Gardsnummer
Gardsnummer er eit nummer gitt ei geografisk eining i ein kommune.
Nummeret er som regel i bruk saman med eit eller fleire bruksnummer for å gi ein eigedom, driftseining eller bustad ein unik nøkkel i det offentlege registeret over grunneigedommar, også kjent som matrikkelen. Eininga som gardsnummeret høyrer til, tilsvarar som oftast ein grunnkrins.
Historisk sett vart dei fleste gardsnummera som er gjeldande i dag oppretta gjennom matrikkelen 1886. Sjølve garden eller området vert av og til kalla ein matrikkelgard.
Bakgrunnsstoff |
- Litt om gardsnummer