Portugisisk
























































Portugisisk
(Português)

Klassifisering:

Indoeuropeisk
 italiske språk
  romanske språk
   iberoromanske språk

Talarar:

portugisarar

Bruk

Tala i:
Der det har offisiell status, og i tillegg Andorra, Canada, Ekvatorial-Guinea, Frankrike, Luxembourg, Namibia, Paraguay, Sør-Afrika, Uruguay, USA, Venezuela og andre land.

Portugisisktalande i alt:
202 til 209 millionar

Rangering:
13

Skriftsystem:

Latinsk
Offisiell status


Offisielt språk i:

Angola, Brasil, Guinea-Bissau, Kapp Verde, Macao, Mosambik, Portugal, São Tomé og Príncipe og Aust-Timor

Normert av:

Det internasjonale portugisiske språkinstitutt, under CPLP

Språkkodar

ISO 639-1:
pt

ISO 639-2:
por

ISO 639-3:
por

Wikipedia på portugisisk

Portugisisk er eit språk som blir snakka i Portugal, Brasil og i dei tidlegare portugisiske koloniane i Afrika, spesielt i Kapp Verde, Angola og Mosambik. Meir enn 200 millionar menneske har portugisisk som morsmål.


Språket er ein del av den romanske språkklassa. Galisisk, som blir snakka i Galicia nord for Portugal, er nært i slekt med portugisisk, og i språkvitskapen blir dei to gjerne rekna som eitt språk.[1] Politisk er dei likevel to språk på det viset at dei har kvar si rettskriving og oftast blir nemnd med kvart sitt namn.


Portugisisk liknar så mykje på spansk (kastiljansk) at morsmålstalarar finn det enkelt å lære å forstå kvarandre. Det har mykje av ordforrådet til felles med dei andre romanske språka. Som dei fleste av dei, har språket to grammatiske kjønn og ei rik verbbøying. Det har faktisk former som ikkje finst eller er sjeldne sjølv i nærskylde språk, mellom anna ein infinitiv som kan bøyast i person og tal.




Innhaldsliste






  • 1 Utbreiing


  • 2 Alfabetet


  • 3 Grammatikk


    • 3.1 Ordstilling


    • 3.2 Pronomen


      • 3.2.1 Personlege pronomen og tiltaleformer


      • 3.2.2 Påpeikande pronomen


      • 3.2.3 Eigedomspronomen




    • 3.3 Substantiv


      • 3.3.1 Tal


        • 3.3.1.1 Former


        • 3.3.1.2 Bruk




      • 3.3.2 Kjønn






  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Notar





Utbreiing |


Portugisisk er morsmålet til det store fleirtalet av innbyggjarane i Portugal og Brasil. Det er også morsmål eller andrespråk for mange andre i dei tidlegare portugisiske koloniane og tilstøytande område. Stor portugisisk utvandring til andre land frå 1900-talet gjer at det bur mange portugisisktalande m.a. i Nord-Amerika, Venezuela, Sør-Afrika og Frankrike.


Alle tala i tabellen under er tilnærmingar. Ekvatorial-Guinea skal vere i ferd med å gjere Portugisisk til offisielt språk og søkje om fullt medlemskap i Samveldet av portugisisktalande land (CPLP).[2]


* = offisielt språk     CPLP = medlem i CPLP      OBS = observatør i CPLP









































































































































































































Land
Folketal[3]
Portugisisk som morsmål[4]
Kommentar
Brasil *CPLP
190.000.000[5]
186.000.000
Om lag 98 % av heile folketalet er i tråd med utbreiinga av dei enkelte språka i landet hjå Ethnologue.com[4]
Portugal *CPLP
10.600.000[6]
10.000.000

Kapp Verde *CPLP
500.000[7]
15.000
Dei fleste snakkar eit portugisisk-basert kreolspråk.
São Tomé og Príncipe *CPLP
157.000[8]
2500
Dei fleste snakkar portugisisk-baserte kreolspråk.
Guinea-Bissau*CPLP
1.500.000
-
Afrikanske språk og portugisisk-basert kreol.
Angola *CPLP
12.500.000
57.000
Overslag frå 1993. Det blir hevda at talet no er mykje større.[9]
Mosambik*CPLP
21.300.000
1.800.000[3]
30.000[4]
Andrespråk for 5 700 000[3]
Aust-Timor *CPLP
800.000-
1.100.000[3]


Macau *
545.000
2000

Ekvatorial-Guinea (*)OBS
600 000[3] -
1.000.000[10]
-
2 500 (1999)[4] av annobonfolket(1,6 % av folketalet)[10] snakkar eit portugisisk-basert kreolspråk. Dei nyttar portugisisk som kyrkjespråk.[4]
Senegal OBS
12.850.000
-
45 000 snakkar eit portugisisk-basert kreolspråk
Mauritius OBS

-

Andorra
82.000
9000[3]

Antigua og Barbuda
84.500
1600

Belgia
10.400.000
80.000

Canada
33.000.000
220.000

Congo
3.900.000
600

Frankrike
62.000.000
750.000
567 000 Portugisiskfødde i 2005[11]
India
1.150.000.000
250.000
Mindre brukt av nye generasjonar.
Jamaica
2.800.000
5000

Luxembourg
486.000
100.000
76 600 portugisarar i 2008[12]
Malawi
13.900.000
9000

Namibia
2.000.000
?[4][13]
Både Ethnologue.com og nettsidene til den namibiske regjeringa melder at portugisisk blir nytta, men oppgjev ikkje noko tal.
Paraguay
6.800.000
630.000

Saint Vincent og Grenadinane
120.000
200

Sør-Afrika
48.800.000
600.000

Spania
46.000.000[14]
?
125 000 portugisiske og 115 000 brasilianske statsborgarar[14]
Storbitannia
61.000.000
17.000

Sveits
7.500.000
86.000

Uruguay
3.500.000
28.000

USA
303.000.000
1.300.000
630.000 brasiliansk og portugisisk-ætta som er meir enn 5 år gamle snakkar ikkje (berre) engelsk heime.[15]
Venezuela
26.000.000
?
Denne nettstaden[16] skreiv (2004?) at det portugisiske konsulatet meinte det var 550 000 portugisiskætta personar i landet.


Alfabetet |


Det portugisiske alfabetet har 23 bokstavar.





















































A B C D E F G H I J L M N O P Q R S T U V X
Z
a b c d e f g h i j l m n o p q r s t u v x z

I tillegg blir K(k), W(w) og Y(y) nytta i internasjonale forkortingar og symbol, og til å skrive utanlandske namn og avleiingar av desse. Dei finst på datatastatura og blir plassert som på norsk i alfabetiske lister. Når Rettskrivingstraktaten av 1990 trer i kraft, skal dei offisielt bli delar av alfabetet.

Diakritiske teikn blir nytta og er obligatoriske. Dei kan gje desse kombinasjonane:
á, à, â, ã, é, ê, í, ó, ô, õ, ú, ü, ç
ü skal falle bort med den nye rettskrivinga.





Grammatikk |



Ordstilling |


Den grunnleggjande ordstillinga er SVO (subjekt – verbal - objekt). Dette gjeld sjølv i spørsmål.


Ele gostou do filme. Han likte filmen.
Ele gostou do filme? Likte han filmen? Det er tonefallet og spørsmålsteiknet som viser at det er eit spørsmål.
Ele não gostou do filme. Han likte ikkje filmen.


Fleire ting kan likevel endre ordstillinga. Objektspronomen kjem før verbet ved nekting. Spørjepronomen og relative pronomen kjem først i setninga.


Quantos tens? Kor mange har du? (OV)
O homem que(O) vi(V) ... Mannen (som) eg såg ...


Lange setningsledd kan komme til slutt og ny informasjon kan bli plassert etter verbet. Objektet kan au stå først for å bli framheva. Slik er OSV, OVS, VOS, og VSO alle moglege.



Pronomen |



Personlege pronomen og tiltaleformer |


Dei personlege pronomena skil mellom subjekt og objekt, og i tredje person mellom hankjønn og hokjønn (også i fleirtal) og mellom direkte og indirekte objekt. Subjektet er ikkje alltid naudsynt i setninga sidan verba blir bøygd i person og tal.












































































































Subjekt

Objekt og komplement til preposisjon



Utan preposisjon

Med preposisjon

Med preposisjonen com



Direkte

Indirekte



Person

m

f

m

f


m

f

Eintal

1.

eu

me

mim

comigo

2.

tu

te

ti

contigo

Tiltaleform

você

o

a

lhe

si/você

consigo / com você

3.

ele

ela

o

a

lhe

ele

ela

com ele

com ela
Fleirtal

1.

nós

nos

nós

connosco

2.

vós

vos

vós

convosco

Tiltaleform

vocês

os/vos

as/vos

lhes/vos

vocês

convosco / com vocês

3.

eles

elas

os

as

lhes

eles

elas

com eles

com elas

Desse pronomena ser av og til annleis ut fordi somme av dei dannar samantrekningar med visse preposisjonar, med verb som står føre dei, eller med kvarandre. Tredje person fleirtal (me/vi) kan heite a gente i uhøgtideleg tale. Det tek verbet i 3. pers. eintal. Ein kan høyre 1. pers. fleirtal men dette blir rekna som ein grammatikkfeil. Brasilianarar nyttar ofte ele(s)/ela(s) (uformelt) og você som objekt, og dessutan te, sjølv om dei ikkje seier tu.[17]


Objektsformene i første og andre person fungerer som refleksivt og resiprokt pronomen. I tredje person gjeld desse formene:
























Subjekt

Refleksive /resiproke pronomen

Person


Utan preposisjon

Med preposisjon


Samantrekning med com

3.

você(s) / ele(s) / ela(s)

se

si

consigo

Den gamle subjektsforma i 2. pers. fleirtal (vós) finst i vanleg bruk berre nokre stader i Portugal[18], men blir nytta ved spesielle høve, særleg gudstenester. Eintalsforma (tu) er utdøydd i størstedelen av Brasil.[19] I Portugal blir tu først og fremst nytta når ein snakkar til barn eller nære venner, særleg barndomsvenner. Sjølv mellom familiemedlemmer er det ikkje alltid ein sjølvsagt ting å bruke tu. I tillegg til og i staden for tu og vós finst tiltaleformer som você, vocês og fleire andre som fungerer som fullverdige personlege pronomen.[20] Blant dei som kan vere meir «høflege» enn você, er o senhor (herren), a senhora (frua), akademiske titlar og namnet på den ein snakkar til. Alle desse tek verbet i tredje person. Tilsvarande objekt og eigedomsord kjem ofte frå tredje person, men ikkje alltid. Ei setning med verbet i tredje person utan uttrykt subjekt er au mogleg:


Como está (você)? Korleis står det til? Bokstaveleg: Korleis er du/De?


Objekt utan preposisjon kjem i utgangspunktet etter verbet i Portugal.


Ofereci-lhes um livro. Eg gav dei ei bok.
Eu amo-te. Eg elskar deg.
Eu te amo. Eg elskar deg. Vanlegare i Brasil. Você(s) og ele(s)/ela(s) som objekt kjem likevel etter verbet.


Men ofte, m.a. i nektingar, kjem dei før verbet.


as comprou. Han har («allereie») kjøpt dei.
Não se amam? Elskar dei ikkje kvarandre?



Påpeikande pronomen |


Når det er snakk om stad, skil påpeikande pronomen og determinantar mellom det som er nært talaren (isto), det som er nært lydaren (isso), og det som er lenger unna begge (aquilo). Stadadverba har eit tilsvarande skilje.










































Eintal

Fleirtal
Ubøygd
Adverb
m
f
m
f



este

esta

estes

estas

isto

aqui

esse

essa

esses

essas

isso



aquele

aquela

aqueles

aquelas

aquilo

ali, lá

Mellom dei andre påpeikande pronomena finst o/a/os/as som i form er likt bunden artikkel eller enkelte former av personleg pronomen.


Faz o que te mando! Gjer det eg gjev deg ordre om!



Eigedomspronomen |


Eigedomspronomenet bli bøygd i kjønn og tal. Tredje person kan vere fleirtydig.


É seu. Den er hans/hennar/din/Dykkar/deira. (Pronomenet står for eit hankjønnsord.)
É sua. Betyr det same, men handlar om ein ting som er hokjønn på portugisisk.


Ein kan au setje preposisjonen de saman med eit personleg pronomen:


dele = hans, dela = hennar, deles/delas = deira, de você / do senhor / da senhora= din/Dykkar



Substantiv |


Substantiva kan variere i tal, kjønn og grad[21], sjølv om berre kontrasten i tal vert kalla bøying i den nye terminologien for det portugisiske skuleverket.[22]



Tal |


Det blir skilt mellom eintal og fleirtal.



Former |

Fleirtal får ein stort sett ved å leggje -s til ei eintalsform som endar på vokal, og -es når ho endar på ein konsonant.


mãe – mães mor - mødre


lobo – lobos ulv - ulvar


noueguês – noruegueses nordmann - nordmenn


Somme ord med trykksterk - o - går over frå lukka (omtrent som lang norsk å-lyd) til meir open lyd i fleirtal. Dette visest ikkje i skrift. Det gjeld den første o-en i ovo:


ovo – ovos egg – egg


Substantiv som sluttar på -ão kan vere uregelrette


irmão – irmãos bror - brør


balão – balões ballong - ballongar


cão – cães hund – hundar


Når ordet sluttar på -l, blir han oftast borte i fleirtal.


animal – animais dyr – dyr(fl.)


Det finst ord utan fleirtalsending.


lápis – lápis blyant – blyantar


Samansette substantiv med bindestrek kan vere spesielle.


obra-prima - obras-primas meisterverk


guarda-chuva - guarda-chuvas paraply – paraplyar


pára-quedas - pára-quedas


= paraquedas - paraquedas (i den nye rettskrivinga) fallskjerm – fallskjermar


navio-escola - navios-escola skuleskip



Bruk |

I utgangspunktet nyttar ein fleirtal der det er snakk om fleire enn ein. Det finst substantiv som alltid står i fleirtal.


óculos briller


Kollektive namn viser til fleire individ når dei står i eintal.


alcateia ulveflokk


Somme substaniv er uteljelege og får ei anna tyding dersom dei opptrer i fleirtal.


farinha mjøl


água - águas vatn - hav/urin/fostervatn



Kjønn |


Substantiv er av enten hankjønn eller hokjønn. Kjønnet avgjer forma på andre ord som står til substantivet eller erstattar det i dei tilfella der desse orda har to former. Dette gjeld determinantar, kvantifikatorar, adjektiv og pronomen.


Kjønnet er i utgangspunktet vilkårleg, men det finst reglar som kan hjelpe i mange tilfelle. Om ord sluttar på trykksvak o er dei ofte av hankjønn, og hokjønn om dei sluttar på trykksvak a, men det finst mange unntak. I desse eksepla er o og a den bundne artikkelen.


Namn på sjøar, hav, fjell, elvar og vindar der desse orda er underforstått er hankjønnsord:


o (rio) Tamisa(elva) Themsen


Namn på byar og øyar i same situasjon er hokjønnsord:


a Sicília


Men somme bynamn er av hankjønn:


o Porto


Når det gjeld levande skapingar følgjer det grammatiske kjønnet gjerne det naturlege:


o homem mannen


a mulher kvinna


o padre presten, i slekt med ordet «far»


men:


o cônjuge ektefellen, a pessoa personen, og fleire har same grammatiske kjønn same kva person dei viser til. Slik er det au med somme dyr.


Somme substantiv kan opptre i begge kjønna, eller det finst eitt ord av kvart kjønn som ofte kjem av same rota. Då lyt ein rette seg etter kjønnet til det eller dei individa ein snakkar om, medan det eine ordet i tillegg kan vise til individ av begge eller ukjent kjønn.


o pai faren


os pais fedrene eller foreldra


a mãe mora


as mães mødrene


På same viset:


o aluno eleven


a aluna eleven, når me veit det er ei kvinne/jente


o jornalista journalisten


a jornalista den kvinnelege journalisten


o juiz dommaren


a juíza den kvinnelege dommaren, men:


o juízo fornufta, vurderinga


Eit spesielt tilfelle er dette:


a avó bestemora


as avós bestemødrene


o avô bestefaren


os avôs bestefedrene


os avós besteforeldra


Det kan dessutan vere ein liten skilnad i tydinga mellom to substantiv som ser ut til å danne par:


a guia (den kvinnelege) guiden


o guia guiden, men dessutan pakksetelen, handboka m.m.






Wikipedia-logo-v2.svg Wikipedia på portugisisk



Bakgrunnsstoff |



  • Manuela Cook , Portuguese, Teach Yourself Books. Hodder and Stoughton ISBN 0-340-4123-3

  • Azeredo, Pinto, Lopes, Gramática Prática de Português, Lisboa Editores ISBN 972-680-677-1

  • Celso Cunha, Lindley Cintra, Nova Gramática do Portugues Contemporâneo, Edições João Sá da Costa, Lda, Lisboa 1984/1991 ISBN 972-9230-28-5

  • Pilar Vázquez Cuesta, Maria Albertina Mendes da Luz, Gramática da Língua Portuguesa, Edições 70

  • Joaquim Cracel Viana et al., Terminologia linguística para os ensinos básico e secundário: alterações, destaques, propostas, ("TLEBS"), Ministério da Educação, 2006 ISBN 972-742-238-1

  • José Aurélio Rodrigues, Portugisisk-Norsk Ordbok, Folium Forlag, 1999 ISBN 82-7995-003-6

  • Portugisisk Grammatik (dansk side)

  • Portugisisk-dansk maskinomsetjing, nettordbok, tekstsamling og analysator


  • português_ásia Promoting and restoring the use of the Portuguese language in Asia (portugisk side)



Notar |





  1. Til dømes Lindley Cintra, Nova proposta de classificão dos dialectos galego-portugueses in Boletim de Filologia, Lisboa, Centro de Estudos Filológicos,
    22, 1971, pp. 81-116.pdf



  2. [1]


  3. 3,03,13,23,33,43,5 CIA World Factbook, 2008


  4. 4,04,14,24,34,44,5 Gordon, Raymond G., Jr. (ed.), 2005. Ethnologue: Languages of the World, Fifteenth edition. Dallas, Tex.: SIL International. Online version: [2]. Somme tal kan vere frå 1990-talet.


  5. Instituto Brasileiro de Geografia e Estatística


  6. Instituto Nacional de Estatística (Portugal)


  7. Instituto Nacional de Estatística (Cabo Verde)


  8. Instituto Nacional de Estatística (São Tomé e Príncipe)


  9. L'aménagement linguistique dans le monde


  10. 10,010,1 Offisielle tal


  11. Institut National de la statistique et des etudes économiques


  12. Statec


  13. About namibia


  14. 14,014,1 2008, Instituto Nacional de Estadística (Spania)


  15. U.S. Census Bureau


  16. [3]


  17. Cook, side 118


  18. Cuesta s 487-8


  19. Cuesta s 488, Cook s 43


  20. Cunha, Cintra side 292


  21. Cunha, Cintra


  22. TLEBS




Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.













Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva