Henie Onstad Kunstsenter




Koordinatar: 59°53′20″N 10°33′10″E




Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden




Henie Onstad Kunstsenter fotografert frå fjorden


Henie Onstad Kunstsenter er eit biletkunstmuseum på Høvikodden i Bærum kommune sørvest for Oslo, som vart opna av «kunstløpdronninga» Sonja Henie og ektemannen hennar, skipsreiar Niels Onstad i 1968. Dei gav i 1961 den private samlinga si av samtidskunst, til saman 110 målarstykke, i tillegg til pengar til bygging og drift av museet, som gåve for å få skipa Sonja Henies og Niels Onstads Stiftelser, som eig museet og samlingane. Bærum kommune gav samstundes tomta på 140 mål som museet vart bygd på. Dei to donatorane er gravlagde på området.


Henie Onstad kunstsenter er ein viktig arrangør av temporære utstillingar og framsyningar i tillegg til utstillingar av verk frå eiga samling. Museet hyser òg Sonja Henies store samling av premiar etter innsatsen hennar på skeiser.


Ei populær offentleg badestrand ligg attmed museet.




Innhaldsliste






  • 1 Kjernesamlinga


  • 2 Tidlegare direktørar


  • 3 Skulpturparken


  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Kjelder





Kjernesamlinga |


Opphavleg overtok museet 110 måleri. Sidan den tid har delar av denne blitt seld, mellom anna alle arbeida av Edvard Munch og ein del kjerneverk av Pierre Bonnard.[1] I dag finn ein mellom anna Pablo Picasso, Juan Gris, Jacques Villon, Pierre Bonnard, Henri Matisse, Fernand Léger, Joan Miró og Nikolas de Staël i samlinga.


I tillegg har ein bygd opp ein permanent utstilling av Kurt Schwitters i Noreg.



Tidlegare direktørar |




Opninga av Henie-Onstad Kunstsenter. Sonja Henie og Kong Olav V fremst, Kronprinsesse Sonja og Niels Onstad bak


Den første direktøren var Ole Henrik Moe som sat i stillinga i 22 år fram til 1989 og bygde opp kunstsenteret til ein moderne internasjonal institusjon.
I perioden 1989 til 1996 var Per Hovdenakk direktør. Den neste direktøren, Stein Slyngstad, sat i stillinga frå 1997 til 2001. Direktør frå 2001, Jan Feldborg, gjennomførte det omstridde salet av eit av hovudverka til Bonnard før den neste direktøren tiltrådde i 2005.[2]
Direktør frå slutten av 2004 fram til 2011 var Karin Hellandsjø. Tone Hansen tok over som direktør etter henne.[3]



Skulpturparken |


Rundt museumsbygget har museet plassert ut fleire skulpturar. Den mest kjente er Arnold Haukeland si statue Solskulptur frå 1970 som er det første ein møter når ein nærmar seg museet frå landsida. Framfor inngangspartiet står i dag statuen Større kropp frå 2003 av Per Inge Bjørlo. Elles er Filipstadbananen frå 1952 av Trygve Fredrksen flytta hit frå Banan-Mathisen sitt bygg på Filipstad i Oslo. Andre skulpturar er laga av Henry Moore, Kai Nielsen, Terry Haas, Eugène Dodeigne og Èmile Gilioli.



Bakgrunnsstoff |



  • Internettsida til Henie Onstad Kunstsenter


  • Arve Rød. "Progkunst ut til nordmenn - 50-års jubilanten Henie Onstad Kunstsenter brakte sekstitallets progressive ideer om kunst ut til folket.". 2018-02-26. Dagbladet . S. 40



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Henie Onstad Kunstsenter» frå Wikipedia på bokmål, den 31. oktober 2012.





  1. http://nrk.no/kultur-og-underholdning/1.539273 NRK 2005


  2. http://www.nrk.no/nyheter/kultur/4496903.html NRK Salet av Bonnard


  3. Aftenposten: Direktør for vår tid






Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva