Vestre gravlund






Kapellet på Vestre gravlund




Vestre gravlund




Vestre gravlund




Graver på Vestre gravlund.




Minnesteinar reist av Det britiske samveldet over 102 som fall i kampar i Noreg under andre verdskrigen.




Grav for Hauk Aabel og Per Aabel




Grav for justisminister Fredrik Stang d.y.




Grav for riksadvokat Lauritz Dorenfeldt




Grav for Kåre Valebrokk




Grav for statsminister Otto Bahr Halvorsen




Grav for Oslo-ordførar Albert Nordengen




Grav for Johan Ankar og forfattaren Nini Roll Ankar




Grav for statsminister Trygve Bratteli


Vestre gravlund i Sørkedalsveien 66, nord for Frognerparken i Oslo, er den største gravlunden i Noreg, med eit areal på 243 dekar. Gravlunden vart innvigd 30. september 1902, etter at kommunen i 1887 hadde kjøpt 78 dekar av eigedomen Volvat under Store Frøen, eigedomen Møllerløkken under Tuengen på 74 dekar, og eigedomen Særtrangs løkke under Store Borgen på 57 dekar, for med det å skaffe grunn til ein gravplass for vestkanten i Oslo. Seinare har gravlunden vorte utvida fleire gongar, særleg i 1920- og 1930-åra, sist i 1980.


Kyrkjelydar som er knytt til Vestre gravlund er Bygdøy, Domkyrkja, Fagerborg, Frogner, Gamle Aker, Majorstua, Markus m/Lovisenberg, Skøyen, Trefoldighet og Uranienborg.




Innhaldsliste






  • 1 Bygningar


  • 2 Krigsminnesmerke


  • 3 Personar gravlagte på Vestre gravlund


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Bygningar |


Gravkapellet av granitt og kleberstein stod ferdig i 1902, teikna av arkitekt Alfred Christian Dahl. I det nordvestre hjørnet av gravlunden ligg Vestre krematorium, bygd i 1909 for Norsk Likbrændingsforening, og overteke av Oslo kommune i 1940. Det var i drift som krematorium fram til 2009. Opphavleg var namnet berre Krematoriet, endra til Gamle krematorium i 1930 og til Vestre krematorium i 1960. Det var stor motstand frå prestar, biskopen og stiftsdireksjonen i Kristiania (dåverande namn på Oslo) mot at det vart bygd eit krematorium på ein innvigd gravlund. Men striden endte med at Norsk Likbrændingsforening fekk løyve (med eit kommunalt bidrag) til å byggje krematoriet på eit eige areal attmed Sørkedalsveien, på vilkår av at det vart sett opp ei innhegning mellom krematorietomta og gravlunden.


Ettersom talet på kremasjonar auka med tida, vart det i 1930 bygd ein ny bygning attmed den gamle, slik at Vestre krematorium fekk Gamle kapell og Nye kapell. Arkitekt for båe bygningane var Oscar Torp. Gamle kapell er ein sirkulær bygning i jugendstil, med karakteristisk skorstein, og med ein monumetal trapp framfor hovudinngangen mot gravlunden. Det vart dekorert innvendig i 1923 med freskomåleri av Emanuel Vigeland. Nye kapell er ein firkanta bygning med inngang frå sida som vender mot Sørkedalsveien, og det vart dekorert innvendig i 1937 med freskomåleri av Alf Rolfsen. Dei opphavlege bygningane har vorte utvida både i 1914, 1923 og 1994.



Krigsminnesmerke |


Vestre gravlund har ein internasjonal krigsgravlund kor soldatar som fall i Noreg under andre verdskrigen frå Sovjet, Nederland, Polen, Danmark, Sverige og Noreg er gravlagt. I tillegg har USA, Frankrike, Jugoslavia og Storbritannia reist minnesteiner over sine falne landsmenn.



Personar gravlagte på Vestre gravlund |




  • Gidske Anderson, journalist og forfattar


  • Eyvind Alnæs, komponist


  • Nini Roll Anker, forfattar


  • Lars Backer, arkitekt


  • Marius Cathrinus Backer, høgsterettsdommar


  • Paal Berg, statsråd, høyesterettsjustitarius


  • Carl Berner, stortingspresident


  • André Bjerke, dikter og forfatter


  • Magnus Blikstad, forretningsmann, ordførar i Bærum


  • Trygve Bratteli, statsminister


  • Bård Breivik, bilethoggar og skulptør


  • Alex Brinchmann, barnelege og forfattar


  • Erik Brofoss, politiker og sentralbanksjef


  • Knud Ørn Bryn, ingeniør, grunnleggjar av A/S Hafslund


  • Kristian Birkeland, professor og medgrunnleggjar av Norsk Hydro


  • Andreas Baalsrud, vegdirektør


  • Johan Castberg, sosialpolitiker


  • Harald Damsleth, reklameteiknar og illustratør

  •  Lauritz Dorenfeldt, riksadvokat


  • Samson Eitrem, klassisk filolog


  • Georg Eliassen, arkitekt


  • Thorleif Ellestad, høgsterettsadvokat


  • Catharinus Elling, komponist og musikkinnsamlar

  •  Erling Falk, politikar


  • Peder Farup, kjemikar, farmasøyt og industrimann


  • Harry Fett, riksantikvar


  • Paal Frisvold, generalløytnant


  • Knut Frydenlund, utenriksminister


  • Dag Frøland, revykunstnar


  • Einar Gerhardsen, statsminister


  • Rolf Gerhardsen, politikar og pressemann


  • Claes Gill, lyrikar, skodespelar, teatersjef


  • Ellen Gleditsch, professor


  • Gregers Gram, offiser og motstandsmann


  • Niels Winge Grimnes, arkitekt


  • Pauline Hall, komponist


  • Kjell Hallbing, forfattar


  • Otto Bahr Halvorsen, statsminister


  • Stein Grieg Halvorsen, skodespelar


  • Sverre Hassel, polarfarar


  • Haakon Hauan, industrileiar og statsråd


  • Jens Christian Hauge, forsvarsminister


  • Eivind Heiberg, generaldirektør i NSB


  • Gunnar Heiberg, forfattar og teatermann


  • Wilhelm Hansteen, forsvarssjef


  • Richard Herrmann, kringkastingsmedarbeidar


  • Hieronymus Heyerdahl, ordførar og initiativtakar til bygginga av Oslo rådhus


  • Arnoldus Marius Hille (1829-1919), biskop


  • Henrik Greve Hille, biskop


  • Waldemar Hoff, generaldirektør i NSB


  • Jan Inge Hovig, arkitekt


  • Theodor Haagaas, privatskoleeigar


  • Adolf Indrebø, ordførar i Oslo


  • Carl Ludvig Jacobsen, bilethoggar


  • Gunnar Jahn, politikar og embetsmann


  • Leif Juster, skodespelar og revykunstner


  • Jørgen Juve, fotballspelar og journalist


  • Guthorm Kavli, arkitekt og slottsforvaltar


  • Trond Kirkvaag, fjernsynsmann og komikar


  • Gerhard Knoop, teaterinstruktør, teatersjef


  • Halvard Lange, utenriksminister


  • Bokken Lasson, songar og revykunstnar


  • Michael Nicolai Leegaard, ingeniør, stortingsrepresentant


  • Aase Lionæs, politikar, leiar av Nobelkomiteen


  • Martin Linge, skodespelar og offiser


  • Fredrik Stang Lund, statsråd og ordførar i Christiania


  • Arvid Nilssen, revyskodespelar


  • Henrik Nissen, arkitekt


  • Albert Nordengen, ordførar


  • Arthur Nordlie, Høyre-leiar


  • Anders Nummedal, konservator


  • Andreas Wiel Nygaard, arkitekt


  • Marius Nygaard, rektor og språkforskar


  • Arne Næss, filosof


  • Arne Thomas Olsen, skodespelar og instruktør


  • Ole Tobias Olsen, sokneprest, kjent som Nordlandsbanens far


  • Ørjan Olsen, zoolog og forskingsreisande


  • Arne Ording, historiker


  • Fredrik Orvin, ambassadør


  • Edgar Otto, admiral


  • Kristian Ottosen, motstandsmann, forfattar og leiar for Studentskipnaden i Oslo


  • Augustin Paus, ingeniør og industrileiar


  • Bernhard Paus, industrileiar


  • Nicolay Nissen Paus, grosserar og fabrikkeigar


  • Axel Paulsen, kunstløpar og skeiseløpar (gav namn til Axelhoppet)


  • Olav Paus, grosserar

  •  Ole Paus, generalmajor


  • Thorleif Paus, godseigar, fabrikkeigar og generalkonsul


  • Thorleif Lintrup Paus, ambassadør


  • Sigurd Pauss, industrileiar


  • Magnus Poulsson, arkitekt


  • Frithjof Prydz, høgsterettsdommar


  • Carl Anthon Paaske, bergmeister ved Kongsberg sølvverk


  • Lars Rasmussen, generaldirektør i Norges Statsbaner


  • Georg Richter, skodespelar


  • Barbra Ring, forfattar


  • Kari Robak, biletkunstnar


  • Einar Rose, revykunstnar og songar


  • Otto Ruge, generalløytnant, forsvarssjef


  • Arnold Ræstad, jurist, utanriksminister 1921-22


  • Karl Sanne, statsråd


  • Aksel Sandemose, forfattar


  • Mentz Schulerud, forfattar, teatersjef, kringkastingsmann


  • Aud Schønemann, skodespelar


  • Alexander Seippel, språkprofessor, bibelomsetjar


  • Einar Sem-Jacobsen, offiser og flygar


  • Fredrik Stang d.y., justisminister og Høyre-leiar


  • Asgaut Steinnes, riksarkivar


  • Arvid Storsveen, offiser og motstandsmann


  • Gisle Straume, skodespelar og teatersjef


  • Johan Nicolai Støren, biskop


  • Otto Sverdrup, polarfarar


  • Ole Sverre, arkitekt


  • Ansgar Sørlie, motstandsmann


  • Gunnar Sønsteby, motstandsmann


  • Carsten Tank-Nielsen, offiser


  • Jens Thiis, kunsthistorikar og direktør for Nasjonalgalleriet


  • Karenus Kristofer Thinn, høgsterettsjustitiarius


  • Hans Jacob Ustvedt, lege og kringkastingsmann

  • Kåre Valebrokk


  • Anne-Cath. Vestly, forfattar


  • Johan Vigeland, programsekretær i NRK


  • Ragna Wettergreen, skodespelar


  • Sverre Wilberg, skodespelar


  • Knut Wigert, skodespelar og formann for Riksmålsforbundet


  • Borger With, ordførar og banksjef


  • Knut Getz Wold, sentralbanksjef


  • Bjarne Øen, flygar, offiser og forsvarssjef


  • Hauk Aabel, skodespelar


  • Per Aabel, skodespelar


  • Kristian Birch-Reichenwald Aars, teolog, filosof og psykolog


  • Ivar Aavatsmark, generalmajor og forsvarsminister

  • Lola Karoli og ektemannen Polykarp Karoli (Pål Karlsen), «sigøynardronning» og «sigøynarkonge»



Sjå òg |



  • Artiklar på Wikipedia om personar gravlagt på Vestre gravlund

  • Liste over gravlundar i Oslo



Kjelder |



  • Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 616-617. ISBN 978-82-573-1760-7.   


Bakgrunnsstoff |




  • Vestre gravlund Gravferdetaten.

  • PDF-kart over gravlunden

  • Lokalhistoriewiki

  • Gravsøk i Oslo kommune




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva