Kyrkjeskip
Avmerking av midtskipet i ein kyrkjeplan.
Midtskipet i Køln domkyrkje er det lengste i Tyskland.
Foto: Thomas Robbin
Kyrkjeskip viser til rommet kyrkjelyden sit i i ei kyrkje. Ei kyrkje, domkyrkje eller eit klosterbygg kan ha eitt eller fleire slike skip.
Utforminga av rommet kan vera spesifisert meir nøyaktig:
- Hovudskip: Det sentrale og største av fleire parallelle skip, eller det som går i lengderetninga i ei kyrkje med tverrskip.
- Langskip: Eit langstrekt kyrkjeskip; langskipet kan vere hovudskipet i kyrkja eller det kan vere det lengste skipet i ei krosskyrkje.
- Midtskip: Det sentrale skipet, som ikkje nødvendigvis er større enn dei andre. Kan også visa til dei tre midtre i ei kyrkje med fem skip.
- Sideskip: Dei ytste skipa i ei fleirskipa kyrkje.
- Tverrskip: Eit skip som går på tvers av hovudskipet; også kalla transept eller sidearmar.
Kyrkjeskip kan også visa til ein skipsmodell som er hengt opp i ei kyrkje. I Nord-Europa, og særleg i Skandinavia, har slike skip vore særs vanlege, og finst framleis i mange kyrkjer.
Ordsoge |
I norsk har vi ordet kyrkjeskip som ei omsetjing av mellomalderlatin navis som tyder «skip»; den latinske bruken av ordet navis kan skyldast ei samanblanding mellom gresk ναός (jonisk νηός) som tyder «tempelrom» og tilsvarande språks ναύς (νηύς) som tyder «skip».
Kjelder |
Falk og Torp (1906): Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog
Bakgrunnsstoff |
Kyrkjearkitektur | ||
|---|---|---|
| Kyrkjebygningen: | Apsis · transept · kor · kyrkjeskip midtskip · kryss · narthex · oktogon · omgang · travé · sideskip · krypt · galleri · arkade · triforium · klerestorium · kapittelhus · sakristi · skrudhus · våpenhus | |
| Monumenttypar: | Kyrkje · kloster · kapell · katedral · dåpskapell · basilika · hallkyrkje · langkyrkje · krosskyrkje · sentralkyrkje · åttekantkyrkje · arbeidskyrkje · bedehus | |
| Bygningsdetaljar: | Streveboge · kapitel · søyle · boge · arkivolt · kvelv · portal · kuppel · rotunde · tårn · støpul · takryttar · takstol | |
| Dekorasjon: | Glasmåleri · rosevindauge · vasskastar · tympanon · skulptur · ikon · innviingskross · kross · krusifiks · freskomåleri · kalkmåleri | |
| Inventar: | Altar · altartavle · altarskåp · altarfrontal · antependium · triptykon · døypefont · preikestol · tabernakel · korstol · misericordia · ikonostasis · ciborium · baldakin · epitaf · sakrarium · sedilia · pipeorgel | |
| Periodar: | Tidleg kristen arkitektur · bysantinsk · romansk · gotikk · stavkyrkje · renessanse · barokk · rokokko · klassisisme · historisme · nygotikk · drakestil · sveitserstil · jugendstil · funksjonalisme · modernisme · postmodernisme | |