Lac
Lac (District du Lac) | |
distrikt | |
Land | Sveits |
---|---|
Kanton | kantonen Fribourg |
Hovudstad | Murten |
Areal | 142,1 km² |
Folketal | 32 911 (2010) |
Kommunar | 26 |
Lac (fransk, tysk See) er eitt av sju distrikt i kantonen Fribourg i Sveits. Distriktet har eit areal på 142,1 km² og hadde 39 211 innbyggarar i 2010. Lac ligg lengst nord i kantonen og grensar både i nord og i aust mot kantonen Bern.
Lac omfattar 26 kommunar. Hovudstaden Murten er den einaste kommunen med meir enn 5 000 innbyggarar. Andre kommunar i distriktet er Barberêche, Bas-Vully, Büchslen, Courgevaux, Courlevon, Courtepin, Cressier, Fräschels, Galmiz, Gempenach, Greng, Gurmels, Haut-Vully, Jeuss, Kerzers, Kleinbösingen, Lurtigen, Meyriez, Misery-Courtion, Muntelier, Ried bei Kerzers, Salvenach, Ulmiz, Villarepos og Wallenried.
Både tysk og fransk er offisielle språk i distriktet.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «See District, Fribourg» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2012.
|