Røros kyrkje




Koordinatar: 62°34′38″N 11°23′26″E







































































Røros kyrkje

kyrkje

Roeros church.jpg

Land

Flag of Norway.svg Noreg
Fylke

Trøndelag
Kommune

Røros

Kyrkjesamfunn

Den norske kyrkja
Bispedøme

Nidaros
Prosti

Gauldal
Sokn

Røros
Fellesråd

Røros

Type

Åttekantkyrkje
Arkitekt

Peter L. Neuman
Material

Stein

Innvigd
15. august 1784

Kyrkjegard
Ved kyrkja

Sitjeplassar
1640


Wikimedia Commons: Røros kirke


Røros kyrkje eller Bergstadens Ziir er ei kyrkje i Bergstaden Røros i Røros kommune i Trøndelag fylke. Over inngangsdøra står det: «Til Guds Ære og Bergstadens Ziir». Ziir tyder pryd, av dette kjem namnet på kyrkja. Kyrkja vart innvigd den 15. august 1784. Den kvitkalka steinkyrkja hever seg over alle bygg på Røros. Gata Kjerkgata vart planlagd i samanheng med kyrkja.


Røros Kobberverk kosta kyrkja, og koparverket sitt merke vart sett på alle sider av tårnveggen. Emblemet syner ein korslagt feisel og eit bergjern sett saman med symbolet for metallet kopar (som òg er symbolet for den romerske gudinna Venus og meir generelt symbolet for det kvinnelege.)


Kyrkja har form som ei utstrekt åttekantkyrkje med altar og preikestol på den same veggen. Det er uvisst kven som var arkitekt for kyrkja, men det er kjend at murmeister Peder Leonard Neumann frå Trondheim laga eit grunnriss og gjorde dei utrekningane som var turvande for å byggje kyrkja i naturstein. Peder Hiort, direktør ved koparverket, skal også ha medverka ved utforminga bygget.[1] Medlem av overdireksjonen for koparverket, generalvegmeister Nicolai Frederik Krohg, skaffa teikningar som særleg skildra kyrkje-interiør. Overstiger Henning Floer hadde overoppsynet med byggjearbeida, og byggmeistrane til koparverket, Peder Ellingsen og Svend Aspås, leia byggjearbeidet; Ellingsen hadde med takkonstruksjonane og innreiinga å gjere, medan Aspås hadde ansvaret for for tårnet og arbeidet med murane. Aspaas tok over som murmeister tre år etter at arbeidet var i gang. Det vart lage minst to skalamodellar av bygget som grunnlag for utforming og planlegging av arbeidet.[1] Bergskrivar Bernt Hartz stod for innkjøp av materialar og for lønsutbetalingane.


Det store kyrkjerommet er dekt av ein vid tønnekvelv og vert opplyst av dagsljoset gjennom høge småruta vindauge. Fargene i interiøret er ljose, med kvitt og grått i tak og veggar, og med listverk og andre detaljar i gråblå marmorering. Altarveggen og kongelosjen over hovudinngangen er dekorert med gull og litt rosa marmorering.


Byggmeistrane Ellingsen og Aspås reiste fleire liknande, særprega kyrkjer i Oppland, Trøndelag og Hedmark, til dømes Sør-Fron kyrkje. Hosar set Røros kyrkje kunsthistorisk også i samanheng med Vang kyrkje i Ridabu, også den ei er stor åttekanta steinkyrkjer med preikestolsalter, og den mindre Klæbu kyrkje av tre.[1] Denne bygningsstilen er kjend som den såkalla Røros-skulen, ein stil som altså vart skapt av teknikarane ved koparverket.



Biletgalleri |




Kjelder |




  1. 1,01,11,2 Hosar, Kåre (1988): Sør-Fron kirke. Lokal bakgrunn og impulser utenfra. Magisteravhandling i kunsthistorie. Universitetet i Oslo.



Bakgrunnsstoff |



  • Om Røros kyrkje i Kyrkjebyggdatabasen

  • Bergstadens Ziir

  • Røros Kirke

  • Gatenavn på Røros Historien om mange gatenavn

  • Eldre fotografi av kyrkja på nettstaden til Nasjonalbiblioteket




  • Vis Røros kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren



































Spire Denne kyrkjeartikkelen som har med Trøndelag å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?