Fjellreven er ein freda art i Noreg. (Foto: Andreas Tille)
Freding er eit verkemiddel innan lovverket som er meint å ta vare på noko og verna det mot inngrep. Ein kan til dømes freda ein art, eit område, eit bygg eller særskilde ting. Føremålet med fredinga kan vera at ein vil ta vare på eit kulturminne, kulturlandskap, naturlandskap, eller at ein vil verna om ein særskild truga bestand av dyr eller plantar.
Innhaldsliste
1Freding av norske kulturminne
2Freding av norsk natur
3Bakgrunnsstoff
3.1Sjå òg
3.2Kjelder
Freding av norske kulturminne |
Haug kyrkje på Ringerike er ei mellomalderkyrkje som automatisk er freda.(Foto: T. Bjørnstad)
Kulturminneloven fastset kva kulturminne som er freda i Noreg. Funn og funnstader frå førhistorisk tid og mellomalderen (fram til 1649) er automatisk freda. Det same gjeld samiske kulturminne som er eldre enn hundre år. Elles kan Miljøverndepartementet freda andre viktige kulturminne.
Freding inneber at ingen skal forandra, ta med seg eller på andre måtar forstyrra eit slikt kulturminne. Riksantikvaren har kontroll med freda kulturminne i Noreg.
Freding av norsk natur |
Rondane er freda som nasjonalpark. (Foto: Mats Svensson)
Naturvernloven styrer freding av viktige naturområde og truga artar. Direktoratet for naturforvalting står for styret av naturvernet.
Rundt 12,5 % av fastlandarealet i Noreg er verna etter naturvernloven. Område kan fredast på fem ulike måtar: Som naturreservat, nasjonalpark, landskap, naturminne eller biotop.
Bakgrunnsstoff |
Sjå òg |
Kategorien «Freda plantar»
Kategorien «Freda dyr»
Kategorien «Freda bygg»
Kategorien «Verneområde»
Kjelder |
Bergen Museum (bergenmuseum.uib.no)
Lov om kulturminner (lovdata.no)
Direktoratet for naturforvalting (dirnat.no)
Riksantikvaren: Å eie et fredet hus
Miljøstatus i Noreg: vernet natur på http://www.miljostatus.no
Miljøstatus i Noreg: Kulturminner på http://www.miljostatus.no
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...