Statens hus i Kviteseid, som huser kommuneadministrasjon og domstol
Land
Noreg
Fylke
Telemark
Kommune
Kviteseid
Areal
1,31 km²
Folketal
780 (2017)
Folketettleik
595 / km²
Postnummer
3850 KVITESEID
Innbyggjarnamn
kvitseiding
Preposisjon
i Kviteseid
Wikimedia Commons: Kviteseidbyen
Kviteseid, også kalla Kviteseidbyen, er ein tettstad og administrasjonssenteret i Kviteseid kommune i Telemark fylke. Somme av dei regionale funksjonane i Vest-Telemark er plassert i Kviteseid, for eksempel Vest-Telemark tingrett.
Innhaldsliste
1Historie
2Folketalsutvikling
3Sjå òg
4Kjelder
Historie |
I 1723 flytta sorenskrivaren i Vest-Telemark frå Lårdal til Kviteseid, og den dag i dag er her tingstad.
I 1871 blei Kviteseid bryggje (før kalla Kyrkjebøbryggja) utbygd for dampskipstrafikken som hadde starta på Vestvatna i 1852. Brygga vart ytterlegare utvida i 1894 og 1912.
I 1892 vart Bandak-Norsjøkanalen opna og trafikken. Det blei starten for eit snøgt oppveksande byliknande lite samfunn, som på folkemunne blei kalla Hyttebyen fordi husa var små og tettliggande.
I 1911 brann heile byen ned. Før han blei gjenreist blei staden regulert med breie gater, slik att husa ikkje skulle stå så tett som tidlegare, og dermed minke brannfaren.
Folketalsutvikling |
Kviteseidbyen i 1921
Folketalsutvikling i Kviteseid
År
Innbyggjarar
1890
124
1900
140
1910
116
1920
132
1930
169
1946
196
1950
139
1960
160
1970
339
1980
930
1990
786
2000
646
2009
696
2012
689
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar
Sjå òg |
Tettstader i Telemark
Kjelder |
Kviteseid – tettsted SNL. Vitja 21. juli 2010
Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...