Marry Me av Krista Siegfrids




























«Marry Me»
Singel av Krista Siegfrids
frå albumet Ding Dong!


Land

Finland

Språk

Engelsk

Utgjeve
1. januar 2013

Lengd
3:02

Låtskrivar(ar)

Krista Siegfrieds, Erik Nyholm, Kristofer Karlsson og Jessika Lundström

«Marry Me» (engelsk for Gift deg med meg) var det finske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framførd på engelsk av Krista Siegfrids. Songen er skriven av Krista Siegfrieds, Erik Nyholm, Kristofer Karlsson og Jessika Lundström.




Innhaldsliste






  • 1 Uuden Musiikin Kilpailu 2013


  • 2 Eurovision Song Contest 2013


  • 3 Kjelder


  • 4 Fotnotar





Uuden Musiikin Kilpailu 2013 |


Krista Siegfrids sendte inn den engelskspråklege songen «Marry Me» til Yleisradio (Yle) og vart valt ut til å delta i Uuden Musiikin Kilpailu 2013, den finske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. Bidraget gjekk vidare frå den andre kvartfinalen til finalen og vann. «Marry Me» vart då valt til å representere Finland.[1]



Eurovision Song Contest 2013 |
















































«Marry Me»

ESC2013 - Finland 03.jpg

Eurovision Song Contest 2013
Land
Finland
Artist(ar)
Krista Siegfrids
Språk
Engelsk
Komponist(ar)
Krista Siegfrieds, Erik Nyholm, Kristofer Karlsson og Jessika Lundström
Låtskrivar(ar)
Krista Siegfrieds, Erik Nyholm, Kristofer Karlsson og Jessika Lundström
Resultat
Semifinalepoeng 64
Semifinaleplass 9
Finalepoeng 13
Finaleplass 24

Finland i Eurovision Song Contest





«När jag blundar»
(2012)
«Marry Me»


Finland deltok i den andre semifinalen 16. mai 2013 og enda på niandeplass med 64 poeng; åtte frå Latvia, Noreg og Spania, sju frå San Marino, Island og Frankrike, fem frå Ungarn, tre frå Aserbajdsjan, Romania og Tyskland, to frå Sveits og eitt frå Malta, Israel og Albania. Landet kvalifiserte seg dimed til finalen 18. mai 2013 der dei enda på 24. plass med 13 poeng; fire frå Israel, tre frå Frankrike og San Marino, to frå Danmark og eitt frå Tyskland. På slutten av fremføringa i semifinalen og finalen kyssa Siegfrids ein av dei kvinnelege støttevokalistene på scena. Kysset var ein del av showet og meininga med kysset var å oppfordre Finland til å legalisere homofile giftarmål.[2] Ifylgje Jon Ola Sand hadde Tyrkia stadfesta i november 2012 at dei ikkje ville delta i tevlinga.[3] Kringkastaren hadde lova å syne både semifinalane og finalen, men då det vart klårt at Siegfrids villa kysse ei kvinne på scena valte dei å ikkje kringkaste tevlinga.[4]



Kjelder |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Marry Me (Krista Siegfrids song) frå Engelsk Wikipedia .



  • «Eurovision Song Contest 2013» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 29. mars 2013. 


Fotnotar |





  1. «Krista Siegfrids to marry in Malmö for Finland!» (engelsk). Eurovision.tv. 9. februar 2013. Henta 24. mars 2013. 


  2. «YLE: British paper: Hidden message in Finnish Eurovision entry» (engelsk). Yle. Henta 24. mai 2013. 


  3. «YLE: Det var inte kyssen som fällde ESC i Turkiet» (svensk). Yle. Henta 24. mai 2013. 


  4. «Krista Siegfrids Pisses Turkish Government Off With Her Golden Kiss» (engelsk). Finnbay.com. Henta 24. mai 2013. 


















Mal:Finske songar i Eurovision Song Contest







Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Hudsonelva