Eurovision Song Contest 2013
Eurovision Song Contest 2013 | ||||
---|---|---|---|---|
We Are One | ||||
| ||||
Dato | ||||
Semifinale 1 | 14. mai 2013 | |||
Semifinale 2 | 16. mai 2013 | |||
Finalen | 18. mai 2013 | |||
Vertskap | ||||
| ||||
| ||||
| ||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Semifinale 1 | Teiknspråktolking av «Euphoria» med barn og Loreen | |||
Semifinale 2 | Urban Orchestra (koreografert av Jennie Widegren og Fredrik Rydman) | |||
Finalen | «We Write the Story» (komponert av Björn Ulvaeus, Benny Andersson og Avicii) | |||
Pausenummer | ||||
Semifinale 1 | Northern Lights (koreografert av Jennie Widegren og Fredrik Rydman og komponert av Kleerup) | |||
Semifinale 2 | Swedish Pop Voices med Darin og Agnes | |||
Finalen | Carola og Loreen | |||
Bidrag | ||||
| ||||
| ||||
| ||||
| ||||
Kart | ||||
██ Deltok██ Delteke tidlegare██ Aldri delteke | ||||
Røysting | ||||
| ||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Eurovision Song Contest 2013 (ESC 2013), offisielt 58. Eurovision Song Contest, vil vere den 58. gongen Eurovision Song Contest vert arrangert. Tevlinga vil verte halden i Malmö i Sverige, etter at Loreen vann Eurovision Song Contest 2012 med songen «Euphoria». Tre byar var interessert i å arrangere tevlinga, og 8. juli 2012 vart Malmö Arena valt som arena av Sveriges Television (SVT). Det vil vere femte gong Sverige arrangerer tevlinga og andre gong Malmö er vertsby, etter å ha arrangert tevlinga i 1992. Datoen for dei to semifinalane er 14. og 16. mai 2013, og finalen vil verte halden om kvelden 18. mai 2013.[1] 39 land vil delta, inkludert Armenia som sist var med i 2011.[2][3]Bosnia-Hercegovina, Portugal, Slovakia og Tyrkia har annonsert at dei trekkjer seg frå tevlinga i 2013.[4][5][6][7]
For fyrste gong på 20 år klårte ingen av landa frå det tidlegare Jugoslavia å kvalifisere seg til finalen.[8]
Innhaldsliste
1 Malmö
1.1 Tildelingsprosessen
2 Format
2.1 Programleiar
2.2 Grafisk design
2.3 Billettsal
2.4 Sponsorar
2.5 Semifinaletrekning
3 Hendingar
3.1 Armenia
3.2 Aserbajdsjan
3.3 Aserbajdsjan, Russland og Kviterussland
3.4 Terrormål
4 Semifinale 1
5 Semifinale 2
6 Finalen
7 Tidlegare deltakarar
8 Andre land
9 Andre prisar
9.1 OGAE
10 Kommentatorar
11 Fotnotar
12 Bakgrunnsstoff
Malmö |
- For meir om dette emnet, sjå Malmö.
8. juli 2012 gjorde SVT kjent at Malmö Arena vil arrangere Eurovision Song Contest 2013. Dette vil verte den femte gongen tevlinga vert stelt til i Sverige, og andre gongen i Malmö. Dei tidlegare gongene var i 1975, 1985, 1992 (Malmö) og 2000.
Malmö ligg i Skåne og er den tredje største byen i Sverige etter innbyggjartal, etter Stockholm og Göteborg, og er ein av dei største byane i Skandinavia. Malmö er administrasjonssenter i Malmö kommun og hovudstad i Skåne län. Den administrative eininga for det meste av byen er Malmö kommun, som har 303 873 innbyggjarar, der 30 prosent er av utanlandsk opphav.[9] Ein del av Malmö ligg òg formelt i Burlövs kommun. Det totale innbyggjartalet i område var på 280 415 i desember 2010.[10]
Tildelingsprosessen |
Natta etter finalen i Eurovision Song Contest 2012 sa administrerande direktør i SVT, Eva Hamilton, at ulike arenaer i Stockholm, Göteborg og Malmö kunne vere moglege vertsstader for Eurovision Song Contest 2013.[11]Globen, der Eurovision Song Contest 2000 vart arrangert, skal arrangere Verdsmeisterskapen i ishockey 2013 og vil difor ikkje ha høve til å arrangere tevlinga.
20. juni 2012 vart det annonsert at Göteborg ikkje lenger ynskte å arrangere finalen av di byen skal arrangere Göteborg Horse Show seint i april 2013. Det var òg mogleg at det ikkje ville vere nok hotellrom av di det vert arrangert fleire arrangement på same tid som Eurovision Song Contest 2013.[12]
Stockholm og Malmö har reservert arenaer og hotellrom, som ein del av boda deira for å arrangere Eurovision Song Contest 2013.[13] 8. juli 2012 vart Malmö Arena valt ut som vertsby for tevlinga.
By | Arena | Kapasitet | Merknad |
---|---|---|---|
Stockholm (Solna) | Friends Arena | 67 500 | Framleis under konstruksjon. Vil arrangere finalen i Melodifestivalen 2013 i mars, i tillegg til finalen i Svenska cupen i fotball 2013 fem dagar etter Eurovision Song Contest 2013. |
Malmö | Malmö Arena | 15 500 | Arenaen har arrangert fleire semifinalar i Melodifestivalen dei siste fire åra. |
Göteborg | Scandinavium | 14 000 | Arenaen arrangerte Eurovision Song Contest 1985. |
Svenska Mässan | Ukjend |
SVT hadde eit ynskje om å arrangere tevlinga på ein mindre arena enn tidlegare, og dette var ein av faktorane som spelte inn då dei valte Malmö Arena.[14]Martin Österdahl, hovudansvarleg for Eurovision Song Contest 2013, fortalde svensk presse at han ikkje likar vedtaket frå tidlegare vertsland om at tevlinga må arrangerast i større arenaer. SVT ynskjer difor at tevlinga skal vere «meir nær og personleg».[14][15] Ifylgje SVT ynskjer òg EBU at Eurovision Song Contest må verte «mindre» på grunn av høgare kostnadar.[15]
Format |
Programleiar |
17. oktober 2012 sa produsent Martin Österdahl til avisa Dagens Nyheter at SVT berre vil ha ein programleiar, ulikt tidlegare år der det har vore opp til tre programleiarar. Sist gong det berre var ein programleiar var i 1995 då Mary Kennedy leia tevlinga frå Dublin i Irland.[16][17] 28. januar 2013 vart Petra Mede annonsert som programleiar for Eurovision Song Contest 2013.[18] 8. mai 2013 vart det kjend at Eric Saade, som representerte Sverige i 2011, vil vere green room-programleiar i finalen.[19]
Grafisk design |
Den visuelle utsjånaden på tevlinga vert laga av Happy F&B.[20]
Billettsal |
11. juli 2012 råda produsent Christer Björkman til at folk ikkje skulle kjøpe billettar som var i omlaup, men heller vente til dei vart gjeven ut gjennom offisielle kanalar av di dei offisielle billettane hadde ikkje vorte lagt ut for sal.[21] Björkman gav òg forsikring om at det ville vere nok hotellrom, så medan arrangørane hadde bestilt fleire rom, kan nokon òg ha vorte tilgjengeleg for publikum.[21] 21. november 2012 annonserte SVT at dei offisielle billettane ville verte lagt ut for sal 26. november 2012.[22]
Sponsorar |
Den offisielle sponsoren for kringkastinga er det svenske telekommunikasjonsføretaket TeliaSonera, og det tyske kosmetikkføretaket Schwarzkopf.[23][24]
Semifinaletrekning |
Ulikt tidlegare år vil ein i 2013 ikkje trekkje eit startnummer til kvart bidrag, men i staden for vil produsentane velje ut startrekkjefylgja av di det programmet skal verte meir spennande og for at alle bidraga skal få skilje seg meir ut, slik at ikkje like bidrag ryk ut av di dei er for like.[25] Endringa førte til blanda reaksjonar frå fans og kringkastarar.[26][27][28][29][30] 3. januar 2013 annonserte EBU at semifinaletrekninga ville finne stad 17. januar 2013 i Malmö rådhus.[31] Startrekkjefylgja vil verte presentert i april.[32]
For å lage meir spenning, slik som tidlegare år, vart 30 land delt inn i fem grupper basert på korleis dei har røysta dei siste ni åra. Gruppene vart sett saman av Diagam.[33]
Gruppe 1 | Gruppe 2 | Gruppe 3 | Gruppe 4 | Gruppe 5 |
---|---|---|---|---|
Albania | Estland | Armenia | Belgia | Austerrike |
Sidan Malmö ligg nært geografisk til både Danmark og Norge vart det stadfesta at dei to landa ville ikkje ville delta i same semifinale for å maksimere tilgjenge på billetter til båe landa. Ei trekning på hovudkvarteret til EBU vart det stadfesta at Danmark vil delta i den fyrste semifinalen og Noreg i den andre semifinalen.[25] Israel fekk òg ein plass i den andre semifinalen av di 14. mai er nasjonal fridag.[34] Storbritannia, Tyskland, Italia, Spania, Frankrike, òg kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen og fekk dimed berre vite kva for semifinale dei vil røyste i. Sverige, Italia og Storbritannia vil røyste i den fyrste semifinalen og Spania, Tyskland og Frankrike vil røyste i den andre semifinalen.[35]
Hendingar |
Armenia |
Røyster frå den armenske disporaen i Nederland og Belgia til Armenia skal truleg ikkje ha vore korrekt talt opp.[36] Armenia fekk ikkje poeng frå Nederland og Belgia for fyrste gong sidan dei debuterte i 2006.
Aserbajdsjan |
Før tevlinga vart det rapportert i litauiske medium om at ein skjult kamera-video var publisert på YouTube og det såg ut til at Aserbajdsjan kjøpte telefonrøyster frå Litauen. Litauen enda opp med å gje Aserbajdsjan maksimum tolv poeng. Studentar sa at dei vart kontakta av menn som ville gje dei 20 euro kvar om dei røysta fleire gonger på eit bidrag. Målet deira var å få grupper på ti personar til å røyste på Aserbajdsjan. Av di ein berre kan røyste 20 gonger fekk studentane SIM-kort der ein kunne røyste så mange gonger som mogleg i laupet av dei 15 minutta røystinga varte. Dialogen i videoen tyda på at liknande hendingar fann stad i totalt 15 land, inkludert Latvia, Estland, Kviterussland, Ukraina, Kroatia og Sveits.[37][38][39]
Som svar publiserte den offisielle Eurovision-nettstaden Eurovision.tv ein nyhendeartikkel, signert Jon Ola Sand. Sand sa at arrangørane av tevlinga ynskte eit «rettferdig og transparent resultat». Han sa: «Me undersøkjer denne saka, men vil understreke at hensikta til desse personane ikkje har vorte avklåra, og at det heller ikkje er etablert noko kopling mellom personane i videoen og den aserbajdsjanske delegasjonen, det aserbajdsjanske bidraget eller den aserbajdsjanske kringkastaren som er medlem av EBU, İctimai Televiziya və Radio Yayımları Şirkəti». Han la til at det sidan 1998, då han fyrst vart involvert i tevlinga, «har gått rykte kvart år om uregelmessigheiter i avrøystinga».[40]
Aserbajdsjan, Russland og Kviterussland |
Då Aserbajdsjan ikkje gav poeng til det russiske bidraget, sjølv om Russland truleg kom på andreplass i telefonrøystinga til Aserbajdsjan, ville den aserbajdsjanske presidenten İlham Əliyev ha ei gransking. Den russiske utanriksministeren Sergei Lavrov hevda at resultatet hadde vorte forfalska, og sa: «Denne opprørande handlinga vil ikkje gå utan eit svar». Han lova ein korrigert respons med den aserbajdsjanske utanriksminsteren Elmar Məmmədyarov. Samstundes hevda den kviterussiske presidenten Alexander Lukashenko at røystene måtte ha vorte forfalska av di Kviterussland ikkje fekk nokre poeng frå Russland.[41]
Terrormål |
11. mai 2013 vart det funne ei veske som ein trudde kunne innehalde ei bombe, framfor inngangen til Radisson Blu Hotel i Malmö, der den israelske, finske og britiske delegasjonen budde. Eit område på om lag 100 meter rundt hotellet vart sperra av av politiet. Då ei bombegruppe undersøkte veska viste det seg at det berre var bagasje som var gløymt att utanfor hotellet.[42][43][44][45][46]
Semifinale 1 |
- Italia, Sverige og Storbritannia vil røyste i denne semifinalen.
#[47] | Land[47] | Artist[47] | Song[47] | Språk[47] | Låtskrivar[47] | Poeng[47] | Plass[47] |
---|---|---|---|---|---|---|---|
01 | Austerrike | Natália Kelly | «Shine» | Engelsk | Andreas Grass, Nikola Paryla, Alexander Kahr og Natália Kelly | 14 | 27 |
02 | Estland | Birgit | «Et uus saaks alguse» | Estisk | Mihkel Mattisen og Silvia Soro | 10 | 52 |
03 | Slovenia | Hannah | «Straight Into Love» | Engelsk | Hannah Mancini, Gregor Zemljic, Erik Margan, Matija Rodic og Marko Primuzak | 16 | 8 |
04 | Kroatia | Klapa s Mora | «Mižerja» | Kroatisk | Goran Topolovac | 13 | 38 |
05 | Danmark | Emmelie de Forest | «Only Teardrops» | Engelsk | Lise Cabble, Julia Fabrin Jakobsen og Thomas Stengaard | 1 | 167 |
06 | Russland | Dina Garipova | «What If» | Engelsk | Gabriel Alares, Joakim Björnberg og Leonid Gutkin | 2 | 156 |
07 | Ukraina | Zlata Ognevitsj | «Gravity» | Engelsk | Mikhail Nekrasov og Karen Kavaleryan | 3 | 140 |
08 | Nederland | Anouk | «Birds» | Engelsk | Tore Johansson, Martin Gjerstad og Anouk Teeuwe | 6 | 75 |
09 | Montenegro | Who See | «Igranka» | Montenegrinsk | Djordje Miljenovic, Dejan Dedovic og Mario Djordjevic | 12 | 41 |
10 | Litauen | Andrius Pojavis | «Something» | Engelsk | Andrius Pojavis | 9 | 53 |
11 | Kviterussland | Alena Lanskaja | «Solayoh» | Engelsk | Marc Paelinck og Martin King | 7 | 64 |
12 | Moldova | Aliona Moon | «O mie» | Rumensk | Pasha Parfeny og Yuliana Scutaru | 4 | 95 |
13 | Irland | Ryan Dolan | «Only Love Survives | Engelsk | Wez Devine og Ryan Dolan | 8 | 54 |
14 | Kypros | Déspina Olymbíou | «An me thimáse» | Gresk | Andreas Giorgallis og Zenon Zintillis | 15 | 11 |
15 | Belgia | Roberto Bellarosa | «Love Kills» | Engelsk | Iain James og Jukka Immonen | 5 | 75 |
16 | Serbia | Moje 3 | «Ljubav je svuda» | Serbisk | Saša Milošević Mare og Marina Tucaković | 11 | 46 |
Semifinale 2 |
- Tyskland, Frankrike og Spania vil røyste i denne semifinalen.
#[47] | Land[47] | Artist[47] | Song[47] | Språk[47] | Låtskrivar[47] | Poeng[47] | Plass[47] |
---|---|---|---|---|---|---|---|
01 | Latvia | PeR | «Here We Go» | Engelsk | Ralfs Eilands og Arturas Burke | 17 | 13 |
02 | San Marino | Valentina Monetta | «Crisalide (Vola)» | Italiensk | Ralph Siegel og Mauro Balestri | 11 | 47 |
03 | Makedonia | Esma og Lozano | «Pred da se razdeni» | Makedonsk og romanés | Darko Dimitrov, Lazar Cvetkovski, Simeon Atanasov og Magdalena Cvetkovska | 16 | 28 |
04 | Aserbajdsjan | Fərid Məmmədov | «Hold Me» | Engelsk | Dimítris Kontópoulos, John Ballard og Ralph Charlie al-Fahel | 1 | 139 |
05 | Finland | Krista Siegfrids | «Marry Me» | Engelsk | Krista Siegfrieds, Erik Nyholm, Kristofer Karlsson og Jessika Lundström | 9 | 64 |
06 | Malta | Gianluca Bezzina | «Tomorrow» | Engelsk | Boris Cezek og Dean Muscat | 4 | 118 |
07 | Bulgaria | Elitsa Todorova og Stoyan Yankoulov | «Samo shampioni» | Bulgarsk | Elitsa Todorova og Christian Talev | 12 | 45 |
08 | Island | Eythor Ingi | «Ég á líf» | Islandsk | Örlygur Smári og Pétur Örn Gudmundsson | 6 | 72 |
09 | Hellas | Koza Mostra og Agáthonas Iakovídis | «Alcohol Is Free» | Gresk og engelsk | Stathis Paxidis og Ilias Kozas | 2 | 121 |
10 | Israel | Moran Mazor | «Rak bishvilo» | Hebraisk | Hen Harari og Gal Sarig | 14 | 40 |
11 | Armenia | Gor Sujyan | «Lonely Planet» | Engelsk | Tony Iommi og Vardan Zadoyan | 7 | 69 |
12 | Ungarn | ByeAlex | «Kedvesem» (Zoohacker Remix) | Ungarsk | Alex Márta og Zoltán Palásti Kovács | 8 | 66 |
13 | Noreg | Margaret Berger | «I Feed You My Love» | Engelsk | Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson | 3 | 121 |
14 | Albania | Adrian Lulgjuraj og Bledar Sejko | «Identitet» | Albansk | Bledar Sejko og Eda Sejko | 15 | 31 |
15 | Georgia | Sopho Gelovani og Nodiko Tatishvili | «Waterfall» | Engelsk | Thomas G:son og Erik Bernholm | 10 | 63 |
16 | Sveits | Takasa | «You and Me» | Engelsk | Georg Schlunegger, Roman Camenzind og Fred Herrmann | 13 | 41 |
17 | Romania | Cezar | «It's My Life» | Engelsk | Cristian Faur | 5 | 83 |
Finalen |
- Frankrike, Tyskland, Italia, Spania, Storbritannia og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen.
# | Land | Artist | Song | Språk | Låtskrivar | Poeng | Plass |
---|---|---|---|---|---|---|---|
01 | Frankrike | Amandine Bourgeois | «L'enfer et moi» | Fransk | David Salkin og Boris Bergman | 014 | 23 |
02 | Litauen | Andrius Pojavis | «Something» | Engelsk | Andrius Pojavis | 017 | 22 |
03 | Moldova | Aliona Moon | «O mie» | Rumensk | Pasha Parfeny og Yuliana Scutaru | 071 | 11 |
04 | Finland | Krista Siegfrids | «Marry Me» | Engelsk | Krista Siegfrieds, Erik Nyholm, Kristofer Karlsson og Jessika Lundström | 013 | 24 |
05 | Spania | ESDM | «Contigo hasta el final» | Spansk og engelsk | Raquel del Rosario, David Feito og Juan Suárez | 008 | 25 |
06 | Belgia | Roberto Bellarosa | «Love Kills» | Engelsk | Iain James og Jukka Immonen | 071 | 12 |
07 | Estland | Birgit | «Et uus saaks alguse» | Estisk | Mihkel Mattisen og Silvia Soro | 019 | 20 |
08 | Kviterussland | Alena Lanskaja | «Solayoh» | Engelsk | Marc Paelinck og Martin King | 048 | 16 |
09 | Malta | Gianluca Bezzina | «Tomorrow» | Engelsk | Boris Cezek og Dean Muscat | 120 | 08 |
10 | Russland | Dina Garipova | «What If» | Engelsk | Gabriel Alares, Joakim Björnberg og Leonid Gutkin | 174 | 05 |
11 | Tyskland | Cascada | «Glorious» | Engelsk | Yann Peifer, Manuel Reuter, Andres Ballinas og Tony Cornelissen | 018 | 21 |
12 | Armenia | Gor Sujyan | «Lonely Planet» | Engelsk | Tony Iommi og Vardan Zadoyan | 041 | 18 |
13 | Nederland | Anouk | «Birds» | Engelsk | Tore Johansson, Martin Gjerstad og Anouk Teeuwe | 114 | 09 |
14 | Romania | Cezar | «It's My Life» | Engelsk | Cristian Faur | 065 | 13 |
15 | Storbritannia | Bonnie Tyler | «Believe in Me» | Engelsk | Desmond Child, Lauren Christy og Christopher Braide | 023 | 19 |
16 | Sverige | Robin Stjernberg | «You» | Engelsk | Robin Stjernberg, Joy Deb, Linnea Deb og Joakim Harestad Haukaas | 062 | 14 |
17 | Ungarn | ByeAlex | «Kedvesem» (Zoohacker Remix) | Ungarsk | Alex Márta og Zoltán Palásti Kovács | 084 | 10 |
18 | Danmark | Emmelie de Forest | «Only Teardrops» | Engelsk | Lise Cabble, Julia Fabrin Jakobsen og Thomas Stengaard | 281 | 01 |
19 | Island | Eythor Ingi | «Ég á líf» | Islandsk | Örlygur Smári og Pétur Örn Gudmundsson | 047 | 17 |
20 | Aserbajdsjan | Fərid Məmmədov | «Hold Me» | Engelsk | Dimítris Kontópoulos, John Ballard og Ralph Charlie al-Fahel | 234 | 02 |
21 | Hellas | Koza Mostra og Agáthonas Iakovídis | «Alcohol Is Free» | Gresk og engelsk | Stathis Paxidis og Ilias Kozas | 152 | 06 |
22 | Ukraina | Zlata Ognevitsj | «Gravity» | Engelsk | Mikhail Nekrasov og Karen Kavaleryan | 214 | 03 |
23 | Italia | Marco Mengoni | «L'essenziale» | Italiensk | Francesco De Benedittis, Roberto Casalino og Marco Mengoni | 126 | 07 |
24 | Noreg | Margaret Berger | «I Feed You My Love» | Engelsk | Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson | 191 | 04 |
25 | Georgia | Sopho Gelovani og Nodiko Tatishvili | «Waterfall» | Engelsk | Thomas G:son og Erik Bernholm | 050 | 15 |
26 | Irland | Ryan Dolan | «Only Love Survives | Engelsk | Wez Devine og Ryan Dolan | 005 | 26 |
Tidlegare deltakarar |
Armenia – Gor Sujyan var bakgrunnsvokalist for Armenia i 2010.
Bulgaria – Eliza Todorowa og Stojan Jankulow representerte Bulgaria i 2007.
San Marino – Valentina Monetta representerte San Marino i 2012. Ralph Siegel var låtskrivar for Luxembourg i 1974, 1980 og 1985, Vest-Tyskland i 1976, 1979, 1980, 1981, 1982, 1987, 1988, 1990, Tyskland i 1992, 1994, 1997, 1999, 2002 og 2003, Sveits i 2006, Montenegro i 2009 og San Marino i 2012.
Georgia – Thomas G:son var låtskrivar for Sverige i 2001, 2006 og 2012, Noreg i 2007, Spania i 2007 og 2012 og Danmark i 2010.
Belgia – Iain James var låtskrivar for Aserbajdsjan i 2011.
Kypros – Andreas Giorgallis var låtskrivar for Kypros i 1996.
Serbia – Nevena Božović representerte Serbia i Junior Eurovision Song Contest 2007 og vart den fyrste som deltok i Eurovision Song Contest etter å ha delteke i Junior Eurovision Song Contest.
Albania – Bledar Sejko var gitarist for Albania i 2011.
Moldova – Aliona Moon var bakgrunnsvokalist for Moldova i 2012. Pasha Parfeny var låtskrivar og representant for Moldova i 2012.
Estland – Lauri Pihlap og Kaido Põldma var ein del av gruppa 2XL som vann Eurovision Song Contest 2001 for Estland.
Andre land |
Andorra – På eit møte med hovudansvarleg for EBU, Ingrid Deltenre, sa den andorranske statsministeren, Antoni Martí, at Andorra ikkje vil delta i 2013 på grunn av invisteringskutt.[48]
Bosnia-Hercegovina – Landet vil ikkje delta i 2013.[4]
Liechtenstein – Hovudansvarleg i 1 Fürstentum Liechtenstein Television (1FLTV), Peter Kölbel, har sagt at på grunn av mangel på økonomiske tilskot frå regjeringa vil dei ikkje ha høve til å delta før i 2013.[49]
Luxembourg – 13. september 2012 annonserte RTL Télé Lëtzebuerg at dei ikkje vil kome attende i 2013 på grunn av mangel på tilgjengelege ressursar.[50]
Monaco – 24. september 2012 melde Télé Monte Carlo (TMC) at Monaco ikkje vil kome attende i 2013 av ukjende grunnar.[51]
Marokko – 20. september 2012 stadfesta Société Nationale de Radiodiffusion et de Télévision (SNRT) at Marokko ikkje vil kome attende i 2013, sjølv om grunnane til dette ikkje har vorte publisert.[52]
Polen – Telewizja Polska (TVP) vil i oktober 2012 avgjere om landet skal kome attende i 2013.[53] Polen trekte seg i 2012 av di kringkastaren valte å fokusere på VM i fotball 2012, som Polen og Ukraina arrangerte, samt sommar-OL 2012 og sommar-PL 2012.[54]
Portugal – 22. november 2012 stadfesta Rádio e Televisão de Portugal (RTP) at Portugal ikkje vil delta i 2013. Ein veit framleis ikkje om landet vil delta i 2014.[5]
Slovakia – 4. desember 2012 annonserte Rozhlas a televízia Slovenska (RTVS) at Slovakia ikkje vil delta i 2013.[6]
Tsjekkia – Den tsjekkiske kringkastaren Česká televize (ČT) har annonsert at dei ikkje har til intensjon å delta i 2013.[55]
Tyrkia – 14. desember 2012 annonserte Türkiye Radyo ve Televizyon Kurumu (TRT) at Tyrkia trekkjer seg frå tevlinga av di dei ikkje er nøgd med røystesystemet og statusen Storbritannia, Tyskland, Spania, Frankrike og Italia har i Eurovision Song Contest.[7] Dei fem landa er kjend som Dei fem store av di dei er dei største bidragsytarane, og difor alltid direktekvalifisert til finalen.
Andre prisar |
OGAE |
- For meir om dette emnet, sjå OGAE.
OGAE er eit av dei to store internasjonale fanklubbnettverka til Eurovision Song Contest. Fanklubben starta i 1984 i Finland, lenge etter den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956. Alle land som deltek eller har delteke i Eurovision Song Contest kan ha si eige OGAE. Land som ikkje har delteke i Eurovision Song Contest er samla under OGAE Rest of the World, som vart starta i 2004.[56]
Ein årleg tradisjon mellom OGAE-klubbane halde ei røysting for å finne favorittbidraget til medlemmane. Under er dei fem beste bidraga etter at 39 klubbar har røysta.[57]
Land | Artist | Song | Låtskrivar | OGAE-resultat |
---|---|---|---|---|
Danmark | Emmelie de Forest | «Only Teardrops» | Lise Cabble, Julia Fabrin Jakobsen og Thomas Stengaard | 374 |
San Marino | Valentina Monetta | «Crisalide (Vola)» | Mauro Balestri og Ralph Siegel | 282 |
Noreg | Margaret Berger | «I Feed You My Love» | Karin Park og MachoPsycho | 269 |
Tyskland | Cascada | «Glorious» | Yann Peifer, Manuel Reuter, Andres Ballinas og Tony Cornelissen | 195 |
Italia | Marco Mengoni | L'essenziale | Marco Mengoni, Roberto Casalino og Francesco De Benedettis | 177 |
Kommentatorar |
Armenia – André og Arevik Udumyan (Armenia 1)[58]
Australia – Julia Zemiro og Sam Pang (SBS One, semifinalane og finalen)[59]
Austerrike – Andi Knoll (ORF eins, semifinalane og finalen)[60]
Kviterussland – Evgeny Perlin (Belarus-1 og Belarus-24, semifinalane og finalen)[61]
Belgia – Nederlandsk: André Vermeulen og Tom De Cock (één og Radio 2),[62]fransk: Maureen Louys og Jean-Louis Lahaye (La Une)[63]
Kroatia – Duško Ćurlić (HRT 2, semifinalane; HRT 1, finalen)[64][65]
Kypros – Melina Karageorgiou (RIK 1, all shows)[66]
Danmark – Ole Tøpholm (DR1)[67]
Estland – Marko Reikop (ETV)[68]
Finland – Finsk: Aino Töllinen og Juuso Mäkilähde, svensk: Eva Frantz og Johan Lindroos (Yle TV2, Yle HD og Yle Fem), Sanna Kojo og Jorma Hietamäki (Yle Radio Suomi)[69][70]
Frankrike – Audrey Chauveau og Bruno Berberes (France Ô, semifinale 2),[71]Cyril Féraud og Mireille Dumas (France 3, finalen)[72]
Tyskland – Peter Urban (EinsFestival, semifinalane; Das Erste, finalen)[73]
Hellas – Maria Kozakou og Giorgos Kapoutzidis (NET, semifinalane og finalen)[74][75]
Ungarn - Gábor Gundel Takács (m1, semifinalane og finalen)[76]
Island – Felix Bergsson (RÚV)[77]
Irland – Marty Whelan (RTÉ Two, semifinalane; RTÉ One, finalen)[78]
Italia – Federica Gentile (Rai 5, semifinale 1), Filippo Solibello, Marco Ardemagni og Natascha Lusenti (Rai 2/Rai HD, finalen)[79][80]
Latvia – Valters Frīdenbergs (LTV1, semifinalane og finalen), Kārlis Būmeistars (finalen)[81]
Litauen – Darius Užkuraitis (LRT, semifinalane og finalen)[82]
Makedonia – Karolina Petkovska (MRT 1, semifinalane og finalen)[83]
Malta – Gordon Bonello og Rodney Gauci (TVM, semifinalane og finalen)[84]
Nederland – Jan Smit og Daniël Dekker (Nederland 1)[85]
Noreg – Olav Viksmo Slettan (NRK1)[86], Ronny Brede Aase, Silje Reiten Nordnes og Yngve Hustad Reite (NRK3, finalen)[87]
Portugal – Sílvia Alberto (RTP1)[88]
Russland – Yana Churikova (Channel One)[89]
San Marino – Lia Fiorio og Gigi Restivo (SMRTV, semifinalane og finalen)[90]
Serbia – Duška Vučinić (RTS 1, semifinale 1); Dragoljub Ilić (RTS 1, semifinale 2)[91]
Slovenia – Andrej Hofer (RTV SLO2, semifinalane; RTV SLO1, finalen)[92]
Spania – José María Íñigo (La 2, semifinale 2; La 1/TVE HD, finalen)[93]
Sverige – Josefine Sundström (SVT1)[94], Carolina Norén and Björn Kjellman (SR P4)[95],
Sveits – Tysk: Sven Epiney (SRF zwei, semifinalane; SRF 1, finalen),[96]italiensk: Alessandro Bertoglio (RSI La 2, semifinale 2; RSI La 1, finalen)[97]fransk: Jean-Marc Richard og Nicolas Tanner (RTS Deux, semifinale 2 og finalen)[98]
Tyrkia – TBA (TRT, finalen)[99]
Ukraina – Timur Myroshnychenko (Pershyi Natsionalnyi og Inter, semifinalane og finalen)[100][101]
Storbritannia – Scott Mills og Ana Matronic (BBC Three, semifinalane); Graham Norton (BBC One, finalen); Ken Bruce (BBC Radio 2, finalen)[102]
Fotnotar |
↑ Roxburgh, Gordon. «Dates announced for 2013 Contest». European Broadcasting Union. Eurovision.tv. Henta 19. mai 2012.
↑ Referansefeil: Ugyldig<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnetArmenia
↑ «39 countries to take part in Eurovision 2013» (engelsk). Eurovision.tv. 21. desember 2012. Henta 21. desember 2012.
↑ 4,04,1 «Bosna i Hercegovina odustala od učešća na Eurosongu u Švedskoj». klix magazin (på bosnisk). 14. desember 2012. Henta 14. desember 2012.
↑ 5,05,1 Jiandani, Sanjay (22. november 2012). «Portugal will not participate in Eurovision 2013». ESCToday. Henta 7. desember 2012.
↑ 6,06,1 «Víme první: Slovensko nebude na Eurovizi 2013!». EuroContest.cz. 4. desember 2012. Henta 7. desember 2012.
↑ 7,07,1 Jiandani, Sanjay (14. desember 2012). «Turkey will not go to Eurovision in Malmö» (på engelsk). ESCToday. Henta 14. desember 2012.
↑ Andreas Brenner (17. mai 2013). «Speculation mounts on who will win Eurovision» (engelsk). DW.de. Henta 24. mai 2013.
↑ Necmi Incegül. «Statistik om Malmö - Malmö stad». Malmo.se (på svensk). Henta 23. oktober 2012.
↑ «Tätorternas landareal, folkmängd och invånare per km2 2005 och 2010». Statistics Sweden (på svensk). 14 December 2011. Arkivert frå originalen den 10. januar 2012. Henta 23. oktober 2012.
↑ «SVT redan förberedda på schlager-EM 2013». Expressen (på svensk). Henta 24. oktober 2012.
↑ «Inget schlager-EM i Göteborg». Sydsvenskan (på svenskSwedish). 20. juni 2012. Henta 20. juni 2012. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ Gustavsson, Rikard (28. mai 2012). «The bidding has started!». ESCToday.com (på engelsk). Henta 28. mai 2012.
↑ 14,014,1 Dahlander, Gustav (8. juli 2012). «Eurovision Song Contest 2013 hålls i Malmö - Melodifestivalen». Sveriges Television (SVT) (på svensk). Henta 24. oktober 2012.
↑ 15,015,1 Dahlander, Gustav (9. juli 2012). «Därför fick Malmö Eurovision - Melodifestivalen». Sveriges Television (SVT) (på svensk). Henta 24. oktober 2012.
↑ «Just one presenter for 2013 Eurovision» (på engelsk). Sveriges Radio. 17. oktober 2012. Henta 16. desember 2012.
↑ «Malmö: Just one presenter in 2013». Den europeiske kringkastingsunionen (på engelsk). Eurovision.tv. 17. oktober 2012. Henta 16. desember 2012.
↑ «Petra Mede will host the Eurovision Song Contest 2013» (engelsk). ESCXtra. 28. januar 2013. Henta 22. mars 2013.
↑ Mirja Bokholm (8. mai 2013). «Eric Saade blir greenroomvärd under Eurovisionfinalen» (svensk). Sveriges Television. Henta 9. mai 2013.
↑ «Happy F&B the agency to create the 2013 look». ESCToday (på engelsk). 31. oktober 2012. Henta 16. desember 2012.
↑ 21,021,1 «Swedish hosts advise fans on tickets and accommodation for Malmö 2013». Den europeiske kringkastingsunionen (på engelsk). Eurovision.tv. 11. juli 2012. Henta 16. desember 2012.
↑ «First tickets released for sale on Monday 26 November». esctoday.com (på engelsk). 21. november 2012. Henta 16. desember 2012.
↑ «TeliaSonera once again Eurovision presenting partner». esctoday.com. Henta 22 November 2012.
↑ «Cosmetics giant again Eurovision Beauty Partner». esctoday.com (på engelsk). Henta 16. desember 2012.
↑ 25,025,1 Siim, Jarmo (7. november 2012). «Running order Malmö 2013 to be determined by producers». Den europeiske kringkastingsunionen (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 16. desember 2012.
↑ Repo, Juha. «Mixed feelings about Eurovision rule change» (på engelsk). EscToday.com. Henta 16. desember 2012.
↑ Jiandani, Sanjay. «Ireland reacts to running order rule» (på engelsk). EscToday.com. Henta 16. desember 2012.
↑ Sanjay, Jiandani. «San Marino reacts to running order rule» (på engelsk). EscToday.com. Henta 16. desember 2012.
↑ Jiandani, Sanjay. «Moldova reacts to running order rule» (på engelsk). EscToday.com. Henta 16. desember 2012.
↑ Floras, Stella. «Greece reacts to new running order rule» (på engelsk). EscToday.com. Henta 16. desember 2012.
↑ «Semi-Final participants drawn on January 17» (engelsk). Eurovision.tv. 3. januar 2013. Henta 18. januar 2013.
↑ Jiandani (18. januar 2013). «Eurovision semi-finals running order to be announced in April» (engelsk). Henta 18. januar 2013. Parameteren|work=
er ikkje støtta av malen. (hjelp)
↑ «Tomorrow: Countries drawn into Semi-Finals in Malmö» (engelsk). Eurovision.tv. 16. januar 2013. Henta 18. januar 2013.
↑ Referansefeil: Ugyldig<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnetrunning order pots
↑ Siim (17. januar 2013). «Draw results: Who's in which Semi-Final?» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 18. januar 2013.
↑ «Many Armenians in Netherlands and Belgium voted for Dorians but their votes weren't counted» (engelsk). MediaMax. 21. mai 2013. Henta 25. mai 2013.
↑ «Победитель "Евровидения-2013" куплен? Журналисты 15min.lt разоблачили в Литве банду, которая скупала голоса» (litauisk). 15min.lt. Henta 25. mai 2013.
↑ «Eurovision 2013 Scandal! This is how Azerbaijan gets its votes.» (engelsk). YouTube. Henta 25. mai 2013.
↑ «Eurovision Voting 2012: Did Azerbaijan Cheat?» (engelsk). The Eurovision Times. Henta 25. mai 2013.
↑ «Eurovision organisers respond to media reports on voting» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 25. mai 2013. Parameteren|date=
er ikkje støtta av malen. Meinte du|dato=
?) (hjelp); Parameteren|accessdate=
er ikkje støtta av malen. Meinte du|vitja=
?) (hjelp)
↑ «Russia: Azerbaijan's Eurovision snub 'outrageous'» (engelsk). BBC News. Henta 26. mai 2013.
↑ «Bombealarmen avblåst ved Eurovision-hotell i Malmö» (norsk). 11. mai 2013. Henta 12. mai 2013. Teksten «utgjevar=Altaposten» er ignorert (hjelp)
↑ «Bombealarmen avblåst ved Eurovision-hotell i Malmö» (norsk). Adressa. 11. mai 2013. Henta 12. mai 2013.
↑ «Bombealarmen avblåst ved Eurovision-hotell i Malmö» (norsk). Fedrelandsvennen. 11. mai 2013. Henta 12. mai 2013.
↑ «Ingen bomb på Caroli» (svensk). Sydsvenskan. 11. mai 2013. Henta 12. mai 2013.
↑ «Polisen i Malmö: Det var ingen bomb» (svensk). Yle. 11. mai 2013. Henta 12. mai 2013.
↑ 47,0047,0147,0247,0347,0447,0547,0647,0747,0847,0947,1047,1147,1247,1347,1447,15 «Eurovision Song Contest 2013» (engelsk). Eurovision.tv. Henta 28. mai 2013.
↑ «Andorra: Will Not Be At The Contest In 2013». eurovoix.com (på engelsk). Henta 30. oktober 2012.
↑ «No Participation of Liechtenstein at Eurovision 2012». Eurovision Times. 29 November 2011. Henta 28 May 2012.
↑ «Luxembourg won't be in Malmo». ESCToday.com (på engelsk). 13. september 2012. Henta 30. oktober 2012.
↑ Jiandani, Sanjay. «Monaco will not be in Eurovision 2013!». EscToday.com (på engelsk). Henta 30. oktober 2012.
↑ Jiandani, Sanjay. «Morocco will not be in Eurovision 2013!». EscToday.com (på engelsk). Henta 30. oktober 2012.
↑ Eurovisiontimes (22. august 2012). «Poland: Decision on Eurovision 2013 in October». Eurovisiontimes.com (på engelsk). Henta 30. oktober 2012.
↑ G, Luke (16. desember 2011). «Poland: TVP withdraws from Eurovision 2012». ESCDaily (på engelsk). Henta 30. oktober 2012.
↑ Jiandani, Sanjay (18. september 2012). «Czech Republic won't be in Malmo». ESCDaily.com (på engelsk). Henta 30. oktober 2012.
↑ «Club History» (finsk). OGAE Finland. 5. juni 2012. Henta 9. mai 2013.
↑ «OGAE 2013 Results» (engelsk). OGAE International. Henta 9. mai 2013.
↑ Gohar Abrahamyan (3. mai 2013). «Let’s rock it: Armenia’s Eurovision entry favored for Sweden show» (engelsk). armenianow.com. Henta 11. mai 2013.
↑ Webb, Glen (3 January 2013). «What lies in store for 2013?». European Broadcasting Union. Henta 7 March 2013.
↑ Referansefeil: Ugyldig<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnetAustrian Broadcasting
↑ «Белорусская делегация отправится на конкурс песни "Евровидение-2013" 4 мая». National State Television and Radio Company of the Republic of Belarus (på Russian). 3 May 2013. Henta 7 May 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ «Tom De Kock en André Vermeulen geven commentaar». Eurosong.be. 24 April 2013. Henta 24 April 2013.
↑ SL (5 April 2013). «Maureen Louys à l'Eurovision !». DH.be. Henta 5 April 2013.
↑ http://raspored.hrt.hr/?raspored=1&mreza=3&datum=2013-05-14
↑ «HRT: Eurosong 2013.». HRT. Henta 8 May 2013.
↑ «58ος Διαγωνισμός Τραγουδιού της Eurovision - Πρώτος Ημιτελικός». Cyprus Broadcasting Corporation (på Greek). 9 May 2013. Henta 10 May 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ Grønbech, Jens (18 March 2013). «Kommentator forudser: Emmelie får kamp til stregen». DR (på Danish). Henta 21 March 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ Dremljuga, Martin (23 April 2013). «Eurovisiooniks valmis Birgit Õigemeele pildiga piimašokolaad». publik.delfi.ee (på Estonian). Henta 26 April 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ YLE Euroviisut. «ESC 2013 Ylen kanavilla». YLE. Henta 13 April 2013.
↑ Othman, Hanna (14 February 2013). «Eva och Johan refererar ESC från Malmö». Yle Fem. Henta 14 February 2013.
↑ Barké, Sébastien (9 April 2013). «Eurovision 2013 : Tous en piste sur France 3». Toutelatele (på French). Henta 11 April 2012. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ Jiandani, Sanjay (7 December 2012). «Special Committee to select French entry and representative». ESCToday.com. Henta 1 March 2013.
↑ Sommer, Sascha (30 January 2013). «Peter Urban: Die Stimme». NDR (på German). Henta 21 March 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ «Καπουτζίδης και Κοζάκου θα σχολιάσουν live τις βραδιές της φετινής Eurovision». eurovison.gr (på Greek). 9 April 2013. Henta 9 April 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ Charalampos (3 April 2013). «ΕΛΛΑΔΑ: Η Μαρία Κοζάκου και ο Γιώργος Καπουτζίδης στην ελληνική αναμετάδοση!». OGAE Greece (på Greek). Henta 3 April 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ «Eurovíziós Dalfesztivál 2013 - Döntő - PORT.hu». port.hu (på Hungarian). 9 May 2013. Henta 9 May 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ «Felix tekur við af Hrafnhildi í Eurovision». RÚV.is. 20 March 2013. Henta 21 March 2013.
↑ «Marty's off to Malmo and he fancies our chances». independents.ie. 6 April 2013. Henta 11 April 2013.
↑ «ESC 2013: al timone Rai ancora Federica Gentile e Solibello-Ardemagni». eurofestival.ws (på Italian). 29 March 2013. Henta 29 March 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ «Natascha Lusenti affiancherà Ardemagni-Solibello nel commento all’Eurovision 2013». eurofestival.ws (på Italian). 5 April 2013. Henta 6 April 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ Referansefeil: Ugyldig<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnetLAT voting comment
↑ Navickaitė, Viktorija (26 March 2013). «„Eurovizijos“ vilkai apie menką Andriaus Pojavio savireklamą konkurse: rezultatams tai įtakos nedaro, bet rėmėjams – rūpi» (på Lithuanian). 15 min. Henta 10 May 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ Aleksoska-Nedelkovska, Sonja (9 May 2013). «МТВ ќе емитува секојдневна доза евровизиски содржини» (på Macedonian). Dnevnik. Henta 10 May 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ Calleja Bayliss, Marc (10 May 2013). «Exclusive: Commentators for PBS Coverage Revealed». escflashmalta.com. Henta 11 May 2013.
↑ «Welkom op de site van Eurovision Artists». Eurovisionartists.nl. 29 March 2013. Henta 29 March 2013.
↑ «Eurovision Song Contest 2013 - finale 18.05.2013». tv.nrk.no. 5 May 2013. Henta 5 May 2013.
↑ «P3morgens store Eurovision-fest» (norsk). Norsk rikskringkasting. Henta 14. mai 2013.
↑ Referansefeil: Ugyldig<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnetportugal2
↑ «Яна Чурикова: перед "Евровидением" Дина Гарипова похудела ровно вдвое!». bublik.delfi.ee. 30 April 2013. Henta 7 May 2013.
↑ «SM Tv San Marino: confermati i conduttori per l’Eurovision 2013». eurofestival.ws (på Italian). 28 March 2013. Henta 28 March 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ «Песма Евровизије 2013 - прво полуфинале» (på Serbian). Radio Television of Serbia. 10 May 2013. Henta 10 May 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ «Evrovizijsko obarvan program Televizije Slovenija». rtvslo.si (på Slovenian). 24 April 2013. Henta 27 April 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ Manu Mahía (13 April 2013). «TVE vuelve a confiar en José María Iñigo para comentar Eurovisión 2013». eurovision-spain.com (på Spanish). Henta 14 April 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ Maria Rosén (22 April 2013). «Josefine Sundström kommenterar Eurovision». SVT.se (på Swedish). Henta 22 April 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ = (10 May 2013). «Häng med Norén och Ritterland hela vägen fram till finalen i ESC». sverigesradio.se (på Swedish). Henta 11 May 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ «Eurovision Song Contest 2013 - Internationales Finale aus Malmö/Schweden». srf.ch (på German). 13 April 2013. Henta 13 April 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ «Svizzera: il commento dell’ESC ad Alessandro Bertoglio (RSI). L’intervista.». Eurofestival News (på Italian). 18 April 2013. Henta 22 April 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ «SRF TV-Programm, Eurosong 2013». srf.ch (på German). 8 May 2013. Henta 8 May 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ «Canlı yayında olursa TRT bunu yapacak» (på Turkish). 9 May 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ Krohmal, Aleksandra (25 April 2013). «ТИМУР МИРОШНИЧЕНКО: У ЗЛАТЫ ЕСТЬ ВСЕ, ЧТОБЫ ВЛЮБИТЬ В СЕБЯ ЗА ТРИ МИНУТЫ». Obozrevatel (på Russian). Henta 10 May 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ «"Евровидение–2013" – исторический шанс для Украины в эфире двух общенациональных каналов». National Television Company of Ukraine (på Ukrainian). 26 April 2013. Henta 10 May 2013. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ Noone, Alex (7 March 2013). «United Kingdom: Ana Matronic to commentate». esctoday.com. Henta 7 March 2013.
Bakgrunnsstoff |
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Eurovision Song Contest 2013 frå Engelsk Wikipedia .
eurovision.tv: Dates announced for 2013 Contest (engelsk)
svt.se: Finalen av Melodifestivalen 2013 i Friends Arena (svensk)
eurocontest.cz: Maďarské národní kolo zakončil úspěch u diváků (ungarsk)
TROS blijft zich inzetten voor songfestival (nederlandsk)
escxtra.com: Six countries already confirm for 2013 (engelsk)- svt.se: Eurovision 2013 hålls på Malmö Arena
Eurovision Song Contest 2013 | |
---|---|
Semifinale 1 |
|
Semifinale 2 | |
Finalen | |
Relaterte artiklar | |
Sjå òg malane for land, deltakarar, songar og låtskrivarar. |
Land i Eurovision Song Contest 2013 | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Semifinale 1 |
| |||||
Semifinale 2 |
| |||||
Finalen |
|
Deltakarar i Eurovision Song Contest 2013 | |
---|---|
Semifinale 1 | Natália Kelly (AUT) · Birgit (EST) · Hannah (SVN) · Marko Škugor, Ante Galić, Nikša Antica, Leon Bataljaku, Ivica Vlaić og Bojan Kavedžija alias Klapa s Mora (HRV) · Emmelie de Forest (DNK) · Dina Garipova (RUS) · Zlata Ognevitsj (UKR) · Anouk (NLD) · Who See (MNE) · Andrius Pojavis (LTU) · Alena Lanskaja (BLR) · Aliona Moon (MDA) · Ryan Dolan (IRL) · Déspina Olymbíou (CYP) · Roberto Bellarosa (BEL) · Moje 3 (SRB) |
Semifinale 2 | PeR (LVA) · Valentina Monetta (SMR) · Esma & Lozano (FYROM) · Fərid Məmmədov (AZE) · Krista Siegfrids (FIN) · Gianluca (MLT) · Elitsa Todorova & Stoyan Yankoulov (BGR) · Eythor Ingi (ISL) · Ilías Kozás, Aléxis Arkhontís, Stélios Siómos, Dimítris Khristónis, Khrístos Kalaintzópoulos og Tasoúlis Valkánis alias Koza Mostra feat. Agáthonas Iakovídis (GRC) · Moran Mazor (ISR) · Gor Sujyan, Gagik Khodavirdi, Arman Pahlevanyan, Edgar Sahakyan og Arman Jalalyan alias Dorians (ARM) · ByeAlex (HUN) · Margaret Berger (NOR) · Adrian Lulgjuraj & Bledar Sejko (ALB) · Sopho Gelovani & Nodiko Tatishvili (GEO) · Sarah Breiter, Jonas Gygax, Katharina Hauri, Christoph Jakob, Emil Ramsauer og Michel Sterckx alias Takasa (CHE) · Cezar (ROU) |
Finalen | Amandine Bourgeois (FRA) · Andrius Pojavis (LTU) · Aliona Moon (MDA) · Krista Siegfrids (FIN) · Raquel del Rosario, David Feito og Juan Luis Suárez alias ESDM (ESP) · Roberto Bellarosa (BEL) · Birgit (EST) · Alena Lanskaja (BLR) · Gianluca (MLT) · Dina Garipova (RUS) · Natalie Horler, DJ Manian og Yann Peifer alias Cascada (DEU) · Gor Sujyan, Gagik Khodavirdi, Arman Pahlevanyan, Edgar Sahakyan og Arman Jalalyan alias Dorians (ARM) · Anouk (NLD) · Cezar (ROU) · Bonnie Tyler (GBR) · Robin Stjernberg (SWE) · ByeAlex (HUN) · Emmelie de Forest (DNK) · Eythor Ingi (ISL) · Fərid Məmmədov (AZE) · Ilías Kozás, Aléxis Arkhontís, Stélios Siómos, Dimítris Khristónis, Khrístos Kalaintzópoulos og Tasoúlis Valkánis alias Koza Mostra feat. Agáthonas Iakovídis (GRC) · Zlata Ognevitsj (UKR) · Marco Mengoni (ITA) · Margaret Berger (NOR) · Sopho Gelovani & Nodiko Tatishvili (GEO) · Ryan Dolan (IRL) |
Eurovision Song Contest | |
---|---|
| |
Tevlingar | |
Jubileum | |
Relaterte artiklar |
|