Sylte i Norddal




























Sylte
stad

Sylte i Valldal med Syltefjellet.JPG

Sylte sett frå fjorden (Syltefjellet t.h, sandtaket i bakgrunnen)

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Møre og Romsdal

Kommune

Norddal



Postnummer
6210 VALLDAL


Sylte er kommunesenteret og gard i Norddal kommune i Møre og Romsdal fylke. Staden har ligg ved Norddalsfjorden, nedst i Valldal. Valldalselva (også kalla Valldøla) renn ut i fjorden her. Sylte ligg på austsida av elva og elveosen, Muri ligg på motsett side av elva. Sylte er ein gamal gard (grend), men størstedelen av innmarka er no brukt til tomt for sentrumsbygg. Sjølve garden Sylte går om lag 2 km oppover i dalen og omfattar Ødegård og den skogkledde Syltemoa med sandtak.[1] Fram til omkring 1955 var delar av Sylte ein allmening eigd av bønder oppover i dalen, på allmenningen stod naust og såkalla kyrkjebuder der bøndene kunne sette inn hesten og lagre private saker.[2] På den tidlegare allmenningen er det no bensinstasjon, bilverkstad og daglegvareforretning.





Sylte kyrkje frå 1863.


Her ligg Sylte kyrkje, barne- og ungdomsskulen Valldal skule og andre sentrumsfunksjonar som kommunehus og bank.



Sjå òg |


  • Tettstader i Møre og Romsdal


Kjelder |





  1. Tafjord, Leonhard (1966): Hus og heim - gard og grend. Norddal bygdebøker band II. Norddal sogenemnd.


  2. Linge, Terje (2011): Årbok for Norddal.


  • SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Møre og Romsdal»



Bakgrunnsstoff |



  • Eldre fotografi frå Sylte på nettstaden til Nasjonalbiblioteket

    Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva