Europarådet




Europarådet er ikkje knytt EU, og må ikkje bli forveksla med Rådet for Europaunionen og Det europeiske rådet, som begge er organ i EU.



Flybilde av Palais de l'Europe, hovedkvarteret til Europarådet, i Strasbourg.


Europarådet er ein internasjonal organisasjon med 47 medlemsstatar med 800 millionar innbyggjarar i og omkring Europa (fem asiatiske land er tatt opp som medlemer: Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Kypros og Tyrkia). Organisasjonen blei grunnlagt i London 5. mai 1949, og har sete i Strasbourg i Frankrike. Organisasjonen arbeider hovudsakleg med å fremje demokrati, menneskerettar og rettsstatsutvikling i medlemslanda.


Eit av dei viktigaste resultata til Europarådet er vedtaket av Den europeiske menneskerettskonvensjonen, som dannar grunnlaget for Den europeiske menneskerettsdomstolen. Rettspraksisen til domstolen har fått stor betydning for utviklinga av stillinga til menneskerettane i Europa, og den har tent som modell for menneskerettsdomstolar i andre delar av verda.


Europarådet vedtar både konvensjonar, anbefalingar (rekommendasjonar) og resolusjonar. Dei to offisielle språka til organisasjonen er engelsk og fransk. Den norske regjeringa legger årleg fram ei stortingsmelding om arbeidet i Europarådet. Sekretariatet i Europarådet har om lag 1 800 tilsette.





Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Hudsonelva