Princeton University






Fuld Hall ved Princeton University.




Nassau Hall.


Princeton University er eit privat universitet i Princeton i New Jersey i USA. Det er den fjerde eldste institusjonen for høgare utdanning i USA, grunnlagt i byen Elisabeth i 1746 som College of New Jersey. Det låg i 2008 på tolvte plass globalt på Times si liste over verdas beste universitet.[1]


I 1896 flytta lærestaden til Princeton, og fekk samtidig namnet Princeton University. Princeton er eit av åtte Ivy League-universitet i USA.


I 2006 var det ialt 7 242 studenter ved Princeton, og skulepengane utgjorde US$ 33 000 årleg. Med 1 025 vitskapleg tilsette same året, gav det ein student:lærar-tettleik på 7:1, som er svært høgt, sjølv blant dei betre amerikanske universiteta.



Kjende studentar og tilsette |




  • James Baker – utanriksminister under president George H.W. Bush


  • Albert Einstein – arbeida ved Institute for Advanced Study (IAS) ved Princeton


  • F. Scott Fitzgerald – forfattar


  • Joschka Fischer – tidlegare tysk visekanslar og utanriksminister


  • John F. Kennedy – Den 35. presidenten i USA


  • Thomas Mann – tysk forfattar og nobelprisvinnar i litteratur


  • Toni Morrison – forfattar og nobelprisvinnar i litteratur


  • Joyce Carol Oates – forfattar


  • Robert Oppenheimer – «atombombas far», ein periode leiar for Institute for Advanced Study


  • Donald Rumsfeld – forsvarsminister under president George W. Bush


  • Brooke Shields – skodespelar


  • Woodrow Wilson – Den 28. presidenten i USA


  • Syngman Rhee – Den første presidenten i Sør-Korea


  • John Forbes Nash – professor i matematikk og vinnar av «Sveriges Riksbanks pris i økonomisk vitenskap til minne om Alfred Nobel» (daglegtale: «nobelprisen i økonomi») i 1994


  • Atle Selberg – norsk matematikar og forfattar



Referansar |





  1. Times - THES QS Top Universities, 201-300.




Bakgrunnsstoff |


  • Princeton universitys nettside


  • Denne artikkelen bygger på «Princeton University» frå Wikipedia på bokmål, den 25. januar 2009.





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?