1978












< 1978 >




1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980


  • Kultur i 1978



















1978 (romartal MCMLXXVIII) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen.




Innhaldsliste






  • 1 Hendingar


    • 1.1 Utlandet


    • 1.2 Noreg




  • 2 Fødde


  • 3 Døde





Hendingar |



Utlandet |




  • 15. februar - I Rhodesia vart statsministeren Ian D. Smith og tre svarte leiarar einige om overgang til fleirtalsstyre


  • 11. mars - Eit terroråtak på motorvegen mellom Tel Aviv og Haifa drap 34 israelarar


  • 16. mars - Den tidlegare italienske statsministeren Aldo Moro vart kidnappa av Dei raude brigadane. Fem av livvaktene hans vart drepne. Ein fann liket av Moro den 9. mai.


  • 16. mars - Israelske styrkar gjekk inn i Libanon


  • 18. mars - Zulfikar Ali Bhutto vart funnen skyldig og dømt til døden for å ha gitt ordre om å drepa ein politisk motstandar


  • 24. mars - Oljetankaren Amoco Cadiz gjekk i to utanfor Bretagne og sleppte ut 50 000 tonn olje


  • 27. april - Daud Khan, presidenten av Afghanistan, vart drepen i eit militærkupp


  • 30. april - Den kommunistvennlege leiaren Nur Mohammed Taraki vart ny leiar av Den demokratiske republikken Afghanistan


  • 23. juni - Tito vart utnemnd til jugoslavisk president på livstid


  • 26. august - Albino Luciani vart vald til pave og tok namnet Johannes Paul I


  • 16. oktober - Karol Józef Wojtyła vart vald til pave og tok namnet Johannes Paul II. Han vart innsett som pave den 22. oktober


  • 22. juni - Månen Charon som går i bane rundt dvergplaneten Pluto vart oppdaga av James W. Christy


  • 14. oktober - Daniel arap Moi vart president i Kenya


  • Mokhtar Ouid Daddah vart kasta frå makta i Mauretania.



Noreg |



  • Grieghallen i Bergen var ferdig.


Fødde |




Trygve Vedum vart fødd 1. desember


Sjå òg Fødde i 1978.



  • 4. januar: Martin Knudsen, norsk fotballspelar


  • 18. januar: Thor Hushovd, norsk syklist


  • 17. april: Hannu Manninen, finsk kombinertrennar


  • 9. juni: Miroslav Klose, polsk-tysk fotballspelar


  • 19. juni: Dagny Mellgren, norsk fotballspelar


  • 28. juli: Torbjørn Røe Isaksen, norsk politikar


  • 11. september: Else Marthe Sørlie Lybekk, norsk handballspelar


  • 7. november: Line Østvold, norsk snøbrettkøyrar


  • 1. desember: Trygve Slagsvold Vedum, norsk politikar


  • 4. desember: Lars Bystøl, norsk skihoppar



Døde |




Den israelske statsministeren Golda Meir døydde 8. desember


Sjå òg Døde i 1978.



  • 18. januar: John Lyng, norsk stats- og utanriksminister


  • 1. mai: Aram Khatsjaturjan, sovjet-armensk komponist


  • 9. mai: Aldo Moro, italiensk politikar (drepen)


  • 6. august: Pave Paul VI


  • 15. august: Hartvig Kiran, norsk journalist og lyrikar


  • 30. august: Vebjørn Tandberg, norsk næringsdrivar


  • 7. september: Keith Moon, britisk rockemusikar


  • 28. september: Pave Johannes Paul I


  • 17. oktober: Sigurd Evensmo, norsk forfattar


  • 4. desember: Tancred Ibsen, norsk filmskapar


  • 8. desember: Golda Meir, israelsk statsminister



<<   1900-talet   >>

<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>










Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva