Bay of Islands






Bay of Islands.
Koordinatar: 35°12′S 174°10′E






Russell i Bay of Islands.





Kerikeri i Bay of Islands.
Stone Store, St James og Mission House


Bay of Islands er ei havbukt i regionen Northland på Nordøya på New Zealand. Ho ligg 60 km nordvest for Whangarei.


Bay of Islands er eit av dei mest populære reisemåla for sportsfiske og segling i landet, og er også svært attraktivt for generell turisme. Området har vore internasjonalt kjent for sportsfiske sidan den amerikanske forfattaren Zane Grey skreiv om det på 1930-talet.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Historikk


  • 3 Kuriosa


  • 4 Referansar


  • 5 Bakgrunnsstoff





Geografi |


Bukta har eit uregelmessig, 16 km breitt innløp på nordaustkysten til Nordøya. Ho er ei naturleg hamn med fleire armar som strekkjer seg inn i landet; dei største er Waikare Inlet i sør og Kerikeri Inlet og Te Puna Inlet (Mangonui) i nordvest. Den vesle byen Russell ligg i enden av ei kort halvøy som strekkjer seg inn i bukta frå søraust. Fleire øyer ligg nord for denne halvøya, Urupukapuka Island i aust og Moturoa Island i nord er dei største. Halvøya Purerua Peninsula strekkjer seg mot vest i bukta, nord for Te Puna Inlet, og ei anna halvøy, Cape Brett Peninsula, går 10 km ut i Stillehavet ved austenden av bukta.



Historikk |


Den første europearen som kom til området, var kaptein James Cook, som namngav det i 1769. Bay of Islands var det første området på New Zealand som vart busett av europearar. Kvalfangarar kom dit sist på 1700-talet, og dei første misjonærane i 1814. Det første fullbods europeiske barnet som ein har oppteikningar om vart fødd på New Zealand, var Thomas King, som vart fødd i 1815 i Oihi Bay i Bay of Islands. (Der er påstandar om at ei europeisk jente vart fødd tidlegare, i busetnaden Dusky Sound på Sørøya, men desse er ikkje stadfesta.)


Området har mange interessante historiske busetnader, t.d. Paihia, Russell, og Kerikeri. Russell, tidlegare kjend som Kororareka, var den første permanente europeiske busetnaden på New Zealand, og skriv seg frå tidleg på 1800-talet. Kerikeri har mange historiske stader frå den tidlegaste europeiske busetjinga: Mission House, også kalla Kemp House, er den eldste trebygningen i New Zealand, og Stone Store, eit tidlegare varehus, den eldste steinbygningen i landet. Bygginga av den siste starta 19. april 1832.



Kuriosa |


I ei undersøking i 2006, fann ein at Bay of Islands hadde den nest blåaste himmelen i verda, etter Rio de Janeiro.[1]



Referansar |




  1. http://optics.org/articles/news/12/8/2/1



Bakgrunnsstoff |



  • Informasjonssider om Bay of Islands

  • Kart over Bay of Islands

  • New Zealand lokalside

  • Vegkart i Bay of Islands




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bay of Islands





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva