grensa mellom Frankrike og Det tysk-romerske rike frå 843 til 1600, og blømde som følgje av tolloppgåvene han fekk. Mâcon vart ein skanse for hugenottar på 1500-talet. I 1790 vart Mâcon hovudstad i departementet Saône-et-Loire. Motstandsrørsla var delvis aktive her under den andre verdskrigen og var den første byen i den franske sona mellom Paris og Lyon.
Økonomi |
Området produserer vin, som Pouilly-Fuissé. Byen har òg støyperi og fabrikkar som produserer motorsyklar, elektrisk utstyr og klede. Byen trekk òg til seg turistar, særleg til gamlebyen frå 1400-talet.
Tour de France vitjar ofte Mâcon på veg ned frå Alpane.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell turistside
- Virtuell vitjing
|