Sogehelten Orvar-Odd og Hjalmar den hugstore. Måleri frå 1866 av Mårten Eskil Winge.
Odd er eit namn som kan stå åleine som mannsnamn og som namnedel i både manns- og kvinnenamn. Namnedelen har norrønt opphav og kan tyda noko kvast, som ein pil- eller spydspiss.
Odd er eit mykje brukt namn i Noreg. I 2009 var det 23 245 som hadde Odd som første førenamnet, men berre 5 637 hadde det som einaste førenamn. Namnet var mest brukt på førstedelen av 1900-talet, med ein topp i 1920-åra. Då kunne opptil 2,5 % av nyfødde gutar få namnet årleg.
Innhaldsliste
1Kultur
2Namnesamansetjingar
3Kjende namneberarar
4Merknad
5Bakgrunnsstoff
Kultur |
Orvar-Odd er namnet på ein norrøn sogehelt. Namnet tyder 'Pile-Odd' eller til og med 'Pilspiss'.
Namnesamansetjingar |
Mannsnamn
Kvinnenamn
Oddbjørn
Oddgeir
Oddleif
Oddvar
Oddvin
Torodd
Oddbjørg
Oddlaug
Oddny
Oddrun
Oddveig
Kjende namneberarar |
Odd Eriksen.
Odd Sverressøn Klingenberg (1871-1944), norsk jurist, stortingspolitikar og minister
Odd Eidem (1913-1988), norsk forfattar og kritikar
Odd Aukrust (1915-2008), norsk sosialøkonom
Odd Abrahamsen (1924-2001), norsk diktar
Odd Børretzen (f. 1926), norsk forfattar
Odd Bakkerud (1931-1989), norsk hardingfelespelar
Odd Børre Sørensen (f. 1939), norsk musikar og Eurovision-deltakar
Odd Bondevik (f. 1941), norsk biskop
Odd Einar Dørum (f. 1943), norsk politikar, partileiar og justisminister
Odd Nerdrum (f. 1944), norsk kunstnar
Odd Iversen (f. 1945), norsk fotballspelar
Odd Karsten Tveit (f. 1945), norsk journalist
Odd Aalen (f. 1947), norsk matematikar
Odd Reitan (f. 1951), norsk forretningsmann
Odd Nordhaug (f. 1953), norsk forfattar og økonomiprofessor
Odd Einar Haugen (f. 1954), norsk forfattar og professor
Odd Roger Enoksen (f. 1954), norsk politikar (Sp)
Odd Eriksen (f. 1955), norsk politikar og nærings- og handelsminister
Odd-Bjørn Hjelmeset (f. 1971), norsk langrennar
Odd Nordstoga (f. 1972), norsk musikar
Merknad |
I nyare tid har menn som heiter Odd opplevd at engelsktalarar ser litt rart på dei, ettersom odd tyder rar eller underleg på engelsk.
Bakgrunnsstoff |
Søk etter norsk namnestatistikk for Odd hjå Statistisk Sentralbyrå
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...