Ípiros
Ípiros Ήπειρος | |
---|---|
| |
Land: | Hellas |
Hovudstad: | Ioánnina |
Periferieiningar: | Ioánnina Árta Préveza Thesprotía |
Folketal: | 336 856 (2011[1]) |
Areal: | 9 203 km² |
Folketettleik: | 37 /km² |
Heimeside: | wwww.php.gov.gr |
Ípiros (gresk Ήπειρος, albansk Epir) er ein av tretten periferiar i Hellas og ligg nordvest i landet. Han fell i hovudsak saman med den tradisjonelle regionen med same namn. Periferien grensar til Vest-Makedonía og Thessalía i aust, Ártabukta og Vest-Hellas i sør, Det joniske havet og Dei joniske øyane i vest og Albania i nord.
Ípiros omfattar dei tidlegare prefektura Ioánnina, Thesprotía, Árta og Préveza. Periferien har eit areal på 9 200 km² og ein folkesetnad på om lag 340 000. Hovudstaden og største by er Ioánnina med om lag 65 000 innbyggjarar. Folkesetnaden i dag er nesten utelukkande greskspråkleg og religionen er gresk ortodoks. Det er òg små romani-minoritetar der.
Innhaldsliste
1 Periferieiningar og kommunar
2 Periferi og periferieiningar
3 Historie
4 Geografi
5 Byar og tettstader
6 Referansar
Periferieiningar og kommunar |
Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Ípiros delt inn i fire periferieiningar som omfattar 18 kommunar.[2]
Periferieining | Innbyggjarar | Kommunar |
---|---|---|
Ioánnina | 167 901 | Ioánnina, Kónitsa, Pogóni, Zagóri, Métsovo, Zítsa, Nord-Tzoumérka, Dodóni |
Árta | 67 877 | Árta, Sentral-Tzoumérka, Nikólaos Skoufás, Jeórjos Karaiskákis |
Préveza | 57 491 | Préveza, Zirós, Párga |
Thesprotía | 43 587 | Igoumenítsa, Soúli, Filiátes |
Kommune | Periferieining | Areal | Folketal | Hovudsete | |
---|---|---|---|---|---|
1 | Ioánnina | Ioánnina | 402,0 | 112 486 | Ioánnina |
2 | Kónitsa | Ioánnina | 949,9 | 6 362 | Kónitsa |
3 | Pogóni | Ioánnina | 702,5 | 8 960 | Kalpáki |
4 | Zagóri | Ioánnina | 995,3 | 3 724 | Asprángeli |
5 | Métsovo | Ioánnina | 366,8 | 6 196 | Métsovo |
6 | Zítsa | Ioánnina | 566,3 | 14 766 | Eleoúsa |
7 | Nord-Tzoumérka | Ioánnina | 361,5 | 5 714 | Prámanda |
8 | Dodóni | Ioánnina | 663,0 | 9 693 | Ajía Kyriakí |
9 | Árta | Árta | 436,8 | 43 166 | Árta |
10 | Sentral-Tzoumérka | Árta | 515,9 | 6 178 | Vourgaréli |
11 | Nikólaos Skoufás | Árta | 225,9 | 12 753 | Péta |
12 | Jeórjos Karaiskákis | Árta | 466.7 | 5 780 | Áno Kalendíni |
13 | Préveza | Préveza | 381,6 | 31 733 | Préveza |
14 | Zirós | Préveza | 386,2 | 13 892 | Filippiáda |
15 | Párga | Préveza | 276,5 | 11 866 | Kanalláki |
16 | Igoumenítsa | Thesprotía | 426,6 | 25 814 | Igoumenítsa |
17 | Soúli | Thesprotía | 501,9 | 10 063 | Paramythiá |
18 | Filiátes | Thesprotía | 590,6 | 7 710 | Filiátes |
Periferi og periferieiningar |
Den tradisjonelle regionen fell i hovudsak saman med periferien Ípiros med desse periferieiningane:
Periferi | Hovudstad | Areal | Folketal[1] | |
---|---|---|---|---|
Ípiros består av: | Ioánnina | 9 203 km² | 336 856 | |
1 | Periferieininga Ioánnina | Ioánnina | 4 990 km² | 167 901 |
2 | Periferieininga Árta | Árta | 1 662 km² | 67 877 |
3 | Periferieininga Préveza | Préveza | 1 036 km² | 57 491 |
4 | Periferieininga Thesprotía | Igoumenítsa | 1 515 km² | 43 587 |
Totalt | Ípiros | 9 203 km² | 336 856 |
Historie |
Historisk strakk Ípiros seg lenger nord inn i dagens Albania. Det er framleis ein betydeleg gresk minoritet i det sørlege Albania, som grekarane kallar nordlege Ípiros. Hellas fastheldt eit territorielt krav til det sørlege Albania i mange år, men i dag har begge landa godkjent den noverande grensa. Hellas si største uro i dag er ulovleg innvandring av albanarar som søkjer arbeid i Hellas.
Geografi |
Ípiros består hovudsakleg av fjellrekkjer som nokre stader når 2 600 moh. I aust formar Píndosfjella ryggrada i Hellas og skil Ípiros frå Makedonia og Thessalía. Mesteparten av Ípiros ligg på vindsida av Píndos. Vindane frå Det joniske havet gjev regionen meir regn enn nokon anna del av Hellas. Denne fordelen er sett tilbake av mangelen på dyrkbar mark og dårleg jordkvalitet. Resultatet er at landbruksproduksjonen i Ípiros alltid har vore blant dei dårlegaste i Hellas. Det vert dyrka tobakk rundt Ioánnina, og det er noko mjølkeproduksjon og fiske, men mesteparten av maten i området må importerast. Det har vorte jamt avfolka gjennom emigrasjon sidan 1800-talet pga. få ressursar og industriar. Folkesetnaden er konsentrert i området rundt Jonnina som har noko produksjon og serviceindustri. Trass i mange attraksjonar har ikkje Ípiros opplevd den turismen som mange andre delar av Hellas har.
Byar og tettstader |
Dei største byane og tettstadene i periferien er:
Tettstad | Kommune | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Ioánnina | Ioánnina | 65 574 |
Árta | Árta | 21 895 |
Préveza | Préveza | 19 042 |
Anatolí | Ioánnina | 9 798 |
Igoumenítsa | Igoumenítsa | 9 145 |
Filippiáda | Zirós | 4 619 |
Katsikás | Ioánnina | 3 885 |
Eleoúsa | Zítsa | 3 484 |
Kardamítsia | Ioánnina | 3 172 |
Exokhí | Ioánnina | 2 975 |
Kónitsa | Kónitsa | 2 942 |
Pediní | Ioánnina | 2 871 |
Néa Selévkia | Igoumenítsa | 2 535 |
Kanalláki | Párga | 2 513 |
Filiátes | Filiátes | 2 512 |
Métsovo | Métsovo | 2 503 |
Paramythiá | Soúli | 2 363 |
Párga | Párga | 2 088 |
Referansar |
↑ 1,01,11,2 Folketeljing 2011, revidert
↑ Kallikratis-reforma
Periferiar i Hellas | |
---|---|
Aust-Makedonía og Thráki • Sentral-Makedonía • Vest-Makedonía • Ípiros • Thessalía • Dei joniske øyane • Vest-Hellas • Sentral-Hellas • Attikí • Peloponnes • Dei nordlege egeiske øyane • Dei sørlege egeiske øyane • Kreta | |
Áthos (sjølvstyrt område i Gresk Makedonia) |
Ípiros | |
---|---|
Periferieininga Ioánnina | Ioánnina • Kónitsa • Pogóni • Zagóri • Métsovo • Zítsa • Nord-Tzoumérka • Dodóni |
Periferieininga Árta | Árta • Sentral-Tzoumérka • Nikólaos Skoufás • Jeórjos Karaiskákis |
Periferieininga Préveza | Préveza • Zirós • Párga |
Periferieininga Thesprotía | Igoumenítsa • Soúli • Filiátes |
Tradisjonelle regionar i Hellas | ||
---|---|---|
Thráki • Makedonía • Ípiros • Thessalía • Sentral-Hellas • Attikí • Peloponnes • Dei egeiske øyane • Dei joniske øyane • Kreta |
|